Bambi på isen

Nei, eg har ikkje lagt ned bloggen. Litt lite skriving vert det nok i desse semesterstarttider, men desto meir lesing. Og god lesing fører jo til god skriving, noko ein kvar norskdidaktikar veit. Nedanfor ligg difor heile NRK S&Fj si nettsak om statsrådvitjinga på Bremuseet i Fjærland i dag (per klokka 22.25). Eg bed dykk særleg leggje merke til det meir faglege avsnittet “Nøkkelen til kunnskap” og revolverjournalistikken i det siste, “Ap på tredjeplass”. Og, for å framleis vere herleg frekk norsklærar: Kva kjønn har substantivet ‘hemmeligheiten’? Er det dette som er common gender?

Hier fahren wir:

“Stoltenberg fekk omvising på klimautstillinga til Norsk Bremuseum i Fjærland torsdag ettermiddag.

Med på turen var også statsrådane Kristin Halvorsen og Liv Signe Navarsete.

- Det er ei veldig flott utstilling, som gir ein veldig viktig bodskap. Eg er imponert over korleis dei formidlar komplisert kunnskap på ein enkelt måte, seier Jens Stoltenberg.

- Nøkkelen til kunnskap
Jens Stoltenberg seier at det er på isen at ein først og tydelagst ser klimaendringar.

- Det er også på isen vi kan finne kunnskap, forståing og hemmeligheiten bak klimaendringane. Brear og is er nøkkelen når det gjeld klimaendringar, seier han.

Ap på tredjeplass
I dag la senter for klimastrategi ved Handelshøgskulen BI fram ein klimarapport. Der har dei sett på partia sine klimaløfter frå 2005, kva dei har gjort på Stortinget dei siste fire åra, og kva dei lovar denne gongen.

I vurderinga kjem Arbeidepartiet dårlegast ut av dei tre regjeringspartia.

Jens Stoltenberg seier at han er opptatt av at regjeringa samla sett gjer ein god innsats for klimaet.

- Eg meiner også at Arbeiderpartiet gjennom veldig mange år har vore ein pådrivar i klimaarbeidet.”