Fin fyrste skuledag

 

Her ser du mellomsyster

Eg har ny fyrsteklassing i dag, andre året på rad. Og fyrste skuledagen, kva slår vel han? Korkje julekveld eller syttande mai. Det finst augneblinkar der eg skulle ynskje at eg hadde fleire born, og fyrste skuledagen er ein slik blink. Det vert tomt neste år.

Mellomsyster hadde ny tunika med langerma ulltrøye under (jadda) og streit dongeribukse heilt utan dei hersens broderia. Og rosa blomeklemme i håret, som de ser. Og masser av snus i kjeften.

To nye fyrsteklassingar på Jostedal skule i år. 28 elevar ved skulen. Eg meiner ikkje at skular skal vere heilage kommunale kyr, og i somme tilfelle er 28 elevar for lite for at ein kan forsvare å halde skulen oppe. I vårt tilfelle er det ikkje slik, noko eg tidlegare i år har diskutert med ein anonym lustring på Kjellrun sin blogg

Men at skulen vårt fungerer godt med få elevar, tyder sjølvsagt ikkje at me ikkje vil ha fleire. Difor er me så gilde for at me har fått Mathilde og Aviaya i andreklassen og sjuande. Hjartleg velkomne til bygds både til jentene og til Lilian og Øystein frå Grønland/Jylland/Hemsedal! No vert det vel Sarah Bernhardt og raudvin på tunet i Rabben?

Heldige er dei ( les eg) som får vere på fyrste skuledag sjølv om dei ikkje har fyrsteklassingar :-)

Følgde òg førsteklassing til første skuledag i dag! Stolt som ei høne (!?), og med eit snev av vemod. Siste allerførste skuledag eg føl “one of mine” – tilsynelatande, og det er stas og litt “løge”, ja! 22 elevar i Solvorn i år…, og trenden er ikkje stigande dei første par åra, men eit byggjefelt er på gang, og ting kan og skal snu. Kjenner det på meg :-)

Eg har one to go, då, men det er ikkje før i 2012, og det er det året eg er førti så det bør helst vere lenge til.

(Noko heilt anna: No har eg lagt ut oppskrifta på bloggen min, rypa.)