Vrakgods

Eg er eit fysisk vrak. Ikkje nok med at det har vore sommar, og at ein såleis uunngåeleg går opp fem kilo på grunn av alle desse fjellturane ein skal på med ungane. Tomatsuppe og saft i sekken, og konstant sjokoladegumling for å ikkje keie seg i hel over sniglefarten.

I tillegg har eg vore i bryllaupsfest og forstua foten. Og er dessutan forferdeleg forkjølt. Men det er på ingen måte grisepest. Neidå. Eg kjem framleis til å gå midt i blant dykk, sylta, tjukk og haltande. Trass i at den norske staten har nytta om lag tre milliardar på å informere slike som meg om at eg bør halde meg heime.

god betring !

Lat meg få anbefale den beste kuren mot missmot og forkjøling : Ein sterk kopp kakao med eit stort glas konjakk attåt! Eg har prøvd, og det er i alle fall godt!

At konjakk verkar mot mismot, er det ingen tvil om.

Opp med humøret unge dame, og ver glad så lenge du klarar å halde følgje med ungane.
Den yngste hjå oss er 12 og det er lenge sidan eg klarde å halde tritt med han.

Som min gode kollega sunnmørsberta kommenterte: Det skal jo ikkje så mykje til å ikkje klare å halde tritt med tolvåringen din, då.