Kanskje er eg gamaldags og lite fornybar. Kanskje er synet mitt på vasskraft fossilisert i minna om utbyggingskampane på åttitalet. Men eg slit altså med vasskraftutbygging. Eg slit med at Siv Jensen møter så liten motstand, når ho no i valkampen vert spurd om klimakrisa og gang på gang har svaret: Vasskraft. Mykje meir vasskraft.
Ingen av dei andre partia motseier Frp i dette. Og korleis skal dei no kunne gjere det? Både i klimaordskiftet og i diskusjonar om levande bygder har ordet ’fornybar’ vorte sjølve trumfen, det magiske kortet som med nødvendigheit riv ifrå deg alle andre argument du måtte ha på handa.
Her eg bur, mellom Sognefjorden og Jostedalsbreen, vert no elv etter elv planlagt utbygde og turrlagde. NVE har nyss sagt ja til fem småkraftverk i Fjærlandsfjorden. I heimbygda mi, Jostedalen, vart Jostedøla og eit tjuetals sideelvar på austsida av dalen bygde ut på åttitalet. No ynskjer Statkraft like godt å ta vassdraga i vest òg. Åtte nye elver skal i røyr. I den niande skal ei skrantande restvassføring reduserast endå meir. Jostedalen vil sitje att med ei urørd elv på dei 20 kilometrane med busetnad i bygda.
Bra for naturen? Bra for bygda? Alle veit at fallande vatn gjev rein og fornybar energi. Likevel er det ei tilsniking at ordet fornybar ukritisk vert klistra til vasskraft. Turre elvefar, brungrå tippar, rumlande bekkeinntak og monsterdammar er irreversible – og slett ikkje ’fornybare’ – inngrep. Utbyggingane gjev oss menneske mindre å nyte – færre artar, mindre lyd, mindre landskap, mindre historie. Mindre livskvalitet. Og kanskje òg mindre å leve av, trass i at vasskrafttilhengjarar lenge har prøvt å monopolisere retorikken om vekst og von. Men det er ikkje ei urokkeleg sanning at vasskraft fører til pengar og tilflytting til lokalsamfunn. Bygda mi er eit døme på det. Her lever fleire og fleire av aktivitetsturisme, ein type næringsverksemd som verkeleg har ført til vekst og von i lokalsamfunnet. Og denne næringa står samla i motstanden mot utbyggingsplanane.
Paradoksalt nok lanserer Statkraft planane sine no, samstundes som staten opnar den nye Breheimen nasjonalpark. Elvane som skal byggjast ut, renn altså ned i busetnadsstripa mellom Jostedalsbreen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark. Samstundes som at norske styresmakter definerer naturen her som så unik at han lyt vernast, bed altså Statkraft om løyve til å byggje ut ni vassdrag som ligg hårfint utanfor det særs viktige naturområdet.
Er det frekkheitas nådegåve? Det er å berekne sitt publikum. ”De store vannkraftutbyggingenes tid er forbi”, slo statsminister Stoltenberg fast i 2001. Men no lever me under ein hardare himmel. Når politikarane må framvise handlekraft i klimakrisa, er det aller lettast å peike på dei ubygde vasskraftverka. Ordet fornybar trumfar alt, i ein slik grad at mange truleg synest det er det naturlegaste i verda å opprette ein ny nasjonalpark og byggje ut ni vassdrag i ein og same fjellheim.
Sjølvsagt finst det alternativ. Bioenergi er alt større enn vasskraft i nordisk samanheng. Som alle andre er òg eg for satsing på fornybar energi. Men eg er òg for ei fornying av fornybarretorikken. Og eg er imot å kaste både barn og badevatn.
Og det var laurdagsspalta mi i Nationen, 22. august 2009.
Sjå elles ForUM for utvikling og miljø om det er sant at vasskraft = internasjonal solidaritet.


7 kommentarar
Comments feed for this article
Trackback link
http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=1103
23. August 2009 at 22:45
Pingback from Litt sommar som lir mot haust « kjellrun sin
23. August 2009 at 23:14
kremt..
denne aktivitetsturismen..
kor lett hadde det vore å drive padleturisme på styggevatnet – utan annleggsvegen heilt opp?
kor mykje lenger vekke hadde ikkje vangsen vore utan veg opp til vanndalsvatnet? ikkje like lett å hive skia på biltaket eller joggeskorne på føtene, ta seg ein billigkjøpt topptur, utan veg dit.
og..det er når elva er STOR at raftinga med turistar på jostedalselva må ta pause. Det er ikkje vassMANGEL som er problemet.
Dessutan, kva som er pent og kva som er støy, tja, kven kan seie det for sikkert.
Eit rumlande bekkeinntak, eller ein rumlande foss?
Ein monsterdam eller imponerande demning? det er MANGE turistar kvar dag om sommaren som reiser heilt fram til styggevatnet berre for å skode demningen der – og let seg imponere.
Forsovidt – eit stort industribygg midt inni ein grøn skog, sett frå stien til haugafjellsstølen? (so klart veldig glad for dette bygget, må eg understreke!)
Ei annleggstid er også potensiell sysselsetjing av ungdom i dalen. Det er også ein potensiell sjans for meir tilflytting, det var no folk som flytta hit etter sist utbygging.
So. Alt er no slik ein vel å sjå på det.
24. August 2009 at 07:22
Bjørnar Bjørhusdal
Vi får ta deg punkt for punkt i høve aktivitetsbedriftene:
Allereie for 100 år sidan dreiv ein turisme med båt på Styggevatnet, vegen er ikkje eit must. For Icetroll slik dei driv i dag er vegene eit must. Hadde nokon drive turisme i dag med utgangspunkt Styggevatnet utan vegen i dag? Eg tippar det. På ein annan måte enn det Icetroll gjer i dag.
Sameleis med Nigardsbreen utan brevegen, Fimbul driv på vinteren utan å nytte ein open breveg.
Når vegane alt er bygde er det sjølvsagt alle sin rett å nytte dei, ein er bra vrang om ein går frå Fåbergstølen når ein vil til Sota på tur. Dessutan er det heller ikkje så fint å gå langs vegen heller.
Forrige vinter gjekk eg ein del på ski. 90 prosent av turane var ikkje frå Myri. Det finnes mange fjell her i dalen som er fine på ski. Ellers same som førre punkt.
Raftinga stenger både på for høg og for låg vasstand.
Turistane tykkjer naturen er finare enn demningen. Det er fri natur turistane kjem til Jostedalen for, ikkje for å sjå demningen på Styggevatnet.
24. August 2009 at 20:54
oddmund
Til kremtaren: må ein vere mot jostedalsutbygginga i 80-åra for å få lov til å vere mot vestsideutbygginga i dag?
25. August 2009 at 07:48
Thoresb
Det er nok flere som har vært opptatt av å kunne si noe temmelig sikkert om hva som f. eks. er pent og hva som er støy. Villmark defineres som områder 5 km unna mekaniske inngrep og noen har hevdet at stillhet er fravær av mekanisk lyd. Slike kvalitative verdier velger mennesker over hele verden å ta vare på. Det er neppe slik at det moderne mennesket velger bort inngrep og modernitet, men det kan hende flere og flere innser at nok er nok.
26. August 2009 at 10:39
Oddvin Lund
Eli, leste ditt innlegg i Nationen. Veldig bra! Fint at det kom på trykk der.
Det er tungt å arbeide for vassdragsvern i dag.
hilsen Oddvin Lund, fagsjef naturforvaltning, Den Norske Turistforening.
27. August 2009 at 19:13
rypa
Takk for det, kjekt å høyre – og full forståing for hjartesukket.