Andre helga i august er den faste fjalerhelga. Alltid kjekt med litt sunnfjordregn i håret. Alltid kjekt med litt fjord- og fjalerkultur òg. Gode, gamle Jubelhornet, sjølvaste bandet mitt. Og Jakob Sande-bysta, som står der ho står, på ein liten grasflekk utanfor ungdomsskulen, etter at eit framlegg om å flytte henne utløyste tiårets heitaste konflikt i Dale.
Vi bur i Førde og har det så bra/akkurat no gjer du meg så glad, heiter det i den nylaga Førde-songen. Dei om det. Dale er velsigna med andre bollar. Då Gud heldt fest i Fjaler må vel vere eit av landets beste (og mest pompøse) bygdedikt?
Eg skal ikkje gløyme kvelden, augustikvelden, du veit,
eg låg utmed stranda og pilka den stunda då fisken beit.
I vest stod ei diger kveldsol og lutte mot himmelrand,
men det var ei jordisk kveldsol som skein på ei jordisk strand.
Då var det som alt vart omskapt, eg merka det litt i senn.
Eg var som Johannes på Patmos, Patmos i Bibelen.
Former og farger skifte på strender og firmament,
det som var kjent, vart ukjent, og det som var ukjent, kjent.
Eg såg meg ikring, forbina, og vende meg fyrst mot aust,
der tempel imot meg lyste istadenfor gamle naust.
Og høgt over spir og kuplar slo regnbogen opp sin krans
mot veldige, ville snøfjell, lauga i måneglans.
Då såg eg kometen komme, han kom som ein storm frå sør,
og drog over himmelkvelven sitt blodraude ris av glør.
Velsigna, og høgt forbanna han sigla sin kurs mot nord,
til berre ein gyllen avglans låg att over fjell og fjord.
Fargen i sjøen skifte frå blodraud til silkeblå,
og småfisk kring ripa leika med gylte kruner på.
- Botten på femti famnar låg som eit eventyr
med skimt gjenom myrk koralskog av storfisk og fabeldyr.
Fjøra med fuglelivet og skogen i lia der
låg omskapt for augo mine, og kom meg med eitt so nær.
I staden for tjeld og hegre steig ibis og pelikan,
og palmer og seder susa der før det stod bjørk og gran.
Då var det eg høyrde songen frå slippen på Salbu strand,
og ut gjenom stengde portar kom syndarar hand i hand.
Med hammar og tong dei helsa eitkvart som dei såg i sky,
- eg trur at dei såg mot Staden, Jerusalem, Herrens by.
Eg skal ikkje gløyme kvelden, det var ein augustikveld,
Vårherre heldt fest for folket i Fjaler prestegjeld,
- Bergens stift, som det heitte, – Ytre Sunnfjord provsti.
Gud unne oss alle nåden når timen vår er forbi.
(Sirius 1955)




3 kommentarar
Comments feed for this article
Trackback link
http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=1105
26. August 2009 at 09:37
Amatøren
Det storfelte med diktet, tykkjer eg, er at det er så _lite_ pompøst, endå elementa kan verka svulstige. Orda er ikkje større enn dei bør vera i den samanhengen dei står, og den er “open”. Diktaren seier klårt at han får syner, og inviterer lesaren med.
Men sjølvsagt er all lyrikk _litt_ pompøs/pretensiøs. Elles hadde det ikkje vore serleg lyrisk.
27. August 2009 at 19:18
rypa
Jau, eg er sjølvsagt samd, og angrar på den flåsete pompøs-parentesen. Det er jo slik no at mest alt som ikkje er nettopp flåsete framstår som pompøst. Det er iallfall ein tendens. Når eg skriv noko eg verkeleg seriøst meiner, då kjenner eg meg litt pompøs. Og når eg les eit dikt som verkeleg tyder noko, ja, då tykkjer eg det er litt pompøst. Det er jamen kjensler eg får prøve å fri meg frå.
28. August 2009 at 09:48
Amatøren
Ja, slik er det vel når ein aldri har sett ein pir eller ei pala med gullkruna si på.