Å byrje med ‘Kvar skal ein byrje?’ er ofte ei dårleg byrjing. Men dette kvalifiserer til klisjeen: Dagens seks-siders sak i Dagblad-magasinet om at Erna Solberg er for feit. Så tjukk at me ikkje har tillit til henne.
Ein pr-ekspert med det tillitsvekkjande namnet Kjell Terje har i lenger tid spurd seg sjølv “om det er moralsk riktig av han å omtale Ernas overvekt”, men har openbert landa på eit rungande yes. Òg teksten til journalist Tore Gjerstad syner stadig ambivalens ved å tematisere tjukke-Erna, men fell altså tungt ned på seks sider. “Det ubehagelige må noen ganger sies”, som Kjell Terje Ringdal så vektig konkluderer.
Og substansen? Kjell Terje Ringdal meiner at alle veit at feite folk ikkje har kontroll. Vekta skadar truverdet til Solberg. “Erna Solberg er så overvektig at mange ikke hører hva hun sier. Man tenker isteden: Kan hun ha kontroll når hun spiser seg så tjukk?” seier Kjell Terje til Dagbla. Ekstra fårleg er det for ein Høgre-leiar å ikkje vere slank, for dei som er i Høgre si målgruppe, “den urbane middelklassen med høy utdannnig”, er i flg Kjellterje den delen av folket som er mest oppteken av å halde seg i form.
Kommunikasjonsmannen har løysinga: Erna Solberg må byrje å snakke om overvekta si. Det har ho nemleg ikkje gjort enno, på skikkeleg vis. No gjeld det å vere ærleg, er Kjell Terjes råd til Solberg: “Snakk helt åpent, én gang, ta alt ut. Skjær ut faenskapet en gang for alle.”
Vel, kvar skal ein byrje? Eg kan sjølvsagt byrje med å peike på at han som er og alltid har vore favoritten til den urbane Høire-middelklassen med høy utdannnig, Per Kristian Foss, ikkje akkurat er nokon adonis han heller. Nok om han.
For alle veit at det er andre reglar for damer enn for menn her. Så lat oss seie noko om reglane for diskusjonen: Det ligg noko i korta her. Det ligg i korta at Kjell Terje tek bladet frå den kollektive munnen, at han seier noko alle tenkjer på. Og så kan ein gje seg til å moralisere over dette alle tenkjer på. Men den fella får du meg fanken ikkje i, Kjellis.
For veit du, eg trur deg ikkje. Eg trur på ingen måte at dei fleste av mine vener og sambygdingar og landsmenn ikkje høyrer på kva Erna Solberg har å seie fordi dei ikkje kan sjå seg mette på vekta hennar. Så kommunikasjonsrådgjevarstyrte og koko er ikkje folk. Det hjelper ikkje at Ringdal har snakka med fleire av venene sine. Eg trur ikkje på kvalitative granskingar med fem informantar. Og ikkje trur eg at nettopp den urbane, godt utdanna middelklassen er så overstyrte heller. I motsetnad til Ringdal, har eg faktisk tru på den urbane, utdanna middelklassen.
Eg trur altså ikkje at folk tenkjer UPS, OVER STYR i det dei ser ein overvektig person. Så veit du kva eg trur, Kjellis? Eg trur folk flest veit at det motsette er tilfelle. At det er slankarane som er fårlege. Me veit at svært mange menneske (særleg damer, diverre) som trenar og trenar og trenar og vert tunnare og tunnare og tunnare, gjer det fordi dei føler dei ikkje har kontroll, og at slankinga er ein måte å tilrive seg kjensla av kontroll på. Me veit at folk som tykkjer at dei må bli stadig tunnare, veldig ofte har det fælt og kaotisk. Sjølv stolar eg iallfall hundre gonger meir på Erna Solberg enn på eit spinningvrak med utmagra, stivt frognersmil. Om me no absolutt skal leggje oss på det nivået.
Og kvar skal ein slutte? Å gje Erna Solberg eit råd om at ho må ut å prate om overvekta si ein gong for alle, er det dummaste, og seier alt om kor mykje tillit me bør ha til pr-ekspertane. Eg har lese fleire intervju med Erna Solberg der ho vert sett til å prate om overvekta si ein gong for alle nok ein gong (og Dagbladet viser jo paradoksalt nok til eitt av dei). I’m full.
Og det mistenkjer eg Solberg for å vere òg. Ho gjev vel blaffen? Ho ser det vel for faen ikkje som faenskap? Ho har då vel andre ting å tenkje på enn at ho er tjukk? Ho veit vel at ho er tjukk og tek det heilt kuligt? Og det er ein av grunnane til at eg (og minst fem av mine vener) har stor respekt for dama. At ho rett og slett har gjeve blaffen i kropp- og slankekøyret. Det ville naturlegvis vere svært enkelt for Erna Solberg å bli slank om ho prioriterte det høgt nok, men det gjer ho altså ikkje, og det skal ho ha all mogleg kred for. Ho har andre ting å bestille. Ho har kontroll.


23 kommentarar
Comments feed for this article
Trackback link
http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=1122
29. August 2009 at 22:58
Kristin Oudmayer
Meget godt oppsumert!
Har skrevet om det samme her: http://curlylife.com/2009/08/29/syltynt/
29. August 2009 at 23:10
rypa
Og det gjorde du svært bra. Argh, for ei oppsiktsvekkjande nedvurdering av særleg potensielle høgreveljarar, men òg folk flest!
29. August 2009 at 23:15
Kristin Oudmayer
Det er en gedigen undervurdering av menneskeheten som ligger til grunn for de høyst stigmatiserende og skadelige holdningene til den mannen!
Knurr!
30. August 2009 at 06:06
Egil Pseudonym jr.
PR-Kjell Terje har forstått ein ting: Dersom du får ein bladfyk som Gjerstad i det lett opplagsdesperate Dagbladet til å trykkje noko som er både krenkjande og useriøst om ein topppolitikar, er det nok eit karrierehopp for deg sjølv som såkalla PR-ekspert.
Både Kjell Terje, journalist Tore og Magasin-redaksjonen er truleg for unge til å ha høyrt om Winston Churchill, ein kjend engelsk statsmann. Han este opp til store proporsjonar. men det forhindra ikkje at han blei ultrapopulær statsminister, og endåtil nobelprisvinnar i litteratur. Han var ikkje berre feit av engelsk kosthald og whisky, men til alt overmål alkoholikar. Han var feit, han, men ikkje av interesse for Kjell Terje. Kvifor ikkje? Gjeld dei lure PR-råda hans eigentleg berre for kvinner?
Nei, la Erna i Høgre, som du skriv, vere som ho er.
Mitt favorittsitat av Chuchill er for øvrig: «Enhver kan skifte parti, men det kreves en viss kløkt for å skifte tilbake.» Kan hende kunne ein seie det same om Kjell Terjes påstandar?
30. August 2009 at 11:23
kremt..
ser du ikkje at erna solberg har gått mykje ned i vekt siste tida?
30. August 2009 at 18:18
AJ
Både Kjell Terje, journalist Tore og Magasin-redaksjonen har helt rett i å bringe dette tema på banen !
Erna Solberg er FOR FEIT til å regjere dette landet !!!!
Det å bringe frem sammenligninger som Winston Churchill eller Roosevelt…..er helt useriøst, da de levde i en helt annen tid…..en tid hvor vi ikke var klar over hvilke skader overvekt, røking, etc påførte oss mennesker !
Det er først og fremst et helsebekymring som tilsier at hun ikke kan bli statminister ! Hvor mange statministere og/eller presidenter ser du ellers rundt i verden ? Ikke mange !!! Det er nemlig svært viktig å være i form….ha god fysikk….om man skal kunne klare alle de daglige utfordringene man står overfor som en statsleder !
Jeg er helt for å mobbe Erna for hennes overvekt…….inntil hun begynner å ta konsekvensen av det ! Hun er egentlig en svært vakker jente, og hadde hun vært smart + innstilt på å være vår neste statminister…..ja, så burde hun ha begynt å slanke seg allerede for et år siden…..istedenfor å fortsette å dytte i seg det hun er mest glad i av alt; MAT !!!
Per i dag burde hun ha vært mellom 70 og 80 kilo lettere…..det ville mange ha sett på som en styrke fra hennes side….et vitne om selvdisiplin og på at hun stod godt styrket til ventede utfordringer !
Med mindre man lider av en spesiell sykdom, er det ingen grunn til å være feit !!!
Jeg har selv tatt meg kraftig sammen for 2 år siden…..gikk ned 33% i vekt….la om kostholdet…..og har fått et mye bedre liv !
Lover dere at jeg vil si det direkte til Erna’s fjes……..om jeg bare hadde fått anledning !!!!
AJ
30. August 2009 at 18:22
AJ
Rettelse;
Både Kjell Terje, journalist Tore og Magasin-redaksjonen har helt rett i å bringe dette tema på banen !
Erna Solberg er FOR FEIT til å regjere dette landet !!!!
Det å bringe frem sammenligninger som Winston Churchill eller Roosevelt…..er helt useriøst, da de levde i en helt annen tid…..en tid hvor vi ikke var klar over hvilke skader overvekt, røking, etc påførte oss mennesker !
Det er først og fremst en helsebekymring som tilsier at hun ikke kan bli statminister ! Hvor mange overvektige/feite statministere og/eller presidenter ser du ellers rundt i verden ? Ikke mange !!! Det er nemlig svært viktig å være i form….ha god fysikk….om man skal kunne klare alle de daglige utfordringene man står overfor som en statsleder !
Jeg er helt for å mobbe Erna for hennes overvekt…….inntil hun begynner å ta konsekvensen av det ! Hun er egentlig en svært vakker jente, og hadde hun vært smart + innstilt på å være vår neste statminister…..ja, så burde hun ha begynt å slanke seg allerede for et år siden…..istedenfor å fortsette å dytte i seg det hun er mest glad i av alt; MAT !!!
Per i dag burde hun ha vært mellom 70 og 80 kilo lettere…..det ville mange ha sett på som en styrke fra hennes side….et vitne om selvdisiplin og på at hun stod godt rustet til ventede utfordringer !
Med mindre man lider av en spesiell sykdom, er det ingen unnskyldning for å være feit !!!
Jeg har selv tatt meg kraftig sammen for 2 år siden…..gikk ned 33% i vekt….la om kostholdet…..og har fått et mye bedre liv !
Lover dere at jeg vil si det direkte til Erna’s fjes……..om jeg bare får anledning !!!!
AJ
30. August 2009 at 22:50
rypa
Egil pseudo: Ja, eg trur veldig mange veldig lure råd diverre nesten berre gjeld for kvinner.
Kremtprikkprikk: Æh, jau, men kremt, kva har det å seie for poenga mine?
AJ: Stå på. Du vinn til slutt.
31. August 2009 at 15:12
Statistikaren
For å byrja ein stad: Det kan vel vera lurt å skilja mellom to ting:
1) Spørsmålet om mange menneske har mindre tillit til feite folk.
2) Om det er noko å laga ei sak av.
Det fyrste er eit empirisk spørsmål som ikkje kan moraliserast bort. Det finst heilt sikkert gode sosialpsykologiske eksperiment som kan avgjera om det er noko i dette. (Ei lita samling “motprov” à la P.K. Foss er forresten heller irrelevante dersom hovudtala går i favør av Foss’ slanke alter ego.)
Til det andre meiner eg svaret er eit rungande nei, men ein kan ikkje hindra slikt heilt, berre kritisera det. Men då bør ein “moralisera” på rett nivå.
Dersom mange skulle visa seg å ha mistillit til feite, hjelper det utruleg lite å prøva å overtyda dei om at denne mistillita eigentleg ikkje finst. Innlegga over handlar vel nærmast om det.
31. August 2009 at 15:38
rypa
Eg prøvde å moralisere over korleis noko som ein mediamann berre ‘trur’ og ‘tykkjer’ såleis vert gjort til ein politisk realitet (over seks sider). Og at med dette utgangspunktet, burde det Eli Bjørhusdal trur og tykkjer vere nett like (u)interessant.
Og det eg skulle ha sagt tydelegare, er at alt som kjem ut or kjeftane på slike pr- og kommunikasjonsfolk veldig ofte berre er uvitskapleg tykkjing og spåing som kjennest EKSTRA opprørande fordi eg eg er ofte er svært usamd i dei vurderingane av mennesklegheit (dvs mangel på henne) som ligg bak desse pr-råda.
(Hadde Per Kristian Foss vore dame, hadde han vore eit godt retorisk poeng, men uansett ikkje statistisk haldbart, sjølvsagt.)
31. August 2009 at 16:37
Statistikaren
Ja, eg meiner no utspelet er moralsk halvkriminelt uavhengig av sanningsverdi.
Elles skal det vel ikkje stikkast under stol at slike utspel kjennest ekstra opprørande når ein sjølv er i ferd med å esa ut?
Ein ting er kva ein har delvis kontroll over. Men kva med små menn? Dei slit, dei, Rypa. Men du får nok ikkje så mange av dei til å vedgå det, for då gjer dei vondt verre. Det er ikkje eingong alle som veit at dei slit. Eg vil hevda at autoritet mellom menn er heilt proporsjonal med storleik. Artig og klårgjerande eksperiment: Tenk på ein sjølvgod mann og krymp han x % i tanken. Kom ikkje og “velt” den hypotesen med at det finst små menn med større autoritet enn store, for poenget er statistisk og under elles like vilkår.
Naturen er stort sett ikkje vidare menneskeleg i den tydinga me skulle ønskja.
31. August 2009 at 19:00
rypa
Hohoho, ja, men det rører heller ikkje ved det prinsipielle.
Eg har to ting å seie om dette: Autoritet mellom menn er heilt proporsjonal med storleik – poenget er statistisk og under elles like vilkår.
- Eg har store problem med å sjå korleis dette skulle la seg omgrepsoperasjonalisere – korleis i alle dagar skal ein få til like vilkår her? Ulik storleik, men lik utdanning, lik jobb, lik bakgrunn, like (lite) kvisete, like (lite) flakkete blikk, like mykje/lite peng…
- og om det var mogleg metodisk, kor relevant ville det vere? Eg trur på biologi og instinkt og alt det der, men eg trur òg på menneska sin vilje og mogleik og tendens til å overstyre (slike) impulsar (eller kva ein no kallar det). Eg trur altså at naturen på mange vis vert gjort menneskeleg i den tydinga eg skulle ynskje. For å seie det slik: Det er mi røynsle med både natur og menneske. (Men hei, så kjem Kjell Terje og øydelegg det.)
31. August 2009 at 22:22
Statistikaren
Like vilkår er ikkje noko ein kan konstruera på individnivå. Det er noko ein får automatisk når utvalet er stort nok og representativt. Store tal jamnar ut dei ulike vilkåra hjå individa.
Relevant for kva? (Svaret er truleg: svært mykje for dei det gjeld. )
Overstyring av dette? Du les naturen som kristne les Bibelen.
Somme nektar gjerne for at pengar jamt over gjev makt. Og då har dei ikkje eingong tenkt på dei kvisete rikingane! I mange samanhengar er tilhøvet mellom storleik og makt forresten meir som tilhøvet mellom pengar og kjøpekraft. Dei som ikkje veit det, er neppe utstyrt med mannlege instinkt. Eg er litt overraska over at ein ikkje veit det på grunnlag av kvinnelege, for eg har høyrt høgt utdanna kvinner seia så mykje foraktfullt om små menn (fordi dei er små) at eg ofte kjenner meg kalla til å slå eit slag for dei.
1. September 2009 at 09:03
rypa
Hohoho igjen, no fekk du iallfall presisert at du ikkje tilhøyrer gruppa små menn, medan eg aldri kommenterte (avkrefta…) at eg var i ferd med å ese ut. Då føler eg veldig at det er ein-null til meg i overstyring av politisk ukorrekte innskytelsar. knis.
1. September 2009 at 09:04
Statistikaren
“Dei” i førre innlegg viser til “små menn”, ikkje “høgt utdanna kvinner”.
Kjell Terje øydelegg det, ja. Der sa du noko. Så spørsmålet vert kor mange små og store Kjell Terjar det er. Ein anti-Kjell Terje som overstyrer Kjell-Terje-impulsar er i denne samanhengen ein Kjell Terje. Ein nærsynt med briller er trass alt framleis nærsynt og bør grunnleggjande sett reknast som det, sidan det krevst kultur og arbeid for å korrigera synet. (Eg ser her bort frå at kultur òg øydelegg synet.)
Utsegna “fy så slemme/dumme dere er som sier at mennesker er slemme/dumme” blir meir og meir meiningslaus di fleire ein ser seg nøydd til å ropa henne til. Difor bør ein prøva å telja Kjell Terjar før ein bestemmer seg for nett kva ein skal meina med denne utsegna og det uspesifiserte “menneske”.
Når det gjeld “biologi og kultur og sånn”, bør det vera ukontroversielt at begge delar i ei viss tyding styrer oss. At overstyring er mogleg, er greitt nok (dersom ein absolutt ikkje vil kalla overstyringa òg biologisk), men er nesten like uinformativt som det motsette. Spørsmålet bør vera nett kor mogleg for kor mange, kvar, når osb. Dersom ein ynskjer noko med tanke på korleis naturen ER NO, det stor fare for at ein ser det ein ynskjer. Det er etter mitt skjøn betre å ynskja noko med tanke på kva naturen ÒG BØR vera, og like viktig at heile BØR ligg innanfor KAN vera.
Og så må ein tenkja mindre anten-eller. MenneskET er sjeldan fullt ut slik eller slik når det gjeld slikt det står strid om. Spørsmålet er om mange menneske nok er slik eller slik til at det er relevant i ein eller annan samanheng. Éin Kjell Terje øydelegg sjølvsagt ikkje noko som helst dersom du ikkje har ytra deg absolutt. Men i dette tilfellet vil eg hevda at det relevante problemet er om mange nok tenkjer som han til at det kan mona (eller “gjøre en forskjell” på dårleg norsk) ved val.
Eg er open for at tendensen til å undervurdera feite ikkje _dominerer_ på tvers av tid og stad og kjønn — og jamvel at at han ikkje dominerer hjå oss no, sjølv om eg ville ha tippa det motsette. Eg er òg i prinsippet open for _prov på_ at små menn _jamt over_ har overtaket på store, og ikkje omvendt, men det er få ting eg er meir viss på enn at slike prov ikkje finst. Skal du koma dragande med Napoleon, no? Kompensering er ei av dei sterkaste drivkreftene i kulturen, men ein kompenserer altså for avmakt på ein visst felt i utgangspunktet. Spør heller kvifor Strindberg hadde så høgt hår.
1. September 2009 at 09:22
Statistikaren
Til poengskåringa:
Eg er over medels, men var veldig liten då eg var liten, og veit difor alt eg treng vita om kor edelt “menneskET” er i den verkelege verda. Generaliseringar om slikt har eg fått falsifisert med fleire desiliter naseblod. Kroppen er framleis i alarmberedskap når eg står i t.d. ein kinokø med glinsande og proteinsprengd ungdom som ragar eit halvt hovud over meg. Eg strisveittar og vil springa. Men no eser eg til gjengjeld ut i breidda på grunn av trøysteeting og slitasjegikt, så eg vonar dei symbolsk og politisk prektige har rett i at dette like godt kan slå positivt ut sidan “folk” er så gilde.
Det læt litt grettent, dette, men det er no ikkje meininga å forsura bloggen. Eg må smila litt her eg sit og eser. Kross på halsen, ti knivar i flesket!
1. September 2009 at 10:45
Statistikaren
Another starting poing (from International Journal of Obesity): http://www.nature.com/ijo/journal/v25/n2/full/0801537a.html
Introduction
Widespread stereotypical and prejudicial attitudes toward fat† people have been well documented among the general population1,2,3,4,5,6,7,8,9,10,11,12,13 as well as among several types of healthcare students and professionals, including doctors, nurses, dietitians and nutritionists.14,15,16,17,18,19,20 Such prejudicial attitudes can create negative consequences in the lives of fat children and adults. For example, fat children are often teased,1 and other children are less likely to want them as friends.21 Women who are fatter than average are less likely to receive financial support from their parents for college.22 Men are less likely to want to date fat women,23,24 and fat women are less likely to have had the opportunity to engage in sexual intercourse or other sexual activities.25 Negative attitudes toward fat people can also affect their employment opportunities26,27,28,29,30 and chances of promotion.31 In the clinical setting, psychologists have described fat people as more unattractive and embarrassed than non-obese people,32 and a group of mental health practitioners rated obese clients more negatively on a number of aspects of psychological functioning.33
1. September 2009 at 11:46
rypa
Av årsaker som eg ikkje heilt har oversyn over, er eg no plassert i eit diskursivt hjørne som eg ikkje kjenner meg heime i. No må eg skrive ferdig ei essayskisse om omgrepshistorie til Universitetet i Tromsø, og så skal eg greie ut om posisjonen min etter leveringsfristen.
“It is not deeds that shock humanity, but the words describing them”.
1. September 2009 at 17:12
Egil Pseudonym jr.
Ja, dette var jo ikkje uinteressant, men må ein problematisere og gjere det heile så inni hampen akademisk? Kva om Kjell Terje (og Dagbladet) held seg til gamle, gode reglar for høfleg framferd mellom folk i dette Riket? For utsegnet til PR-mannen sårar Erna, det er eg viss på, og då burde han og Dabladet halde dei tabloidiserte kjeftane sine lukka i akkurat denne saka. (For utdyping viser eg til Kardemommeloven).
2. September 2009 at 03:20
rypa
Hei Egil, for å seie som dei gjer i Oslo: IKK(J)E sant?
Men eg for min del hadde funne det endå kjekkare om eg betre hadde skjønt kvar eg og statistikaren er usamde. Dei resultata International Journal of Obesity viser til, har eg ingen problem med å akseptere – og ca dei same resultata kunne sikkert ha kome i ei tilsvarande gransking om småe karar, albinoar, funksjonshemma. Sjølvsagt veit eg at folk som ligg utanfor malen for korleis biologien vår/venleikstyranniet seier ein bør sjå ut, vert ned-/undervurderte. Eg ser ikkje heilt sjølv kva eg har sagt som kan tyde på at eg er ‘usamd’ i dette?
Men me kan altså ikkje berre sjå bort frå kva kontekst eg har sagt det eg har sagt, eller frå utgangspunktet. Her var konteksten ’styre landet’. At feite som gruppe kjem dårleg ut på masse variablar (eller kva det no heiter), er ikkje det same som at folk spesifikt tenkjer _manglande kontroll_ når dei ser eit overvektig menneske, i den grad at dette er relevant for politisk røystegjeving. Ringdal gjer ei tendensiøs tolking av velkjende vitskaplege faktum, ei tolking som veldig gjerne (og mest truleg?) kan vere feil. Og då lyt ein lure på: kvifor denne tendensen?
På same vis verkar det kanskje som du Statistikar tolkar meir enn det er grunnlag for når du frå ei sikkert heilt grei oppfatning om at gruppa små menn skårar dårleg på ‘autoritet’ (eller for så vidt dei variablane frå tjukkasforskinga), går til påstanden om at “små menn slit”. Her kjem det sjølvsagt an på kva du meiner med “slit” – for ja, dei slit med skåren som gruppe på nett desse variablane, men slit dei med livet sitt, liksom? Kven har definert ‘manglande autoritet’ som ‘å slite med livet’? Er ikkje dette ei slags psykologisering? Nei, me anar me ikkje om småe menn slit (med livet sitt), for me veit ikkje kva variablar som står att i reknestykket – det kan vere variablar som bør vektast mykje meir enn det som kjem fram i Statistiakarens fiktive, men truverdige, gransking.
Omgrepet ’slit’ fekk meg altså til å reagere, eg synest det er ei noko tendensiøs overtolking, som i verste fall kan vere med på å byggje opp under fordomar (for å vere Inga Marte Thorkildsen-klisjeaktig her).
Men altså. På ein måte er ikkje dette så nøye heller. For om ei gransking skulle vise at overvekta til Erna Solberg er relevant for røysting – kva så? Og kva så, om det viser seg (og det gjer det nok) at små mannlege sjefar har mindre autoritet enn store mannlege sjefar? Jau, då må ein jo forhalde seg til det rasjonelt. Og det rasjonelle, menneskelege, vil vere å tru på menneske si evne til å sjå bort frå det statistiske faktumet at dei helst vil pare seg med svære menn og storpuppa damer, og handle deretter. Noko anna er irrelevant, i tydinga: Ein kjem jo ingen veg.
3. September 2009 at 23:09
Statistikaren
Dersom me er samde, er me altså samde i at det i dette tilfellet er meiningslaust å fornekta _heile_ “substansen” i det mobbarane seier, for å vera imot dei, og at det jamvel kan vera kontraproduktivt. Lyte er i stor mon eit sosial fenomen. Når spørsmålet er om lytet er eit verksamt sosialt fenomen, hjelper det på _stutt sikt_ lite å hevda at “lytet” eigentleg er fint, eller at “eg og mange andre jaffall tykkjer det er det”. Slike utsegner er i denne samanhengen litt goddagmann økseskaft, sidan dei ikkje står i motsetnad til at problematisk mange ser ned på dei med “lytet”, som vel er påstanden her. (Når det gjeld noko so avgrensa som t.d. å ha rett om eit komande valresultat, må ein ha betre tal enn motparten, betre moral hjelper ikkje stort.) Men la gå — _i lengda_ er det bra om flest mogleg signaliserer at lytet ikkje er noko å skjemmast over, og ein kan jo velja sjå på det som hovudsaka til kvar tid.
So til “små menn slit”. Eg har gjort det lysande klårt at det ikkje gjeld kvar einskild liten mann. Det finst strengt teke heller ikkje grupper som “slit” med skåren som gruppe. Korleis i all verda er det du les statistikk til vanleg, då rype? — So er det slik at somme legg altfor mykje i ulike gjennomsnitt, andre ingenting, og somme ingenting berre når det høver. Alt er vel like gale. (Variablar som står att, kan det forresten alltid vera, men om det spelar noka rolle, må vurderast konkret. Storleik er nok ein så solid grunnvariabel som ein kan ynskja seg, om ein fyrst er interessert i han. http://www.telegraph.co.uk/earth/earthnews/3336044/Short-man-syndrome-is-not-just-a-tall-story.html)
Eg irriterer meg ofte over folk og grov statistikk som snakkar om t.d. “små menn / svarte / syklistar ER eller HAR” det og det når det skal tyda at det og det er overrepresentert blant t.d. små menn osb. Eg har fleire gonger krangla med slike tullingar (ikkje minst fordi dei har ein tendens til å seia noko ufint om små / svarte / syklistar). Og så har eg synda sjølv! Men legg ein godsida til, skjønar ein oftast ut frå samanhengen kva som er meint med slike potensielt fordummande statistiske snarvegar/metonymiar. Eg trudde òg at “dei, slit, dei”-formuleringa signaliserte at orda om dei små ikkje nett var laga for gullvekta. Men i staden opplever eg at ordet “slit” blir rive ut og utsett for den urimelegaste dekonstruksjon, eller rettare: oppkonstruksjon!
“Slita” i moderne kvardagsmål er nokso tøyeleg, og at det ikkje skulle kunna dekkja det å kjenna avmakt, eller arbeida for å kompensera for avmakt på eit felt, tykkjer eg er det reine sofisteri.
Eg trur eg må hoppa til slutten: Me ser kanskje grunnleggjande ulikt på kva ein faktor er, både statistisk og livshistorisk, særleg i livet til poinnhoinnar (”underdogs” på trøndersk). Det siste avsnittet ditt løyser seg heilt opp for meg når eg prøver å gripa det. Omgrepet rasjonelt minner meg her nesten om voluntaristisk. Snart finst ikkje faktorane, snart spelar det likevel ikkje noka rolle om dei finst. Slike argumentasjonsmønster kan vera logiske nok, men det kjennest likevel som å klemma på eit såpestykke. Eg kjem ikkje lenger, og tek meg i å _spekulera_: Kan slike seige haldningar botna i røynsler som sterke og talentfulle personar gjer seg tidleg i livet? Og kan i tillegg det å ha ein kjekk mann og mange fine ungar (det evolusjonære “målet” er oppfylt) gjera at ein ikkje så lett ser evolusjonære problem (som t.d. “små menn” har mykje av) og at dei gjev opphav til kaskadar av andre problem? I so fall er det flott at du i praksis er så solidarisk med feite damer mfl., og kanskje særleg sidan du er det på eit så smalt grunnlag. Men sidan dette er psykologi(sering), so finst det vel ikkje …
Eg garanterer ikkje at eg kjem attende til dette med dei små vanvyrde gnomane eller dei feite giktbrotne kjerringane som eg kjenner slik samhug med — og somme vil vel takka meg for det.
Aller sist til “rasjonaliteten” som skal overskrida (eller underskrida?) store menn og digre puppar. Mon ikkje sørgjeleg mykje av denne underskridinga går inn under “assortativt makeval” — jf. “assortative mating” på nettet. Det er beint fram for få store menn og digre puppar til at alle kan formeira seg med dei. So heldigvis kan ikkje preferansane våre vera absolutte.
5. September 2009 at 23:26
rypa
Du får orsake sofisteri og såpespråk med at dette var det beste eg kunne prestere då eg skulle freiste grunngje kvifor eg reagerte på utsegnene om små menn. Eg er ikkje særleg peil på statistikk. Eg har sikkert hatt for få evolusjonære problem til at det har interessert meg tilstrekkjeleg.
Truleg skulle eg ha skrive: Jaudå, små menn ’slit’ på dei og dei indikatorane. Og i staden for å problematisere (di) tolking av resultata, skulle eg med ein gong ha skrive: Men kva så? Korleis skal me forhalde oss til denne kunnskapen, kva fylgjer skal han ha for oss? For korleis gjev ein eit fornuftig handslag til dei (oss) med større eller mindre lyte? Må me ikkje m a gå ut frå at folk oppfører seg som om dei ikkje bryr seg om lytet, på individnivå? Må ein ikkje gå ut frå at folk handterer lytet sitt? Og så ta fylgjene når det motsette viser seg? På samfunnsmessig nivå: arbeide mot venleikstyranniet dvs for normalisering av lyta, osb osb?
Eg spurde i utgangspunktet om relevansen fordi eg synest det er meiningslaust, og dermed vondt og usolidarisk å berre gje seg til å tykkje synd i folk (grupper). Eg trur ikkje no at det er berre det du vil, men det er likevel uklårt for meg kva du vil eg skal ‘bruke’ det statistiske faktumet til, og eg synest svaret om at det er relevant for ‘dei det gjeld’ er utilfredsstillande. Men me diskuterer eigenleg ulike ting, har ulike interesserer i denne diskusjonen, kanskje ulikt syn på kva poenget med å diskutere dette eigenleg er, og eg tek mykje sjølvkritikk på at eg har prøvd å gjere mine eigne målsetnader til dine. ,
8. September 2009 at 20:54
Statistikaren
Eg får vel prøva å avrunda denne “lidingssoga”, sidan du stiller meg nokre spørsmål (i eit innlegg som eg trur eg forstår mykje betre enn dei førre).
Eg er grovt sett samd i kva ein bør gjera, og glad for at du, som eg, skil mellom forståing og handling. Men no ser eg at me gjer det siste på motsette måtar. Eg vil helst fyrst sjå og forstå, medan du tek utgangspunkt i kva ein kan gjera. Sett på spissen vil du berre verkeleg ta problem inn over deg dersom dei har ei god løysing (det er irrelevant om ein ikkje kjem nokon veg!). (Sjølv om du motstrevande innimellom godtek at problema finst.) Difor spør du meg om løysinga mi på det eg meiner å sjå. Men eg ser ikkje nokon naudsynt samanheng! Det meste eg veit som er skakt og småtragisk, ser eg ikkje korleis ein kan eller bør gjera noko særleg med. Kva skal me då “bruke forståinga til”, spør du i ein slags oppgjeven triumf. Ikkje naudsynlegvis noko anna enn å vera forståingsfulle, ofte helst passivt. Det kan innebera alt frå å teia når det trengst, til å la vera å nekta for problem som folk meiner å ha. Er det det du kallar “berre”, får det ofte berre vera so. (Og sanneleg seier du jo nærmast det same sjølv, når det kjem til stykket!)
Når ein har forstått at nokon har vanskar, er det heilt naturleg å kjenna med dei. Det er rart å kalla det “å gje seg til” å tykkja synd i dei. Eg vil hevda at det er den motsette haldninga som krev tiltak — ein “gjev seg til” å fornekta. Men sjølvsagt er det ytre tiltak som er å “gje seg til” å gjera noko. Få slike tiltak hjelper, særleg ikkje forsvarskampanjar som sender ein bodskap om at det er så farleg å ha eit visst lyte at ein må nekta for at det er noko problem i det heile teke. Dei færraste vil bli behandla som offer, mellom anna fordi lytemas, både vondt og godt meint, legg skam til skade. Det å få hjelp for lyte, med det søkjelyset det dreg med seg, kan vera det verste sosiale lytet av alle! (Rart då å leggja vekt på at folk ikkje vil vera i offerrolla, men ikkje fylke?
) Men det kan òg leggja desperasjon til skade om ein fornektar lytet når det fyrst er tema, eller når nokon søkjer hjelp. Det er tale om balansegang og om å skilja mellom ulike samanhengar (t.d. forsking/forståing på den eine sida, meir eller mindre meiningslause kampanjar og hjelpetiltak på den andre).
I ei novelle av Kjell Askildsen er det ein mann med noko som liknar på eit grisatryne. Han veit at han vil koma tapande ut av dei fleste konfliktar som tilskodarar påverkar utfallet av. Han unngår difor konfrontasjonar. I mine augo er dette ei skildring av ein røyndomsorientert mann, men eg vonar sjølvsagt eg ville ha støtta slike som han om eg var ein figur i novelleuniverset. Det kunne eg ha gjort på mange indirekte måtar, men absolutt ikkje slik: “Nei, du tek feil, ‘det’ er då berre vakkert med grisatryne! Ikkje stikk av!” ‘Det’ er beint fram for upresist, sidan eg ikkje kontrollerer opinionen. Det ville òg gjera meg til lygnar i augo åt ein som visste meir om saka, og eg ville ha utsett han for fåre. Eg burde nøgd meg med å seia at eg ikkje har noko imot grisatryne (og gjerne vil tala deira sak på andre måtar). Men eg burde forresten ha lagt til: Ingen veit om dei oppfattar ting heilt i samsvar med prektigheita si. Min subjektive godhug for grisatryne provar ikkje at eg ikkje ville teke deg meir alvorleg med vanleg tryne, eller at eg ville reagert nøytralt/positivt i ein gjeven situasjon. Slik sjølvkunnskap raknar ofte i testar som avslører djupe haldningar.
Lat oss no ikkje gjera oss avhengige av “kunnskap” om kor prektige me og andre er inst inne for å vita kva me skal meina om noko. Kan me ikkje heller nærma oss eit høgare sivilisatorisk nivå med dette mottoet: Ikkje ver for alt du (eller andre) likar — ikkje ver mot alt du (eller andre) mislikar!
For dersom nokon tykkjer Kjell Terje er eit lite tillitvekkjande namn, er det jo ingen grenser for kva ørsmå og overflatiske lyte som kan påverka folk!