Eit komande fylkestraume

Det har utløyst veeeldig sterke kjensler, Ingrid Heggøs (Ap) framlegg om tiltakspakke for Sogn og Fjordane. “Stakkarsleggjering”, “spreie eit inntrykk av at me ikkje maktar å stå på eigne bein”, “nesten flautt”, “gå på sjølvtilliten laus” er berre nokre av uttrykka som Sogn Avis nyttar i dagens leiarteig.

Og det verste er sjølvsagt at pakkene er “på linje med pakkene til Finnmark og Nord-Troms”. Det er mest som å høyre Frp-Sandberg: “Utenlandske bander”.

Nei, me treng ikkje tiltakspakkar, seier avisa. I staden er det dette som skal til: eit oppgjer med “gamal tankegang og ditto strukturar av både lokal og regional karakter”. Så var no det avklart.

Det kan godt vere at Sogn og Fjordane ikkje bør ha tiltakspakke, kva veit eg, men teksten til Indre Sogns leiande publikasjon gjer meg iallfall ikkje klokare. Litt mindre metafysikk og amatørpsykologi og nokre fleire argument hadde vore ok – iallfall for oss som bur her ute i strukturane.