Tid for fjøsfitter? Om geografi og feminisme

Glitterfitter. Bitterfitter. Twitterfitter. Etter at den epokegjerande svenske ungfeministboka Fittstim kom for ti år sidan, har det vore endelause stimar av ungfeministbøker og ungfeministoppgjer. Det har vore ei viktig rørsle. Likevel har eg alltid tykt at desse fittene, trass i den sjølvpålagde mangfaldsretorikken, har snakka med ei felles røyst: Den urbane. 

Geografi har alltid vore ein faktor i norsk feminisme. Kampen for likestilling i Noreg vart driven fram av kvinner i øvre middelklasse, av lærarinner, guvernanter og ugifte peparmøyar med gode pikeskolar og lang utdanning. Dei fleste budde sjølvsagt i byane. Historia til norsk kvinnerørsle er dessutan prega av eit par avgjerande konfliktar med menn frå bygda. Striden mellom bygdelærarar og bylærarinner i starten av førre hundreåret var til dømes ein kamp om arbeidsplassar, men òg om språk og kultur: Bygdelærarane var nynorsk- og venstrefolk, bylærarinnene stod for riksmål og Høgre. Såleis har det urbane vorte ein viktig del av sjølvforståinga til norsk mainstreamfeminisme, ein urbanitet som òg har definert seg sjølv ved å ta avstand til distrikts-Noreg og bygdefolk.

Eg seier ikkje at det er ei botnlaus kløft. Men når urbanfeministar skal vise solidaritet med dei rurale, vert dette ofte framstilt som skyts mot dei samfunna som bygdedamene har valt å bu i. Det er synd på oss som bur i desse machokulturane av elgjakt, motorsaging og kvite tennissokkar. Like synd på oss er det ikkje når realpolitikk står på dagsorden – då hender det ikkje sjeldan at den historiske konflikten mellom urbanfeminisme og bygdefeminisme vert aktivert. Fyrste gongen eg sjølv kjende krysspresset på kroppen, var i kampen for gynekologbemanna fødeavdeling på regionsjukehuset. Våre urbane medsystrer syntest me var bakstreverske då me argumenterte mot jordmorstyrte fødestover og heimefødselsordningar. Sjølve hadde dei jo gynekologen bak næraste svingdør.

Våre urbane middelklassemedsystrer, svært ofte tilsette i hovudStaten, ser oss òg som kunnskapsfiendslege klassesvikarar når me vil ha oppretting av statlege arbeidsplassar utanfor Oslo – trass i at dette sjølvsagt er like viktig for den stadige aukande delen av bygdedamer med høgare utdanning. Og alle får forståeleg nok blod på tann når profilerte bygdedamer i norsk rikspolitikk, som Anne Enger (Lahnstein) og Valgerd Svarstad Haugland lyftar ein familiepolitikk som tvillaust fremjar tradisjonelle kjønnsroller.

Men like fullt som at norsk historie byr på ein underforska norsk bygdefeministisk tradisjon, ein tradisjon som går i ein heilt annan retning enn Hulda Garborgs eksessar kring heim- og husstell, like lite er det noko naturnødvendig samanfall mellom bygdefeminisme og Valgerds Svarstad Hauglands kontantstøtte og antiabort. Er det snart tid for ein bygdefeminisme som klarar å kreke seg opp frå rommet mellom stolane? Ein feminisme som ikkje går i husmor-fella til Hulda Garborg og Sarah Palin – men som i kraft av at han handlar om arbeidsplassar og tenestetilbod også kan gå på kostnad av kvinner i byen, og som dermed går i strupen på både kvinnegruppa Ottar og Dagbladet-feministane? Slik tenkjer eg medan eg ventar på ein ny og epokegjerande fjøsfittestim.

Og det var dagens i Nationen.

Interessant. Meir! (Ikkje naudsynlegvis Ottar-splatter og Hulda-hogging, men fleire døme på interessene til fjøs-… eh … fruene.)

No fekk eg lyst til å vere fjøsfitte, midt i byen.

Interessant post.

Det slo meg at dette Hjemmeværende husmorfenomenet som det er/har vært så mye snakk om, vel aldri har vært noe ruralt fenomen i det hele tatt. Det har vært middelklassekvinner i byene som har vært det. I mer rurale strøk har kvinner vel generelt vært produktive, alltid. Ikke så rart at ruralkvinnen ikke kjenner seg igjen i urbankvinnens virkelighet, kanskje?

Hei, her var nokre kommentarar som eg skulle ha kommentert for lenge sidan. Takk, og orsak: Dei vart borte i tidas krav.

Stat: På sett og vis kan ein vel seie at sentralisering av arbeidplassar og tenester generelt er døme på eit punkt der motstridande interesser mellom fjøs- og urbanfruene kan kome opp. Det vert litt laust i omgrepsbruken dette, fordi sjølvsagt gjeld dette interessene til fjøsMENN òg, men problemstillinga er kanskje meir relevant for ‘kvinner frå bygda’ som gruppe ettersom dei har høgare utdanning enn ‘menn frå bygda’. Sentralisering av høgare utdanning, til dømes, det stadig aktuelle spørsmålet om samanslåing/flytting av dei mange desentraliserte sjukepleie- og lærarutdanningane landet over er kanskje eit døme?

Hydra: Sett i gang…

Iskwew: Eg trur det historiske poenget ditt er veldig godt. Ser me på 2009, er vel skilnadene i praksis utlikna? Likevel trur eg altså ein kan snakke om motstridande interesser på ein del felt, felt som altså handlar om tenestetilbod og arbeidsplassar.

Utan at Frank Aarebrot skal fungere som eit overordna sanningsvitne, ser eg at han meiner spørsmålet om kompetansearbeidsplassar for kvinner er blant distriktsnoregs viktigaste:

http://smp.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20090930/NYHETER/342665756/1002