Kva handlar badedebatten om?

I Luster, Noregs visstnok beste kommune å bu i, føregår for tida ein politisk thriller. Skal torsdagens kommunestyre vedta eit badeanlegg i kommunesenteret til over 90 millionar? Her lyt det bloggast meir.

Så OK. Kva er det alle er samde om i badedebatten? 

Alle er samde om: Badeanlegg er kjekt for innbyggjarane. Det er heldig for folkehelsa. Gaupne får eit attraktivt tilbod.

Alle er òg samde om: Det er svindyrt å byggje og å drive badeanlegg. Difor vil det måtte gå ut over andre velferdstilbod i kommunen frå 2012. 

Så til det meir subjektive. For eg undrast: Kvar er diskusjonen om det siste?

Motstanden mot Luster bad dreier seg nemleg ikkje om hat mot Gaupne, eller om sjansen til å få setje i gang ein bygdestrid, eller om for eller imot Heggmyrane.

Motstanden mot badeanlegget dreier seg om dette: Alle kuttlister som vert laga no, same kor konkrete og gjennomtenkte dei måtte vere og same kva som kjem av lovnader om kutt som ikkje skal gjerast, fungerer berre som illustrasjonar. Men desse kuttlistene er knapt verde papiret dei er siterte på om tre-fire år. Om tre-fire år må eit (nytt) kommunestyre ved kvar budsjetthandsaming om hausten ta omsyn til 5 millionar i auka nettoutgifter til badeland, attåt knapt 6 millionar underdekning på økonomiplanen for 2012 slik han ser ut i dag, etter at det alt er kutta 8 millionar i helse/omsorg. i tillegg kjem alle andre usikkerheiter kring framtidig kommuneøkonomi (avhengig av politiske konjunkturar på riksplan).

Alle skjønar at noko må kuttast. Kor mykje er det umogleg å spå, og kutta kjem der det tilfeldigvis måtte vere eit politisk fleirtal i kommunestyret for å ta dei – i 2012, 2013, 2014 osb. Garantiar no i 2009 gjeld ikkje – det er framtidige politikarar som må forhalde seg til denne økonomiske kolossen som dette badeanlegget er.

Ja, me har skjønt at badetilhengjarane trur dette vert positivt, ein trur ein vinn på folkehelsa, eller som ordførar Urnes seier til Sogn Avis i dag, at har er “overtydd” over at dette ikkje vil gå ut over velferdstilboda. Men kan Urnes forklare kva grunnlaget hans er for å tru dette om 2012? 

Eg ser Urnes er uroa over debatten. Eg trur at det som verkeleg hadde løfta debatten, var om ordføraren kunne forklare oss kva som gjer at han ser seg i stand til å garantere for utfallet av budsjetthandsamingar i 2012. Om han kunne seie berre litt om kva han tenkjer om det innskrenka økonomiske handlingsrommet som kommunen bed om.

Ikkje tru, Urnes, forklar oss.

Kunne du kanskje fått audiens i kommunestyret på torsdag og lagt fram dette, trur du? Trur det er mange som føler seg usikre på alle synsingane kring økonomiutsiktene, innsparingane og effektane generelt kring dette prosjektet!

Helse er i Noreg ei offentleg sak, i alle fall om ein vert sjuk. Eit badeland kan nok, om det vert nytta nok og rett, vere til gode for helsa til Lustringar.

Er det noko anna som kan vere bra eller betre for helsa vår? Hmm, lat oss tenkje oss om litt, kan det vere andre måtar å røre seg på enn å symje?

Kva med; all anna kroppsleg rørsle og trim. Fotballl, gåturar, handball, volleyball, fjellturar, skiturar, boksing, trilling, kajakkpadling, yoga etc. etc.

Og så; skulefrukt og mat, kosthald med grønt og sunt, helsearbeidarar på skule og arbeidsplassen, trim på jobben etc. etc.

Tippar eit eller fleire av desse punkta kan vere ein rimelegare og meir effektiv måte å forbedre helsa til Lustringane.

No svirrar det ulike tal i lufta. Så korriger meg gjerne:

Sjøl om Statkraft byggjer ut Vestsideelvane og Vigdøla i si heilheit, så vil neppe dei årlege inntektene til kommunen som kompensasjon for utbygginga, dekka dei årlege utgiftene til “Luster bad”.

Eit “Luster bad” er nok bra greier, ingen tvil om det. Men det kostar.

Er “badet” for dyrt – eller har Luster kommune forhandla fram ein økonomisk elendig avtale med utbyggjaren…

Då er det berre å bade folkens.