frå Per Olav Kaldestad: Oktober (1993):
Sola er ein vakker villskap over fjellet i sørvest, eg kjører rett imot og får det fingrande lyset over augo. Oktober. Oker og overmodne bær. Om ingenting anna viser at det reine tilfellet rår, kjem det fram i denne månaden, som framleis seier han er den åttande og får verdensomspennande tilslutning så det jublar i klare fargar. Oktober, tenkjer eg og ser for meg bjørnebær i djupe klasar, svarte som sola i ein svart draum, perlete underverk, nett fullførte av naturens evindelege Picasso, som legg seg på fjellet no og veltar glaset av honning utan hemningar over.
Den svarte safta skin i glaset mitt
Ho minner meg om dagane som fór.
Ein radio held fram med vaset sitt.
Eg føler at eg enno har ei jord.
Ho skin, den svarte safta, og er kald.
Ein sommar gjekk og att er dette her.
Dei gamle trudde kvar ein dag var tald.
Eg tel han sjølv og kjenner kor han ber.
Eg fargar dagen i min eigen glans.
Og strekar opp den vegen som er min.
Eg kjører løpet vilt og utan stans.
Og ser i spegelen kor alt forsvinn.
Så overhendig svart i glaset der.
Og alt det blanke lys som enno er.
(Og no er det november.)


Ingen kommentarar
Comments feed for this article
Trackback link
http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=1323