Og jeg gjennom verdens bilder

Vekas familiære storhending er at husbonden disputerer for phd-graden, som det heiter. Alle som er i Trondheim fredag 20. november er hjarteleg velkomne til NTNU til kl 10.15. Då skal kandidaten halde prøveførelesing om “Mål og maskulinitet” (oppgjeve emne). Det vert interessant å sjå om han tek eit flengjande oppgjer med tidlegare forsking her, til dømes med eitt av dei mest sentrale arbeida på feltet, Målkvinner før 1900 (Bjørhusdal 2001).

Såleis høver det godt med eit novemberdikt om historie eller historia eller mennesket i historia. Bjørn Aamodt liknar Georg Johannesen på det viset. Dei skreiv om mennesket i historia, om kva historisk medvit er, og dermed, til sjuande og sist, kva mennesket er.

Urverk II

Verdens mest sammensatte klokke: 14 000 håndsmidde metallbiter
står i glassmonter og viser
seg selv. En menneskehjerne: 14 milliarder celler,

rytmisk arbeidende, koblet
til blodets kraftforsyningsnett med fine tråder
som ender ute på kornmarkene

og i novemberregnet. Ja, verdens bilder gjennom meg, Origo,
som gjennom et brennglass, og jeg gjennom verdens bilder
som en flakkende lykt gjennom høstmørket.

(frå Bjørn Aamodt: Knuter, Mulm og andre dikt 1980)

Var der mange kvinner? Eg må ta meg ein tur inn på biblioteket.

Det kan du gjere!

Det var fleire enn kva nokon gjerne vil tru. Og han O. Grepstad, veit du, han laga ein gong dette oppsettet med omtala og omskrivne kvinnelege aktørar i/frå arbeidet mitt. (Ein del av spørsmålsteikna har OG sjølv seinare erstatta med årstal.) Here goes:

MÅLKVINNER I UTVAL

Maria Alvestad-Haakonsen, Voss ?-?
Jenny Arnesen, Os/Voss 1862-1929
Gudrun Bentsen, Kristiania ?-?
Brita Bjørgum, Voss 1858-1906
Aase Bjørnaraa, Iveland 1863-1954
Randi Nielsen Blehr, Bergen/Kristiania 1851-1929
Bernhardine Catharine Brun, (Bergen?) ?-?
Mette Dahl, Sogndal 1840-1097
Elisabeth Edland, Mosterøy 1869-1091
Hanna Elden, Overhalla ?-?
Mette Elden, Overhalla 1864-1943
Petra Gansmo, Overhalla 1862-?
Anette Garathun, Kristiania 1856-1950
Hulda Bergersen Garborg, Asker 1862-1934
Aadel Gjøstein, Stavanger/Bergen 1869-1915
Anna Welle Grue, Kristiania 1862-1944
Aasta Hansteen, Kristiania 1824-1908
Gro Holm, Odda 1878-1949
Ingebjørg Jore, Rauland/Kristiania 1863-1957
Maria Lavik-Klyve, Bergen ?-?
Karen Grude Koht, Kristiania 1871-1960
Stinette Kvalstad, Overhalla 1862-?
Marie Kviberg, Kristiania ?-?
Petra Kvisli, Stor-Elvdal 1874-1947
Bolette Pavels-Larsen, Bergen 1847-1904
Augusta Mjøen, Oppdal/Kristiania 1843-1924
Karen Nilsen Mortensson, Alvdal 1866-1929
Hildur Nielsen Prahl, Bergen 1855-1940
Synnøve Aarflot Riste, Volda 1858-1889
Wenche Nielsen von der Lippe Sivle, Bergen/Drammen 1856-1932
Margit Bruun Sletten, Kristiania 1874-1958
Marta Tonstad Steinsvik, Asker 1877-1950
Marthine Emilie Strømme, Romsdal 1860-1946
Herborg Brita Utne, Hardanger ?-?
Camilla Vedø, Kristiania 1842-1900
Gunnbjørg Vinje, Vinje 1853-1923
Nikka Vonen, Dale 1836-1933
Wexelsen, Marie, Toten/Trondheim 1832-1911
Fredrikke Marie Gram Qvam, Egge/Kristiania 1843-1938
Lisa Aakre, Voss ?-?

Lister er fint, men eg ville ha litt meir handfaste fækts. Det fann eg heldigvis i Skrift nr 12 frå Ivar Aasen-instituttet. Har lest konklusjonen og avsluttar etter-utdanninga for i dag. No budsjett og kassesystem.

Så innfløkt maskineri, så enkle sjeler, så tilfeldig flakking gjennom verda. Jamført med oss sjølve er me makkverk.

Godt dikt, men kornmarkene? Ikkje kornmakk, ikkje corn fields, men kornåker, venteleg. På dansk heiter visst kornåker kornmark.

Er dette med (spegling gjennom?) origo + brennglas beint fram den gode gamle prismemetaforen. Men nett korleis? Er eg-et sjølve prismet eller brennpunktet eller det som vert brote på hi sida. Og nett korleis kjem lykta inn i biletet?

Slik med ein gong tenkte eg at eg-et både er prismet som bryt verdas bilete men òg det som vert brote gjennom verdas bilete.

Og at ein annan måte å seie det på er å vise kor korleis eg-et sin kropp heng saman med novemberregnet og kornåkeren?

Jamført med oss sjølve er me makkverk, ja, men me har no iallfall lykt, jamvel om me flakkar?