Jol i Jostedalen

Nokon seier dei bur på bygda fordi det er så stilt og fredeleg. Det har aldri vore motivasjonen min, og om det hadde vore det, hadde eg hatt mykje nisseskjegg i juleposten no.

Førre helg: Juleslepp av Jostedal skule- og bygdeavis laurdag, julefjøs sundag. Denne helga: Juleteater, julekostymebursdagsfest, juletapasfest og kollektiv juletrehenting. Neste helg: Julebord på jobb (så tidleg som torsdag, men fredagen går jo òg), julebord for bygda laurdag og skulen sin juletrefest som alltid kjem som julekvelden på kjerringa (og mannen) sundagen derpå. Innimellom skal julenissefest i barnehagen og julegrauteting hos Laila på kaféen trykkjast inn.

Dessutan har eg vore i Trøndelag tre gonger dei siste tre og ei halv vekene, og sjølv om det ikkje har noko med jul å gjere, tek det jo si tid.

Målet mitt for juleferien er å rydde på harddisken, men eg trur ikkje det går når eg tenkjer på programmet for romjula.

Andre som har lyst på julequiz, julesving eller juleøl i Jostedalen i julehelga, kan sjekke her på bygdebloggen. Den som ikkje har lyst, må gjerne melde seg som julebarnevakt.

julebukken i julebåten

julebukken i julebåten’s avatar

Krisesentera melder vel og om høgsesong no snart for å juledengja kjæringji litegrande, i ei ledig stund…
Etter julebordet hender det at me er litt juleutro – det er fort gjort å glemme…
Ein del julesuicidale gjer julesjølvmord, fleire enn elles i året, har eg lese…
Men fullt so dramatisk treng det ikkje vera. Medan julestemningen er på det høgste, er det nokre som får julesamanbrot eller julepsykose – dei følte seg kanskje utanfor , julestakkarane…

Men rett skal vera rett: Sjeldan eg høyrer om slikt her i dalstroka. Er det meste betre her, lyg statistikken eller er det eg som ikkje får med meg ting som skjer… ? Finst sikkert ei sosiologisk analyse som forklarer slikt.

Svakt depressiv julehelsing frå julebukken i julebåten!

PS: Bloggen din er (muligens…) den beste bloggen eg les, ( – men nokre av innlegga blir for lange og/eller vanskelege for meg. Men det er ikkje nødvendigvis ein minus)

Takk julebukk! Og opp med bukkehovudet. Kan du ikkje invitere til noko julebukkspel, eg meiner julebuskspel?

Det blir no julebukkspel som seier jule6 på julebordet til julespelemannslaget. Han Kandalen er ein av dei desidert beste spelemennnene i julefylket. Ein av dei 2 – 3 beste, etter mi meining. Og ho Helene kjenner alle. Og sonen i huset er vel ikkje mest kjend for gammaldans-spel. Men han kan det og, meiner eg. Og berre me drikk nok juleøl, så blir alt så julekjekt skal du/de sjå.

Dagens reklame!

Kan ikkje seie anna enn att her er stilt og fredeleg, sjølv om her er flust med ting ein KAN vere med på, om ein har lyst.