Lys i stille grender, heiter avisa Nationens portrett av Jostedalen i dag. Saka, som går over fem sider pluss framsida, ligg ikkje på nett, men du kan lese den skanna saka her.
Det er ein flott reportasje! Intervju med tilflytta friluftsmann og doktorgradsavhoppar Arne Moe og padlekjærast og akuttsjukepleiar Sigrid Henjum. Intervju med tilbakeflytta Karin Gjerde, som rett nok ikkje har ”65 mjølkekyr”, men som uansett er verdas vakraste kyrabonde. Intervju med den nyss tilflytte huslyden Sagabråten, ved Aviaja, som hadde fylgjande fyrsteinntrykk av dalen: “Her var det dødt”. Og med tilflytta Marit Aakre Tennø, som uttalar at det var ein kraftig auke i folketalet i bygda i samband med kraftutbygginga “rundt 1950″.
Bortsett frå at tilflyttingssjefen openbert har litt å gå på når det gjeld historiekunnskapar, vil eg oppsummere at dette var veldig fint.


Ingen kommentarar
Comments feed for this article
Trackback link
http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=1429