Eg synest Knut Olav Åmås i Aftenposten er ein flink fyr. Og han er definitivt ein av få i rikssynseapparatet som bryr seg om det såkalla distriktsnoreg.
Måndag kunne ein lese Åmås sin kommentar om Mytene om by og land. Hovudtesen er: ”Klisjéoppfatninger av by og land preger norsk kultur- og samfunnsdebatt. De skygger for innsikt i hva by og land virkelig er.”
Det er eit godt utgangspunkt. Bygder og bygdeliv er like ulike som byar og byliv er, og påstandar om at folk i byen ikkje kjenner naboen og at det på bygda berre er bingo, er jamt over ufruktbare generaliseringar. Men dette er òg eit pretensiøst utganspunkt: Her kjem altså sjølvaste Åmås for endeleg å fortelje oss kva som er mytar og kva som er sant om by og land.
Modig start, altså, men eg likar han. Eg likar til dømes påpeikinga av at Oslo ikkje er alle utkantproblems mor. I eit fylke som Sogn og Fjordane er det tettstader som Sogndal og Førde som lid mest under at småbygdene i fylket får eller får halde på tilbod og ressursar. Det er dermed òg frå Sogndal og Førde, ikkje frå Oslo, at det vert gaula høgast om småskulenedlegging, akuttberedskapsfjerning og legevaktsamanslåingar andre stader i fylket (rett nok vert det også gaula ein heil del frå Bergen etter redaktørbytet i BT, men det får eg la liggje no).
No er det sjølvsagt ikkje lokale sentralistar som legg ned tenestetilbod i utkantane, det tek den nasjonale politikken seg av. Men til saman gjev dette folk i utkantbygdene eit anstrengande dobbeltarbeid – me skal liksom gjere felles sak med den regionale eliten for auka ressursar og tilflytting til regionen, men må i tillegg arbeide mot den same elitens indre sentralisme.
Sjølve utgangspunktet til Åmås er folketalsnedgang i distriktsnoreg. Men i framhaldet seier han at det me eigenleg burde snakke om når me snakkar om distriktsnoreg, det er byar som Hamar og Haugesund. Her går folketalet ikkje dramatisk ned, så vidt eg veit. Så kvifor skal me snakke om Hamar og Haugesund om poenget er å drøfte folketalsnedgang og fråflytting? Det er mogleg det finst svar på det spørsmålet. Åmås gjev dei ikkje, men eg kan prøve meg som medium: Vilkåret for at det skal gå bra i utkantbygdene, er at det også går bra i regionsentra (jf. statlege og alle andre typar arbeidsplassar, eit visst folketal for å halde oppe offentleg og privat tenestetilbod, varehandel osb).
Men at det går bra med småbyane fører ikkje utan vidare til at det går bra med dei småbygdene og dei utkantane som faktisk er årsakene til den folketalsstatistikken som Åmås tek utgangspunkt i. Det har me sett gjennom tiår med regional sentralisering. Sjølvsagt er det rett at det mest typisk norske er å bu i ein småby eller i ein tettstad, men kvifor gjer det Haugesund til eit logisk sentrum for diskusjonane om by og land? Kva er det me då skal diskutere? Ikkje folketalsnedgang i rurale strok og nedlagde gardsbruk, iallfall.
For kronikken til Åmås er illustrert av eit (kanskje) tidlegare nedlagt småbruk som no verkar vakkert rehabilitert, og han nyttar sitt siste avsnitt på å slå fast at gardsbruk no må omsetjast fritt (les: kutt konsesjonslovgjevinga) ”…i stedet for å lulle seg inn i illusjoner om at de skal kunne forbli landbrukseiendommer … Det er bedre med lys i vinduene to dager i uken enn ingen dager, er det ikke?”
Svaret ville vore eit rungande ja om spørsmålet var relevant. Men her har nok Åmås lulla seg inn i ein ikkje heilt empirisk haldbar idé (myte?) om at ”to dager i uken” er det einaste alternativet til ”ingen dager”. Er dei like bombastiske, dei som driv ymse rekrutteringsarbeid og gardformidling i småbygde-Noreg? Rapporterer dei verkeleg om akutt mangel på kjøparar til konsesjonspliktige gardsbruk? Eg trur ikkje det. Eg trur både folk og tal kan fortelje Åmås at det ikkje manglar gardskjøparar som ynskjer å heilårsbu. Det er vanskeleg å sjå at å kutte buplikta for å leggje til rette for turistar, er ein superstrategi for å stogge folketalsnedgangen som Åmås peikar på.
Åmås vil ikkje generalisere. Han vil sprengje mytar. Då må han ikkje byggje nye mytar med grunnlag i generell synsing. Skorten på kompetansearbeidsplassar på bygda skal til dømes løysast med å satse på næringslivet. Og kva inneber det i høve til dagens kommunale og statlege verkemiddelapparat? Jau, seier Åmås, det inneber å ”sprenge jantetenkningen og småligheten som fortsatt har så gode levekår i norske lokalsamfunn når det dukker opp dristige nyskapere”. Åmås sin dristige påstand er altså at den (per definisjon) smålege bygda sjølv må bere ansvaret for braindrain og kvinneunderskot.
Utflytting av kompetansearbeidsplassar frå den (per definisjon?) sjenerøse storbyen har Åmås langt mindre til overs for. Difor overser han òg samanhengen mellom etablering av offentlege arbeidsplassar og privat bedriftsetablering i same området – og kokar spørsmålet om kompetansearbeidsplassar ned til haldningskampanjar og antijante. Åmås tek meklarrolla og vil sprengje mytane om by og land, men krev av folk på ’land’ at dei legg bort noko av det viktigaste som kan gje distrikta fleire arbeidsplassar for høgt utdanna kvinner.
Her skal sprengjast meir. ”Det finnes en hel bunt med myter til som vi med fordel kan slå sprekker i: En av dem gjelder glansbildene av det gode, trygge og frie livet på bygda… Idylliseringen av de tette båndene og gjennomsiktigheten i små samfunn er kanskje trukket for langt?”
Vakn opp, Åmås. Kjenn lukta av (sur trakte)kaffi. Både eg og du lever i ei offentlegheit som peprar oss med informasjon om kor feite, deprimerte, uføretrygda og lågtutdanna folk på bygda er jamført med byfolk (og det meste er sant), ei offentlegheit der anonymitet og (den teoretiske moglegheita for) enormt sosialt utval vert sett på som avgjerande for livskvalitet. Kven er det eigenleg som no for tida offentleg argumenterer for at det generelt sett er tryggare og betre å bu på bygda enn i byen? Kven er desse sjølvmordsbombarane som driv med langttrukket idyllisering av gjennomsynlege samfunn generelt?
Underleg med denne sprenginga. Ho har det med å leggje eit nytt, fint støv over omgjevnadene. Her har det i tillegg gått nokre opne dører i smellen.


8 kommentarar
Comments feed for this article
Trackback link
http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=1437
17. December 2009 at 12:07
Bjørn E Flø
Supert innlegg Eli!
Dette må du sende som kronikk til Aftenposten….
17. December 2009 at 20:07
rypa
Tusen takk. Eg har vel brent kronikkbrua når eg publiserer på blogg fyrst…Og så seier eg sjølv takk for den veldig fine og tankevekkjande bloggen din.
19. December 2009 at 00:12
mannemi
Jau, ein flink fyr er han sikkert, Åmås, men, som du òg peikar på; samstundes som han er oppteken av å sprengja myter, er han no sanneleg med på å etablera nokre nye…. Les òg ut av innlegget ditt(som, som vanleg er jæ…. godt formulert) noko som eg òg ser som eit poeng i debatten: det er fleire “typar” sentralisering som råder, eller: fleire grader av sentralisering: frå dei ytterste grender til kommunesenter, til regionsenter, til næraste by – og sikkert nokre “mellomstasjonar” innimellom der òg.
Dette er reelle utfordringar, og dei heng saman! Regionsentra treng innbyggjarar for å hevda seg på landsplan, kommunesentra for å “hevda seg”/gjera seg attraktive/overleva på regionplan og smågrendene for å “overleva” i kommunen. Men, kva er kommunen og komunesenteret utan dei omkringliggjande smågrendene, kva er regionsenteret utan omland og kva er Noregs land utan alt det ovanfor nemnde? Ka ikkje koma utanom å dra parallellar til debattar i eigen kommune for tida, der det “bles ein sterk sentralseringsvind” ( i følgje leiaren i SA hin dagen). Her må det utan tvil sprengjast ein heil del mytar, barrierar og grenser om me skal få til ei god utvikling for kommunen. For Luster kommune er eìn kommune, men dette er det ikkje alltid lett å hugsa på om ein les og høyrer den politiske diskusjonen. Logikken brest t.d for meg når eg høyrer/les at det regulerte og klare byggjefeltet på Borhaug i Solvorn må venta, for ein må prioritera å få fleire tomter klare i kommunesenteret først! I Solvorn går talet på skuleelevar og born i barnehagen nedover – det er umogeleg å få tomt der – folk etterspør dette. I Gaupne er barneskulen full, og må byggjast på.. det er klart ein må få på plass tomtar her fortast muleg, men i Solvorn er dei allereie klåre – men ein må venta, for Gaupne må få tomter klåre først – for her er det mest prekert?! Det er då eìn kommune? Tilflyttarar til Gaupne og Solvorn vil vel betala skatt til Luster “begge to”? Eg har fallt av lasset!, men muleg det er ein logikk ein stad her?!
Med fare for å gi ris til eigen bak: Eg meiner det er på høg tid kommunen gjer ein innsats (med litt sjel bak) i høve å få på plass ein god strategi for tilflytting til kommunen – til ALLE delar av kommunen. Få på plass ein tilflyttingskonsulent som får svung på dette. Det har, så vidt eg har registrert ikkje vore heilhjarta satsa på dette frå kommunen si side, sjølv om “alle” snakkar om kor viktig og avgjerande det er med tilflytting. Det er nok av døme på kommunar, regionar og grender som får dette til. Med føresetnadane som me har i Luster skulle det etter mitt vet ikkje vera noko som skulle verat il hinder for å få til dette her òg!!
19. December 2009 at 00:21
Bjørn E Flø
hei igjen, eg trur ikkje du har brent kronikkbrua sjølv om du har den på bloggen din. Fiks litt på inngangen så vert den anleis av seg sjøl…. den fortenar å vere ein lekk i debatten.. uansett må du prøve, det vert ikkje anna enn nei om dei ikkje vil ha den, men du må vere snar.
19. December 2009 at 01:54
snusken
Det minner meg om at argumenta for å halda på lokalsjukehus er ikkje i fyrste omgang nødvendigvis medisinske, men i høgste grad vern om arbeidsplassar – høgkompetente.
Send det inn! (kronikken altså)
22. December 2009 at 09:28
tante kaaji
Eg såg eit kjent ansikt på s. 3 i kulturdelen i Aftenposten i dag. Gratulerer!
22. December 2009 at 10:40
rypa
Takk! Det ligg her, i ein forkorta versjon i høve den opphavlege bloggposten:
http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/article3435274.ece
Supert om det var bylinebilete i papirutgåva.
Elles tusen takk for kommentarar, som eg er treig til å svare på i den sæle joletid.
Takk særleg for lang og grundig kommentar frå deg, Mannemi. Det er sant og visst alt det du seier. Solvorn-saka har forundra fleire enn deg – alle veit jo at det er mange som har lyst til å bu i Solvorn om det faktisk hadde vore bustader der. Om folketalet i Solvorn går ned, er det ein vilja politikk.
Så er eg positiv, men ambivalent til eit prosjekt for å få tilflytting til heile kommunen. Med den rette personen på plass kan det funke etter intensjonen. Med feil person får me eit (nytt) prosjekt for tilflytting til kommunesenteret.
6. January 2010 at 00:02
steinulf
Hei, og takk på vegner av vanvitug mange for at du gadd kommentera Åmås (fekk det ikkje med meg før no). Blir for enkelt og glætt av forvaltaren av den absolutte fornuft