Det er kaldt om dagane. Det er så kaldt at det er umogleg å gjennomføre nyttårsforsettet om å få fart på jogginga. Bra.
Det nye året byrjar alltid knallhardt, men knallbra med skileik på Haugamyrane fyrste januar klokka 12. I år hadde nabokjeringi og døtrene laga langrennsløype, to hopp og orgeltramp på den tida andre brukte å kome seg etter vitlenyttårskveldfesten. Årets nyvinning var bålfat frå byggjefeltet. Årets mangel var sovepose.






7 kommentarar
Comments feed for this article
Trackback link
http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=1467
2. January 2010 at 23:17
Ragnhild
Brrr, det såg kaldt ut der! Haha, fantastisk sovepose-erstatning det der, men kva skjedde med den stakkaren som åtte jakka? Godt nytt år!
6. January 2010 at 00:00
steinulf
> Det er kaldt om dagane. Det er så kaldt at det er umogleg å gjennomføre nyttårsforsettet om å få fart på jogginga.
Du får gå meir på ski då. For tida lærer til og med bergensarar at ein kan gå på regnet
Godt nytt år!
6. January 2010 at 11:18
Marit
og dessutan, kva med truger?
7. January 2010 at 16:33
Hilde H.
Hva med å trimme litt på idrettssenteret? Det var jo utsendt et arbeidsmiljøtiltak med gratis trim om torsdagen? Eller bytte kontorstolen med en fitnessball?
7. January 2010 at 17:49
rypa
Det var då svært så mange gode framlegg som var komne her då. Eg trur eg knaskar vidare på peparkaka mi og tenkjer på dei 24 minusgradene der ute, og på stakkarane i Bergen som ikkje veit korleis dei skal handtere ei skiløype.
Neste gong eg er ute på truger skal eg jamen meg ta med fitnessballen. Toler han kulde, tru?
7. January 2010 at 18:49
even
Marit har i hvert fall erfart at den ikke tåler varme.
7. January 2010 at 21:29
Hege Lothe
Ha! Ha! Er det fitness-boom i Jostedalen! Storveges!