Ord for snø

Alle veit at det er tull, ei lingvistisk myte, at inuittane har ni eller atten eller seksti ord for snø.  Eg skal snart vise kor mange ord for snø bror min (ikkje eskimo) har. Men fyrst:

Eg veit ikkje heilt korleis eg skal stille meg til kritikken av eskimosnømyten. Jau, eg må jo tru på språkvitaren Rolf Theil når han seier at grønlandsk berre har to snøord. Det er heilt greitt.

Men den lingvistiske hovudkritikken har helst gått på det som vanlegvis er bodskapen til den som attfortel myten - nemleg at språk og verd/kultur heng saman. Nokre lingvistar meiner at det slett ikkje er ein slik samanheng. Og nokre tykkjer at eskimomyten byggjer opp under Saphir-Whorf-hypotesen. Eg veit ikkje så mykje om den hypotesen, men ved å lese denne Wikipedia-teksten synest eg iallfall ikkje den veike versjonen av han verkar så hakkande galen. 

Eg trur mi verd er ganske ulik bror min si verd, og det kan jo alltids vere på grunn av skilnader i snøvokabular. Brodern seier: Kramsnø, rennsnø, laussnø, turrsnø, mjølsnø, drevsnø, snødrev, undersnøisk rim, skare, skavlsnø, flaksnø, finkorna snø (sekskantane er slipt ned), dunsnø (sekskanta form), tettpakka snø, snøflukser, snøgneistar, grovkorna, smelteomvandla, roten snø (førefall), brotskare, puddersnø ( = dunsnø, mjølsnø, laussnø), nysnø, skorpeføre, gjennombrotsføre, slapseføre, rim, hagl, firm. 

Sjølv har eg rim på ruta, snø på trea og sol på Vangsen.

 

snø

Eg las ei fin bok ei gong for lenge lenge sidan. Inuittane hadde eit vakkert ord var det sagt der: Upernasuak. Det betyr ein fin plass å vere om våren. Det likte eg. Om snø kan eg inkje.

skosnø, sporsnø… er nok fleire…

Ein kan hevda at alt dette — så nær som firn — berre er eitt ord for snø, nemleg -snø!

Men seier ein mjøll eller mjell for det som på klissenorsk heiter “pudder”, har ein i det minste eitt ord til for snø.

Denne er ikkje heil komplett:
http://folk.ntnu.no/ivarse/snjoord.html

Spørsmål: Kva er det dei kallar slush (på bakken) på norsk?

Statistikaren: Der eg kjem frå har det lege snø sidan før jul. Det er heller sjeldan at det ligg snø så lenge. Vanlegvis blir det til slaps etter eit par dagar (ofte slær vêret over i sludd eller regn òg). Det kan vel minne om slush i konsistens?

Kjellrun: Det var fint. Du har eit par slike i Bukve.

Statistikar: På sett og vis. Men kva om ein kuttar snø- i samansetjinga? Kuttar til dun, mjøl, kram? Og kvifor er ikkje skare eit snøord?

Sørlending: Eg meiner eg har overhøyrt diskusjonar om kva slush er på norsk, men kanskje er slaps eit greitt ord her?

Statistikaren og rypa og alle andre som mot formodning skulle gidda å lesa dette:

Mellom anna i skaldekvada i middelalderen brukte dei noko som heiter “kenning” (eit slags språkleg bilete). Om dette har noko med “ordmagi” der ein skulle unngå å nemna fenoment med sitt rette namn, veit eg ikkje.

Eg har her i dalen, fleire gonger, høyrt folk på min alder og eldre seia td.: “Ja, no ventar me berre på den kvite mannen!” Det kan td. vera at dei ynskjer sporsnø til jakta, eller at snøen skal koma og isolera slik at vassrøyrene ikkje frys.

Eg vågar å pastå at “den kvite mannen” er (ein) kenning for snø. Er eg heilt på villspor?

Tøft! Det har eg aldri høyrt. Ja, det er vel ein slags kenning? Havets hest, den kvite mannen, ja, jamvel tante raud?

Kem er tante raud?

Du får google (hugs bokmål)

julebukken i julebåten

julebukken i julebåten’s avatar

He he. Var faktisk inne på tanken, men trudde ikkje… osb. Ein del vitsar byggjer på same effekten. “Å ha raud tråd i symaskina” er ein annan kenning for det same fenomenet.

Så mykje tyder på at det ikkje berre er i høgstemt lyrikk som i skaldekvada at “kenning” vart bruka. Også i dag, og også blant ikkje-akamikkarar. Interessant.

Gløymde visst skare.

Å kutta “snø” skaper vel ord, men ikkje så sjølvstendige ord at eg personleg tykkjer det tel. Det skjer fyrst når samansetningane med tida blir trengde i bakgrunnen slik at styttingane blir det mest naturlege alternativet. So lenge orda framleis har karakter av førefeste som har rive seg laus på ad hoc-basis, tykkjer altså ikkje eg dei er i Sapir-Whorf-mål.

Eg er samd i at slush godt kan vera slaps, men eg trur ein del vil hevda at det er råd å skilja mellom desse konsistensane. Det spørst om dei får engelsktalande med på det. Er det gamal, kornut blautsnø dei tenkjer på, meiner eg blautsnø oftast er godt nok. Eller kva skal ein seia til slush-entusiastane?

Den kvite mannen tykkjer eg minner meir om tabunemningar ved fiske (jf. Svale Solheim, som er referert bakpå eit av dei siste Dag og Tid) enn om typiske kenningar, sidan spranget frå snø til mann er såpass langt, jamvel om mannen er kvit. Jamfør t.d. http://www.snl.no/kenning.

Jeg mener det er sørpe og ikke slaps som tilsvarer det engelske slush. Slaps er det sludd blir når det samler seg på bakken.

Utan å ha lese artikkelen, så var vel tabu-nemningar ein slags ordmagi der ein ikkje nemnde tingen/fenomenet ved sitt rette namn. Då fekk ein fisk, veid, sledaføre mm. Brukte ein det rette namnet, oppnådde ein ikkje det ein streva etter.

Forstår ikkje det du nemner med at “spranget” er langt og at dette eventuelt skal ha noko å seia for at me kan kalla de “kenning” eller ikkje.

Grunnordet i kenningar minner gjerne litt om eller har eit kvart med omskrivne å gjera. Når skip er havhest har me allereide likskap i hest, for begge delar er framkomstmiddel. Hav er ei presisering. Likdogg er blod fordi både blod og dogg er væsker, og med presiseringa lik kan det ikkje vera mange alternativ til blod. Men korleis minner mann utan vidare om snø? Her er spranget i alle fall lenger enn i dei fleste kenningar, trur eg.

Du er samd i at samanhengen du nemner (veiding, ynskjemål), minner om fiske?

Slush er utan tvil òg sørpe. Trur ikkje det finst noko riksgyldig skilje mellom slaps og sørpe, men dersom noko er litt fastare og meir kornete (graut), vil fleire kanskje kalla det sørpe (sjølv om sørpe òg kan vera ei blanding av fast og flytande)?

Viss det er slik som du skriv at kenningar må ha større likskap enn fargen, då er eg einig. Eg har ikkje sett dette sjølv, men så er eg ikkje så belesen i dette temaet, heller. Agendaen min var vel at det hadde vore tøft viss eit verkemiddel frå skaldekvada framleis var i bruk blant dei lægre og midtre klassane i ei lita fjellbygd oppe ved breen…

At det minner om fiske, forstod eg ikkje. Men det er heilt greitt.

Hm, interessant, eg lærer mykje.

Har elles lese det siste Fri Flyt i dag og ser at den überkule frikøyringseliten skriv sløsj i staden for slush. Det var no litt kjekt.

Poenget mitt er at grunnordet “mann” ikkje har nokon særskild farge og ikkje liknar på snø. Eg har ikkje røkt etter, men _grunnordet_ i typiske kenningar plar då ha noko sams med det omskrivne? (Fyrst med det eksplisitte attributtet kvit får me ein samnemnar, og det er ei heilt anna sak.) Men uttrykket kan godt vera ei utypisk kenning, for alt eg veit. Interessant var det i alle tilfelle.

Sløsj. Jo, jo. (Hurra for snåo, lissåm?) Dersom norsk verkeleg ikkje hadde hatt ord for engelsk slush frå før, ville det vore eit sterkt motlegg mot både veik og sterk Sapir-Whorf. (Eller kanskje berre mot at dei var opptekne av snøbrettføre før i tida?) Men eg trur ikkje på det.

At gnoretex-kjea (kidsa) kallar sørpe “slush” og mjell/mjøll “pudder” (som om dei cruisa rundt i gangane i Versailles), er derimot ikkje noko motlegg mot S-W-hypotesen. Moderne norsk språk og kultur seier fint lite om tradisjonell norsk kultur, men ein god del om eldre dansk og nyare amerikansk.

Elles er det all grunn til å vera skeptisk til liksomsnusfornuftige norske motelingvistar som skal ha seg femten minutt i rampeljoset for å lansera “kritiske perspektiv” som amerikanske kollegaer i beste fall har anstrengt seg litt for å koma på.

Ok. Agendaen min slo feil. Men det er no like greitt. Spennande so lenge det varte.

Som om det ikkje var nok: No har det kome ei bok om språkmytar. Ingress: “Det er ikke sant at eskimoer har så mange ord for snø. Ny bok tar for seg flere språkmyter.” – sjå http://www.forskning.no/artikler/2010/januar/240529

Snø er snø er ikkje snø. Som ein snikkar ikkje kallar ein 2″x6″ ein planke, kallar ein som td. jobbar med snø drevsnø for finkorna snø. Kva snøtypar møter dei fleste på i situasjonar der ein treng å skildre snøen?
Turrsnø, slaps og skare må iallefall med. Rim er ofte omdanna snø, men ikkje alltid, ofte omtala er no desse krystallane løll. Kramsnø for ungane og nysnø og roten snø for skilauparen. Jaja. I morgon skal det falle nedbør i form av gjennomsiktige krystallar av is som er danna rundt små partiklar i atmosfæra.

…og snøen forandra landskapet rundt dei.

“Språmytene” minner mykje om det som vert kalla “vandrehistoriar”. Og dette er interessante sakar. Vert vel nøydd til å få tak i boka di, Oddmund.

Nei, ver så snill, ikkje kjøp den boka!

Den boka er nettopp eit døme på det Statistikaren nemner her:

“Elles er det all grunn til å vera skeptisk til liksomsnusfornuftige norske motelingvistar som skal ha seg femten minutt i rampeljoset for å lansera “kritiske perspektiv” som amerikanske kollegaer i beste fall har anstrengt seg litt for å koma på.”

Eg skal sjølv kome med ein knusande kritikk av det dei lingvistane seier i det intervjuet som husbonden tullete nok reklamerer for. Sidan.

Og eg lærer framleis mykje.

Sjå til dømes konformistkidsas freistnad på å dra ein original språkgranskar som var så uheldig å ha teknisk gjevnad og genuin interesse for urfolkspråk ned i ei slags komisk søle: “den amerikanske brannforsikringsagenten og hobbylingvisten Benjamin Lee Whorf”.

Så kan ein jamføra leksikonartiklar om BLW med tilsvarande om dei unge norske kritikarane om ein tykkjer det er gjevande å operera på dette nivået.

Ugh!

Presisering: Eg tippar det meste som står i den nemnde boka stemmer, men det treng ikkje vera ein god grunn til å lesa nett den, når det finst så mykje godt og meir originalt på engelsk.

(Om lag som t.d. Ibsen hadde rett i svært mykje, men ein treng ikkje endeleg plaga seg sjølv med manisk rimande godtkjøpsfilosofi på anemisk frøkenspråk av den grunn.)

Har så vidt kika på boka, som ser greiare og mindre pretensiøs ut enn ein kunne venta på grunnlag av oppslaget. Kan sikkertr vera ein god introduksjon for mange, med utførlege tilvisingar til viktige ordskifte. (Finn ikkje nokon nedsetjande omtale av Whorf, så eg tek attende dei krasse orda!)

Far min (og andre gamle herikring) har ordet “avrong” for om lag “nesten-skare”. Utan å vere skråsikker på styrkegraden kan det handle om frosen snø som er i stand til å bere ein vaksen mann, men ikkje hest og slede. Elles er “kvitekaren” ein kjend metafor for snø her i bygdene (men om han kvalifiserer for termen “kenning” overlet eg til nordistar eller andre kunnige).

De bør absolutt senda inn “kvitekaren” (og den kvite mannen) til Norsk Ordbok. Det står korkje i Grunnmanus eller setelarkivet (berre i det dei kallar Metaordboka, men utan utfyllande informasjon).

Det er fort gjort. Her: http://no2014.uio.no/

Grunnmanuskriptet:

*av-rang ? m. hardfrosen snø, skare (”avrång” Nfj og Snm), A, Å. Jfr. avrange og hardang.

av-range m. uppbløytt snø som hev frose til, hjårn; (”avrångje” Bremanger i Sfj); ~ og hjårn ber stødt, derimot ikkje alltid skaren, R.

av-rangen a. som er avrange, hardfrosen, um snø (”avrångjen” Sfj, uvisst), R.