Kultur for næring og sånn

Avisa Klassekampen har denne veka køyrt ein liten, men god serie om i kva grad næringsutvikling heng saman med kultursatsing. På slutten av gårsdagens sak, som ikkje er på nett, vert Knut Vareide i Telemarksforsking intervjua. Han seier mykje som har relevans til mellom anna Luster, men òg debatten om Sogn og Fjordane:

- Når det gjelder kulturtilbud, har vi problemer med å fastslå om det har noen effekt på næringsutviklingen

- Ofte heter det seg at “vi må sette byen på kartet”, og så bestemmer man seg for å oppføre et signalbygg for å øke stedets omdømme. [Men] Forskningen klarer ikke å påvise noen sammenheng mellom omdømme og attraktivitet.

- Signalkultur kontra dagligkultur er derfor et spørsmål som er verdt å tenke på for politikerne.

- Når det gjelder vekst, er tiltak som bedrer dagliglivet til folk flest, det eneste som ser ut til å virke.  

Eg veit ikkje heilt kva uttrykket “å virke” tyder i denne samanhengen, og eg trur nok at desse samanhengane som forskinga ikkje kan dokumentere, vanskeleg let seg dokumentere innanfor ei kvantitativ samfunnsforskingsramme. Likevel synest eg motsetnadsparet signal(kultur) kontra dagleg(kultur) er verd å tenkje igjennom.

Kvardagen vert av ein eller anna underleg grunn oftast undervurdert

Det er vel ikkje enten eller her heller.

På Eid trur eg kvalitet på kvardagskulturen t.d. gjennom høgt kvalitet på lærekreftene i kulturskulen, gav grobotn for litt signalkultur. I lag vert det ein positiv spiral og god trivsel.

Det gjenstår framleis å sjå om det vert næring utav det?

Både Gloppen og Eid har satsa pengar på kulturbygg. I fjor vart både Operahuset på Eid opna og Kulturhuset Trivselshagen i Gloppen. Felles for dei prosjekta er vel at ein til dagleg fyller husa med kvardagskulturtilbod – kino, kulturskule, osb.

Ein vonar vel på at det skal skape trivsel i kommunane, men samd i at det gjenstår å sjå om det vert næring ut av det. Det har vel ikkje vore eit uttalt mål i Gloppen. Men det er absolutt ei målsetting at Firda vgs. skal halde fram med å få vere ein veldig bra vidaregåande skule, og det også er jo næringsutvikling. Trass i at det ikkje vert rekna som så veldig kul næringsutvikling.

De har sjølvsagt rett alle tre. Det eg tykkjer er interesant, er at noko som har vore teke for gjeve i samfunnsutviklingsverkemiddelapparatet (jøsses) så lenge – nemleg at kultur skaper næring, og at omdømebygging = attraktivitet – ikkje kan dokumenterast. Det må med andre ord enn så lenge reknast som mytar. (Truleg har ein så små tal her at det omvende heller ikkje kan seiast.)

Elles misunner eg Eid og Gloppen kulturhusa deira, og det er klart at desse bygga kan gjere daglegkulturen rikare. Men då må nettopp dette vere eitt av måla med det nye signalbygget.