Den Norske Turistforening. Kommers heilagdom?

Den norske turistforening (DNT) er ein nasjonalheilagdom. Men ikkje alle bøyer seg i støvet. I romanen Adjutanten skildrar Jørgen Norheim ein tysk gamling som har busett seg på ein fjellgard over Sognefjorden. Ein dag får gamlingen overraskande vitjing av to ukjende damer som utan vidare bed han om kaffi og vaflar med rømme og jordbær. Damene kallar kvarandre Tulla og Vesla og snakkar ”i eit høgt toneleie, svært tydeleg og lett overspent”. Snart går det fram at Tulla og Vesla er fjellvandrarar som har misteke bustaden hans for å vere ei DNT-hytte. Dei går, men bed ikkje om orsaking: ”Nei, vet du hva!”

Dette er karikert. Likevel: I nokre lokalsamfunn har nok DNT vore identisk med dyre anorakkar frå Oslos vestkant som inntek fjellheimen med pengar, men utan kunnskap. Men den siste veka har DNT fått kritikk av andre enn surmaga bygdefolk. No er det dei kule kidsa i friskare delar av friluftslivet, dei med randonnéski og skredsøkjar, som kritiserer turistforeningen.

DNT øydelegg for lokalt næringsliv, seier Trygve Sunde Kolderup, redaktør i friluftsmagasinet UTE. Kritikken går på at DNT er ein så tung aktør med så stor marknadsmakt at han skvisar mindre aktørar. DNT sine økonomiske musklar, delvis bygde på statsstøtte, tek turane og kursoppdraga frå lokale kommersielle fjellføringsfirma –mellom anna fordi DNT nyttar ”friviljuge turleiarar”, som Kolderup seier.

Og han seier det vonleg ikkje forakteleg. For frisk skiboms må ikkje drive ufrisk kritikk av viktig dugnadsarbeid. Ein kan ikkje vere indignert over at folk driv friviljug arbeid fordi dette kan øydeleggje marknaden for kommersielle krefter (om enn aldri så små og lokale). Ofte er då òg dei lokale DNT-folka dei beste. Ein kan iallfall ikkje utan vidare hevde at ein profesjonell, internasjonalt godkjend tindevegleiar frå bygdas kommersielle fjellføringsfirma alltid er meir kompetent enn ein ikkje-betalt turlagsleiarar i det lokale DNT-laget – på turar i nettopp hans område.

Likevel er det på sin plass å diskutere DNT si rolle i norsk fjellheim. For nasjonalheilagdomen er eit troll med mange hovud. Dei lokale turlaga er ein viktig del av norsk folkerørsletradisjon, med dugnadsarbeid, kulturkveldar og allmenn folkeopplysning. På nasjonalt plan er organisasjonen noko anna. Han er ein sørvisorganisasjon på line med Norsk Automobilforbund – folk er medlemer for å få medlemsfordelar, og han har politiske synspunkt om miljø og naturvern – synspunkt som medlemene lyt svelgje om dei òg vil ha hyttehermetikk. Og ikkje minst er det sentrale DNT ein kommersiell reiselivsaktør som driv i serverings-, overnattings- og fjellføringsbransjen i distrikts-Noreg, og som tevlar knallhardt og høgst uheilagt med andre. Det er når dette sentrale DNT brukar eigne ikkje-lokale førarar i område der det alt er stor tilgang på meir kompetente, kortreiste guidar, at røystene hevar seg.

Og kritikken trengst. Nasjonalbiletet av DNT som berre idealistisk og nikkersaktig velmeinande bør redigerast. Og han trengst, fordi det etter kvart er mange mindre aktørar som murrar. Eg legg til grunn at også DNT meiner at lokale guidar er betre enn ikkje-lokale. Såleis kan eg ikkje skjøne anna enn at organisasjonen har eigeninteresse i å svi av nokre hermetikk-kroner på å leige lokale, kommersielle førarar. På det viset vil DNT byggje fjellsportinteressa kringom i norske bygder.

Dette er dagens Nationen-spalte. Denne veka har det gått eit ordskifte i Aftenposten mellom Kolderup og Merete Habberstad, infosjef i DNT. Her er svaret frå Habberstad, og her er Kolderups nye svar til Habberstad.

Fint at du tek opp dette, rypa!

Eg er mest oppteken av at naturvernet ikkje blir ofra (på Mammon sitt altar).

Christian Rekkedal

Christian Rekkedal’s avatar

Det er viktig å diskutere korleis natur og komers kan gå i hop, inkludert DNT si komersielle rolle i fjellet. For mange år sidan deltok eg på eit møte på Skogadalsbøen, der tema m.a. var helikoptertransport av drikkevarer inn i dette verneområdet. Vanskeleg sak. På den eine sida er den halvliteren eg kjøpte etter ein lang dags fottur, den beste eg nokon gong har smakt. Men på den andre sida er det vanskeleg å forsvare auka helikoptertrafikk i eit verneområde for å frakte øl og vin, særleg når vi veit kor strenge reglar det er (og skal vere) for helikoptertrafikk i slike område. Eg synst det må vere vanskeleg for DNT, som elles er så oppteken av rein og urørt natur, å forsvare slikt.

Chr

Det er mange vanskelege og viktige problemstillingar her, og ein må vel alltid prøve å få til dei beste kompromissa mellom natur og kommers.

Eg trur diverre mange oppfattar DNT som ein tvers igjennom ideell, friviljug organisasjon som arbeider eit skylag over dei meir jordiske, kommerse aktørane – sånn at det å bruke DNT = å ’spare’ fjellheimen’, medan det å bruke lokale firma = å kommersialisere fjellet. Men slik er det jo ikkje. Kanskje tvert om.

Ja. Mellom anna. (Mellom oss: Sjekk Hellebø-bloggen)

Dei flaug altså inn øl og vin i eit verneområde med helikopter?

Ja, ja. Det er vel i samsvar med dei nye menneskerettane våre. Ein skal kunna nyta alt (det same) på ein gong alle stader på kloden, mot betaling og utan spørsmål om bensinbruk.

Det er ei naturleg utvikling, for det ligg i vår natur. Per definisjon naturvenleg, altså.

Fjellførar pensjonist

Fjellførar pensjonist’s avatar

Får litt flashback frå tida som breførar.
Synest det var utruleg morosamt når firmaet eg jobba vart kritisert for å merke opp ruter på breen. Av DNT!!!!
No var det sikringar me sette opp, men likevel er det noko som skurrar frå tid til anna i DNT.

Vedr. DNT på nasjonalt plan: mener du at det er forskjell på hva DNT sentralt mener (om f.eks. naturvern) og hva medlemmer mener? (siden du skriver “svelge”). Etter et år som ansatt i DNT sentralt oppfatter jeg det ikke slik, særlig etter alle henvendelse jeg mottar fra medlemmer i hele landet. Tvert i mot, les f.eks. 2009-landsmøtets resolusjon om kystlandskap , enstemmig vedtatt av 56 medlemsforeninger.

Orsak seint svar og takk for kommentar.

Nei, eg har ingen grunn til å meine at det er skilnad mellom naturvernsynet til medlemene og sentralleddet. Det eg trur, er at ein ikkje blir med i DNT pga desse haldningane til naturvern, men pga medlemsfordelane og aktivitetane. Så får ein naturvernet på kjøpet, noko som truleg er helit uproblematisk for dei aller fleste medlemer. I det lyset var verbet ’svelgje’ villeiande.

Carl S Bjurstedt

Carl S Bjurstedt’s avatar

Blogginnlegget ditt fikk fornya aktualitet nå som det sto på trykk i Ute-mag. Historien fra “Adjutanten” har virkelige paralleller. En kollega har familiehytte et par hundre m fra ei selvbetjent DNT-hytte. De har stor moro av å studere oppførselen til DNT-hyttegjester som tror at hytta deres er DNT-hytta, etter hvert som det går opp for gjestene at de er på feil hytte…

Du setter fingeren på noe viktig – DNTs janusansikt med på den ene siden stor dugnadsinnsats fra frivillige både i by og land, mens kontingenten er med å holde liv i et etter hvert ganske stort og bra lønna sentralt byråkrati. (Vel så bra avlønna som deres offentlige “motstykker”.) Ikke spesielt for DNT, gjelder langt på vei alle de store frivillige ideelle organisasjoner.organisasjonene. Men som offentlig naturforvalter opplevefopplever jeg nok at DNT ser på seg selv som spesiell.

Hahaha!
Vel, då må eg på gardane for å få tak i Ute. Takk for at du sa ifrå!