Dikt og forbanna blogg

Eg har gløymt å leggje ut eit januardikt. Merkverdig, ettersom me har hatt ein så lyrisk januarmånad. No er det februar, men det er iallfall onsdag, så då høver det godt med   

For ein onsdag i januar

Ein onsdag i januar
gjekk eg ned bakken
med hendene på ryggen
og såg på skyene
som var låge og grå

og la merke til
det var godt det eg gjorde
der eg kom gåande.

Eg blei glad
så glad eg kan bli
men eg stoppa ikkje for det

eg kom gåande nedover bakken
slik eg før hadde gjort.
Eit minne for livet rikare.

(Frå Einar Øklands Romantikk. Folkeminne. 1979)

Eg tenkte at 70-årsjubilanten Einar Økland trass alt er verd å markere her på bloggen. Eg seier trass alt, fordi eg aldri har vore veldig begeistra for Økland som (lite synleg) debattant og som essayist. Eg tykkjer han stadig tek sånne schmarte oppgjer med ting og tilhøve som eg ikkje heilt ser relevansen av. Men det er sikkert berre meg, som feigingane seier, dessutan likar eg dikta til Økland veldig godt. Så då går me over til andre meir eller mindre smarte oppgjer:

I laurdagens Nationen var det ei sak om blogging og bruk av sosiale medium i Sogn og Fjordane. Eg er ei av dei som er intervjua. Saka kan du lese her.

Eg kan nok ikkje seia at eg har lese so mykje av Økland. Men det vesle eg har lese tykkjer eg er skikkeleg bra.

I ei lærebok for ungdomsskulen står ma. “Vanskeleg snall – om steling.” Dette vesle essayet må vel vera ei “perle”. Både for vaksne og unge.

Skal vera “Vanskeleg snakk – om steling.”

Utan at eg skal seie at eg har lese veldig mykje av Økland, har eg iallfall prøvd å like han, nettopp fordi det er så mange bra folk som eg kjenner meg i andeleg slekt med (hah!) som likar han.

Men eg greier ikkje. Eg synest det programmatisk uprogrammatiske hjå han er så føreseieleg.

Men dikta altså, dei synest eg er bra!

Eg vil òg gjerne lika han. Men det er trass i den kultiske muren kring han. Sjølvgodheita i Økland-dyrkinga blir vel berre overgått av Johannesen-kultusen. Den innhole negativismen er òg ein samnemnar, sjølv om Økland er passiv-aggressiv der Johannesen fauk i strupen på alle dei “dumme” (som ikkje truga hans symbolske posisjon).

Eg sympatiserer likevel i utgangspunktet med det upretensiøse hjå Økland, og interessa for dei små og sære emna. Men litterært “klaffar” det ikkje ofte nok til at eg held interessa oppe. Når forståsegpåarane hevdar at det klaffar så voldsomt, kjenner eg meg dessutan som ein blind og dauv idiot. Så blir eg endå meir lei av meg sjølv, og det påverkar uvilkårleg oppfatninga av Økland. Er det rettvist eller urettvist? Og i så fall: mot kven?

Heller enn 1 frå meg vil eg seia 1-1 — frustrerande ambivalens. Det er kan henda slik det skal vera?
1-1
1-1
2-0?
= 4-2 til Økland?

Heh, eg tek den siste frå den fyrste til Statistikaren til etterretning – lett å rette bakar for smed eller kva søren.

Så eg vil heller ikkje vere med å innkassere nokon siger her.

Kanskje eg verkeleg må setje meg ned med Økland no, for å gjere kritikken litt skikkeleg.

Og Økland er vel meir filosof enn debattant.