Det trengst to til tango

Tidlegare denne veka, torsdag 4. februar, var eg i ordskifte på tvitter med Håkon Haugli, stortingsrepresentant for Ap frå Oslo. I eit oppslag i Nationen kritiserte Haugli Liv Signe Navarsete for å vere for beisk i anti-oslo-retorikken. Eg tykte Haugli hadde fleire gode poeng, men òg eit par dårlege. Det dårlegaste er at han manglar forståing for andre landsdelars ynske om å ta større del i statleg institusjonsbygging.

I staden for å sitere Haugli direkte, refererer eg han. Eg veit ikkje om det er skikk og bruk å klyppe andre sine tvitringar direkte. Men om ein går inn på Hauglis twitterprofil og sjekkar 4. februar, vil ein sjå replikkane nett slik dei var. Ordskiftet byrjar med min fyrste kommentar til Nationen-oppslaget.

Eg: @HakonHaugli Interessant. Kva synest du så om vestlandsregionalismen m utspring i Bergen? Den byggjer jo òg på ideen om makt mot Oslo?

Haugli svarer at han ikkje forstår kvifor “vestlandsregionalisme”, dvs. regionalt samarbeid, må bygge på ideen om motmakt mot Oslo.

Eg: @HakonHaugli eit faktum at samarbeidet m a botnar i skepis til relokalisering av nasjonale inst. til sentralaustlandet http://bit.ly/c6LOF0

Haugli svarer at han ikkje trur motstand mot Oslo er (den einaste) grunnen til at Stavanger og Bergen samarbeider.

Eg: @HakonHaugli ikkje motstand, men maktoverføring. Er vel noko naivt å tru at slike regionale samarbeid ikkje har ambisjonar om (meir) makt?

Så kjem ein ny debattant inn på bana, og minner Haugli om skeivfordelinga mellom Helse Vest og andre helseføretak, dessutan om ressursane som vert skapte på Vestlandet.

Haugli svarer at me må auke samla verdiskapning i Noreg, tenkje post-olje og 2050, og ikkje krangle om kva del av landet som har størst andel i dag.

Eg: @HakonHaugli Politikk = fordeling og prioritering, som du som politikar må ta stilling til. ‘Verdiskaping’ er då ikkje eit alternativ t det.

Haugli svarer at kompetanse er ikkje er eit knappheitsgode som må fordelast, at meir kompetanse i Bergen ikkje tyder mindre kompetanse i Oslo eller Sveio.

Eg: @HakonHaugli Meir lotteritilsyn i Førde betyr vel mindre lotteritilsyn i Oslo?

Ja, seier Haugli, om me måler vellukka distriktspolitikk i antal lotteritilsyn.

Eg: @HakonHaugli Det gjer me ikkje. Men ein kjem ikkje forbi at talet på statlege institusjonar er relativt viktig for ein vellukka hovudstad.

Eg fekk ikkje svar med ein gong, og sidan eg var på veg opp på Haugen i 11-årsdag, skreiv eg ein til: 

@HakonHaugli Det prinsipielle sp.målet er korleis du som osloengasjert politikar stiller deg til regionsamarbeidets mål om maktoverføring.

Svaret frå Haugli er at dei fleste i Oslo ikkje har makt, og at Oslo består av meir enn regjeringskvartalet. Kvifor Førde – og ikkje Tøyen eller Stovner?

Eg: @HakonHaugli d er nok litt kortare avstand til arbeidsplassane i regjeringskvartalet for dei som bur på Tøyen enn for dei i Førde el Bergen

Men det er der du tek feil, seier då Haugli til meg. For mange på Tøyen og Stovner er “avstanden” til regjeringskvartalet mykje større enn for mange i Førde, forklarer han vidare.

Eg: @HakonHaugli den sosiale avstanden finst både på Tøyen og i Førde. Så er det òg ein geografisk avstand = bakgrunn for regionbygging/-samarb

Og der var samtalen slutt. Kva seier dette oss? For det fyrste at sosiale medium kan føre oss nærare dei folkevalde. Ros til Haugli for at han tek diskusjonen. For det andre at it takes two to tango, og at tilkvesst retorikk mellom ’by og land’ ikkje berre skuldast manglande forståing frå ’land’.