Den såkalla læringsdiskursen

Norsk lærarutdanning er i endring. Eg kunne ha sagt mykje om det. Mest skeptisk er eg til tendensen til at pedagogikken et seg inn på faga sine område. For å spissformulere med ei omskriving av heilt uskuldige Halldis Moren Vesaas: Det heiter ikkje norsk lenger no. Det heiter læring.

For er me ikkje alle pedagogar, i røynda? Profesjonsutdannarar? Har ikkje eg like mykje til felles med andre stipendiatar på lærarutdanninga, stipendiatar i matematikk og pedagogikk, som eg har med mine kollegaer på norsk? Driv me ikkje alle eigenleg med læringsforsking, om me no er matematikarar, norskfolk eller  idrettsforskarar?

For å prøve å svare på det, skal eg prøve å seie noko om læringsdiskursen i norskfaget. Då må eg byrje med å stille eit nytt spørsmål: Kva er no faget mitt? Eg tilhøyrer tvillaust eit (skule)fag –norskfaget. Men norskfaget sin einskap har vore diskutert i 200 år, sidan omgrepet norsk byrja gje meining i opplæringskontekst. Det største skiljet har tradisjonelt stått mellom språkvitskapen (lingvistikken) og litteraturvitskapen. Desse to norskfaglege disiplinane støttar seg på ulikt vitskapsteoretisk grunnlag: Medan dei mest reindyrka lingvistiske disiplinane nærmar seg naturvitskapen i sin ambisjon om ’forklaring’ og objektive storleikar, er det litteraturvitskaplege og (kultur)historiske i norskfaget tufta på hermeneutisk ’forståing’ og intensjonalitet.  Me snakkar på mange måtar om heilt ulike vitskapar, noko som viser seg i at skulefaget norsk ikkje er spegla i forskingsfaget norsk.

Såleis er det sjølvsagt ikkje råd å seie kva som er typisk for didaktikken og læringsdiskursen i ’norskfaget’ frå eit teoretisk, syntetiserande perspektiv. Ein kan i staden ta ein heilt empirisk ståstad: Kva driv norskdidaktikarar med? Eg vil på ingen måte gje eit forskingsbasert svar på det no, men kan seie noko om inntrykka mine. Tyngdepunktet ser ut til å liggje på skriving (norm, sjanger, vurdering – både gjennom klasseromsforsking og som tekstanalyse), lesing (avkoding, språkkompetanse, tolking – både klasserom, tekstanalyse, andre metodar), andrespråksforsking (klasserom, tekst), grunnlagsproblem/faghistorie (tekstanalyse), språkplanlegging (norm og normal, tekstanalyse).

Kva seier dette oss? Det seier litt om spriket. Mange skrive- og leseforskarar driv i dag med klasseromforsking som ikkje skil seg frå det ein pedagog gjer. Mange skriveforskarar driv med tekstlingvistikk og retorisk analyse som ligg langt frå kjernedisiplinane i pedagogikken. Men likevel: Felles minste multiplum for alle fagdidaktikkar er allmennpedagogikken. Og di meir fagspesifikk ein vert, di mindre vert felles mellom faga. Korleis klare å ta vare på det faglege mangfaldet når ein av strategiske grunnar prøver å framstille det store mangfaldet av fagdidaktikkar som ein einskap, når ein av strategiske årsaker vil vise fram eitt satsingsområde (= læring)?

Norskfaget vart av politiske grunnar kalla norsk, læringsforskinga vert av strategiske (politiske) grunnar kalla læring. Etter nokre opprivande grunnlagskampar på 1990-talet, trur eg det er rett å seie at fleire og fleire innanfor norskfaget lever godt med medvitet om at den faglege overbygninga er strategisk, ikkje vitskapsteoretisk eller metodologisk. Det er kanskje ei nyttig sannkjenning for oss i ”læringsforskingsdiskursen” òg?

Som wannabe-akamikkar burde eg truleg halda meg borte frå ein diskusjon på dette nivået. Men sidan dette var så pass interessant…

Flott at du trekkjer fram skiljet mellom språkvitskapen og litteraturvitskapen. Sjølv om dette truleg er ei forenkling, illustrerer det likevel særs godt problematikken ein møter i ungdomsskulen – mellom anna som norsklærar.

Og no gler eg meg til å lesa meir om kva ein på forskar-nivå skriv om dette og mykje meir av det rypa trekkjer fram.

Ei god sak om det same i gårsdagens Dag og Tid

http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1699

Kva for ei “fagleg overbygning” er det som er strategisk? At alt du reknar opp, blir hevda å tilhøyra faget “norsk”? Eller det eg eigentleg meinte å spørja om var: kven er det som eigentleg er kompetente til å utdanna norsklærarar? Kva treng ein ha lært seg sjølv før ein skrid til dette verket? (-truleg ein dårleg metafor i dette tilfellet)

Det er meinte (meiner) er: Norskfaget er mange fag (og det er det jo mange fag som er). Men av strategiske/politiske/organisatoriske grunnar har ein valt å ha eitt fag som ein kallar norsk. Og slik som eg oppfattar grunnlagsdiskusjonane i norskfaget no, er det ikkje lenger så mykje mas om å finne den eine, sams legitimeringa for alle retningane.

Eg skulle ynskje det galdt læringsforskinga no. Me som driv forsking ved norske lærarutdanningar driv nemleg per deff med ‘læringsforsking’, då av strategiske grunnar: Me skal ha eitt satsingsområde osb. Det hadde ikkje vore noko problem i og for seg, hadde det ikkje vore for at læringsforsking i praksis har ein tendens til å bli snevra inn til samfunnsfaglege aktivitetar.

Heile poenget mitt er at studentar ved allmennlærarutdanninga treng å lære NORSK. Dei treng å lære korleis dei skal finne det finitte verbalet i ei setning, dei treng å lære kvifor me framleis har nynorsk og bokmål, dei treng sikkert å lære om Knausgård og (jau, det gjer dei). Lærarstudentar som skal ha norsk treng fyrst og fremst lærarar som kan mykje norsk. Eg vonar dette er eit synspunkt som eg deler med dei som står attom den nye lærarutdanninga.

Kunne ein sagt det slik: dei må læra seg å lesa? Dvs. “læra å lesa tekstar på norsk”? Som min rettleiar har sagt det: målet med eit filologisk studium er å bli i stand til lesa ein tekst og kommentera han.

Ja. Lese som lese ein TEKST i kontekst. Ikkje lese som konnotasjonsformidling på sjølvstyr. Det siste kan òg sosiologane heilt greitt klare.

Ålmenne litteraturvitarar også.

På den motsette fløyen blir nok også hard core-lingvistane skvisa, i det parole blir viktigare enn langue.

Du har sikkert mykje rett i det du skriv, men det er ein ting som eg har tenkt på. Frå mi eiga skuletid kan eg sjeldan minnast at det var nokon som klaga over at ein lærar var fagleg svak. Derimot var det ikkje ei heilt uvanleg utsegn om ein lærar at “han/ho er flink, men ikkje så god til å lære bort”.

Utifrå dette skulle eg kan hende tru at det var just fagdidaktikken som er det som mest trengst styrkjast i lærarutdanningane.

Ein føresetnad for å vere flink til å lære frå seg, er at du HAR noko å lære frå deg. Ein anna føresetnad er engasjement for faget. Fagkunnskap og fagengasjement er fyrst og fremst resultat av jobbing med faget. Eg presiserer at eg er heilt for vektlegging av (den didaktiske) problemstillinga ‘korleis lære faget bort’ på norske lærarutdanningar. Det eg er redd for, er at denne vert stadig meir fortrengd av (den allmennpedagogiske) problemstillinga ‘korleis lære bort’.

Akademikar: Er lingvistar som berre er opptekne av langue filologar? Impliserer ikkje omgrepet filologi omgrepet historisitet = parole?

Eg har forresten aldri likt omgrepsparet langue/parole så godt. Får liksom ikkje heilt taket på det – anten er det utruleg banalt (system/bruk??), og då vert eg så skuffa, eller så er det berre frykteleg vanskeleg. Men kan me omsetje det til struktur/historie? Vel, det vil snart vise seg, for her har eg jamen Frans Gregersens doktoravhandling i to band framfor meg. Sukk.

Eg prøver meg med eit naivt system: Lærarutdanninga kan svinga mellom det som KUN er (norsk)fagleg – og det som KUN er rein pedagogikk.

For å kommentera Sørlending system, så var dei “gamle” norsklærarane dyktige (for si tid) fagleg sett – det formelle med rettskriving grammatikk sat spikra! Den pedagogiske sida (tippar eg) var ikkje like godt utvikla alltid (på godt og vondt).

I dag vil eg tru at mange lærarstudentar og nyutdanna lærarar ikkje er like oppdaterte i det formelle (td. grammatikk og rettskriving). Ulike teoriar innan pedagogikk og metodikk er dei truleg betre orienterte i.

Ein eller annan “gyllen middelveg” mellom FAG og PEDAGOGIKK må vel vera bra. I våre dagar vil eg personleg tru at ei (svak) dreiing mot det faglege kan vera sunt.

Me lærarar har vel elles ei tung bør å bera like frå sofistane si tid. Og kan me ikkje seia at desse var nokså innretta mot “pedagogikken”/det relative og mindre mot “faget”/det ideelle/jakta på sanninga…

Dette var synsinga mi. Gler meg til å lesa meir frå forskarhald!