Me har vore på vinterferie. Vinterferie på Stord, paradoksalt i teorien, smart i empirien, ettersom det no er meir snø på sommarøya enn på Myklemyr. Oppsummeringar frå årets vinterferie (avvikla frå fredag kl 14.00 til sundag kl 23.57): På strekninga Jostedal skule – Sande, Gaular får ein akkurat lese Morgenbladet og Dag og Tid. Dei ytre delane av Sognefjorden (Vadheim, Norevikane, Torvund, Lavik) har ikkje veldig mykje til felles med Lustrafjorden. Det er godt å sove i bilen om kvelden når ungane er pakta bort, og ein vert såleis i veldig fin form til kveldens sunnfjordtreff i Bergen. Ein kan drikke veldig mykje raudvin medan ein kranglar om kor vidt Petter Northug eigenleg er usympatisk, tilhøvet mellom Helse Bergen og Helse Vest og funksjonen til Statped, så mykje at det ikkje er noko problem å setje seg i ei leiligheit på Landås klokka 3 om natta og sjå heile Super-G med Svindal og 15 km med Bjørgen i opptak. Det er på si side grunnen til at ein legg ut mot Stord i nærast tussmørkre laurdagsettermiddag, og sjølvsagt ikkje når ferjo men likevel førtiårsfesten, som, fordi ein har sove heile føremiddagen, varer ut i svært små timar. Når diskusjonane om kven som eigenleg var generalsekretær i Senterpartiet før 1995 og om Northug er usympatisk forstummar i femtida, er det på tide å leggje seg slik at ein kan stå opp att ein gong midt på dagen og atter leggje ut i tussmørkret. Og eg kan love at ingenting er så mørkt og tomt som Lavikedalen i februar (det må i tilfelle vere ein viss usympatisk langrennsløpars blikk), det må jamvel ein jostedøl kunne seie. Litt før 20.0o arriverer me fødestaden åt vesle Daniel, hiv ein julemiddag i oss og vår eigen vesle Daniel og ei av storesystrene hans i bilen. Høgdepunktet er definitivt dei tretten sms-ane som sunnmørsberta får sendt meg mellom Osen bru og Bringeland, definitivt ikkje skytinga til Berger og Flatland på radion. Me sjekkar inn i fjærlandsbommen klokka 22.45 og kjenner at me er heime. Etter ein god time med dårlege P1-tilhøve (men med Vaffelhjarte lesen av forfattaren sjølv som einaste alternativ) ligg eg i senga mi og tenkjer at vinterferie på Stord må gjentakast, it would be, it would be so nice!
Etterskrift. Lykken er ingen liten ting: familie, vener og ein god sjåfør.


4 kommentarar
Comments feed for this article
Trackback link
http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=1543
24. February 2010 at 22:40
mannemi
På “fjesbokspråket”: Marianne liker dette! Thumb up! Livets små og store gleder er “uransakelege”, individuelle og veldig, veldig viktige : )
25. February 2010 at 15:36
Hege Lothe
Eit kjapt søk på Wikipedia syner at eg stod på rett side i spørsmålet om kva tid Steinar Næss eigentleg var generalsekretær i Senterpartiet. Jammen fint gitt… og fin helg.
25. February 2010 at 15:53
rypa
Til lukke med det, Hege! Der og då var det vel ingen som hadde finmotorikk att til å gugle på mobilane sine.
Og Mannemi: takk for fin kommentar.
1. March 2010 at 21:29
Hege
Tusen takk for besøket, seier me her frå den vinterlege sommarøya.
Kjekt å sjå så mange gamle (!) vener her, synd det vart så lite tid. Sei frå neste gong du skal til Bergen. Dessutan: Svært gjerne fleire vinterferiar på Stord!