Vinterleikar i bokheimen

I dag er det eg som har fått æra av å stå for Dag og Tid si baksidespalte Tre favorittar

Sqauw Valley 1960
Men no skrid Kuppern i Squaw Valley!, skreiv Olav H. Hauge i 1961. Knut Johannesen går sin livs titusenmeter på kunstisen i California og hjarto stoggar i radiolyttarane i hardangerstova.  Ordi fær ein djervare sving, såleis at ingen norsk idrettsutøvar nokon gong har fått eit venare dikt.

Innsbruck 1976
For Ragnar Hovlands hovudperson i Sveve over vatna (1982) vert OL i Innsbruck ein nedtur. Årsaka er ikkje fiaskoen til Oddvar Brå, men Sandra, som har så vakker rompe at snøen smeltar, men som ikkje er interessert i OL. Når vår mann høyrer på skøyteløp, meddeler Sandra at ho liksom ikkje synest dei har kome ”så jævli mye videre” i forholdet. Eit olympisk varsel om forgjengeleg kjærleik .

Oslo 1982
Det var rett nok ikkje olympiade, men for eit VM! Gullfebern herja, og fem år seinare kjem ein feberheit kjærleiksroman som startar i skoddehavet under storbakkehopprennet i Holmenkollen. Publikum ventar på start nummer 48, Masahiro Akimoto, i det ein knallhard snøball med perfekt skru treffer Nelson frå Brasil midt i panna. Meisteren bak kastet er oslojenta Hildegun med raudt hår og overbit. Medan Matti Nykänen hoppar til gull vert sekstenåringane kasta inn i kvarandre, og for meg, som var femten og korkje frå Oslo eller Rio, var Jon Michelets Den flygende brasilianer kjærleik ved fyrste treff.