Blått lys for nynorsk?

Nynorsk er på retur i norsk skule. No er dette på ingen måte ferske nyhende: Nynorsk har vore på retur i norsk skule sidan førtiåra. I dag er nynorsk det som internasjonale konvensjonar kallar eit mindre brukt språk – det er altså i minoritetsposisjon. Det har nynorsken sams med ei rad andre språk i verda.

Mange av desse mindre brukte språka er i dødens posisjon. Dei mest pessimistiske språkforskarane meiner at opp mot 90 prosent av språka i verda kjem til å forsvinne i dette hundreåret. I 2003 gav kanadiske Mark Abley ut boka Spoken here, som er ei reise mellom truga språk på alle kontinent, frå australske Marri Djabin til atlantiske færøysk. Abley konstaterer at når ungar mest berre møter majoritetsspråket i skulen, når minoritetsspråket ikkje har status mellom tenåringar, når all populærkultur vert formidla på majoritetsspråket – ja, då brenn eit blått lys for det vesle språket.

Så er det alarm for nynorsk? Vel, Mark Abley reiste iallfall aldri til nynorsk-Noreg. I global samanheng er nynorsk langt frå å bli rekna som eit truga språk. Det absolutte talet på nynorskbrukarar har gått lite ned dei siste ti åra, nynorsk er ikkje under press som offisielt språk og nynorsk styrkjer seg i kjerneområdet Vestlandet. Likevel er det eit faktum at om lag ein tredjedel av landets nynorskelevar byter til bokmål i løpet av skuletida si, og at prosenten er enno høgare i dei nynorske enklavane på Austlandet.

Vår mann med språkreiseboka, Abley, ville kanskje sagt at eit slikt språkskifte er trasig, men likevel svært vanleg for språk som er så pass små som nynorsk er jamført med bokmål, og at nynorsk trass alt greier seg ganske bra i internasjonal målestokk. Men i vår heimlege debatt vert språkskiftet frå nynorsk til bokmål gjort til eit spørsmål om individuelle kvalitetar ved nynorsken, ikkje som noko som strukturelt gjeld for små språk verda over.

I norsk offentleg ordskifte er det til dømes mogleg å meine at språkskiftet til bokmål er eit resultat av norma i nynorsk, altså korleis nynorsken ser ut. Ikkje nok med det: Det er mogleg å samstundes meine at det er for vanskeleg å skrive nynorsk fordi ‘alt er lov’ men at det dessutan er dumt at ein ikkje kan bruke dei bokmål- eller dialektformene ein sjølv vil. Ikkje sjeldan møter ein påstanden om at den manglande bruken er nynorskens eigen ’feil’ – fordi han i seg sjølv er ’unaturleg’ eller ’bondsk’, eller fordi brukarane av han har desse kjenneteikna. Såleis kan språkskiftet frå nynorsk til bokmål sjåast på som eit argument mot nynorskens eksistens: Når nynorskelevar sjølve byter bort nynorsken, må det tyde at nynorsk er umogleg og ikkje har livets rett.

Men om ein løfter hovudet frå andedammen, ser det på mange vis enklare ut. Språkskifte er eit problem alle språk i mindretalsposisjon opplever. Det skjer fordi majoritetsspråket, i kraft av at det vert nytta meir i populærkultur og utdanning, vert lettare å meistre og dermed kjennest mest naturleg. Walisisk vert såleis vanskelegare enn engelsk i Wales, samiske språk kjennest vanskelegare ut enn norsk i Noreg.

No har Språkrådet sett ned eit utval for nok ein gong å revidere nynorskrettskrivinga. Det kjem ikkje til å ha noko å seie for språkskiftet. Det som trengst er meir nynorsk, særleg i opplæringa, ikkje ein annan nynorsk. På same måten som det trengst meir walisisk i Wales og meir samisk i Sameland.

Slik lyder førre laurdagsspalte i Nationen.

God tekst! Det er forresten utruleg fascinerande å sjå alle dei som får til å kombinera klaging over for stor valfridom med klaging over at dei ikkje kan skriva nett slik som dei snakkar.

Takk! Ja, det er somme tider (ofte) slik at ein ikkje heilt veit kvar ein skal byrje.

Snart er det vel blått lys for norsk som språk? Ellers byttet jo jeg fra nynorsk til bokmål når jeg gikk i åttende klasse. Det var ikke et valg som mange i klassen gjorde – men det passet for meg. Talespråket mitt er nok mer likt bokmål. Leste forresten Anna Gavalda på nynorsk her for en stund siden, og hun skriver en mer sprek og lettlest nynorsk. Da er det kjekt å lese nynorsk litteratur :-)

Statistikaren

Statistikaren’s avatar

Moderne nordmenn er truleg av dei mest bortskjemde språkfolk i verda. Nynorsken er ikkje laga for bortskjemde menneske. Det er ein viktig grunn til at nynorsken slit.

Det å kunna skriva slik ein talar, har stort sett vore eit privilegium for hovudstadseliten og dei som hermar etter den. Dei fleste land har eitt skriftspråk “per språk”, og skriftspråket er vakse fram av og basert på overklassens språkregister. Desse makttilhøva ligg nokså fast, og dermed kan ein berre ein få meir samsvar mellom tale og skrift ved at kvar generasjon knotar meir (tala meir som overklassen). Det er denne stendige overgangen til gamle statusformer (som dermed misser status) som gjerne kallast språkutvikling no (noko heilt anna enn det meste av språkutviklinga frå føralfabetisert tid).

Striden for eit eige nasjonalmål gav oss nynorsken, men produktet vart kuppa av striden for personleg sjølvrealisering før den fyrste striden var vunnen. I mellomtida er norsk talemål språkhistorisk mykje godt forvandla til variantar av nokså tradisjonell oslonorskdansk med dialektsubstrat (snart berre med talemelodien att). I dag kan dei fleste nordmenn leggja skriftmålet nokså nær talemålet, men det finst grenser.

Alle veit kor fenomenalt talemålsnært ein kan skriva i Oslo vest, og dei fleste misunner, medvite eller umedvite, dei bokmålstalande privilegia deira. Mange nordmenn sit enno for fast i lokale normer (om aldri så utvatna) til å tevla om desse føremonene. Men det finst altså framleis eit anna normsentrum: Den sokalla “smidige” (ugh!) nynorsken som ligg nær opp til bokmål, men òg liknar morfologisk på moderne sunnmørsk, som har stor tyngd i nynorskflokken.

I dette landet har me difor to privilegerte “vestkantar” som kappast om å klina skrifta mest mogleg egosentrisk og ortofont (lydrett) opp mot talen. Er det nokon tvil om at den ekte vil vinna?

Det fell få inn at det finst eit anna perspektiv på tilhøvet mellom tale og skrift enn den borgarlege ekstremortofonien som nynorsksida har laga ein rørete utkantversjon av. Dette andre perspektivet ligg heng saman med klassisk målreising, som er grunnen til at me i det heile har eit ekstra skriftmål som sjølvnytarane kan tukla med. På sitt beste handla ho om å lyfta all norsk opp i skriftmålet gjennom ei normering som ikkje favoriserte eit språksosialt maktsentrum på lydrett vis, men som sette opp skriftormer som var reint språkleg representative (resultatet kan diskuterast — i byrjinga, hjå Aasen, innebar representativ ofte fullstendig, og dermed i lengste laget).

Innstramingsstrevet i nynorsken = den konsoliderte nynorske b-vestkanten på offensiven. Paradoksalt nok er normmangfaldet dei vil til livs, eit resultat av deira eigne vulgærortofone haldningar i eit tidlegare Noreg, der målføremangfaldet var større. Sett på spissen er det dei som byrja å bryta sund landsmålet (med dei beste intensjonar), som no vil prøva å sikra seg sitt brotstykke, det største. Dei forstod aldri Aasens verk, særleg ikkje dei mest lovande klasselause kvalitetane i det.

Sidan striden for norsk mot dansk er historie, sidan interessa for klasselaust språk er mindre enn “vestkantmisunninga”, og sidan ekstremortofonien ikkje eingong vart avslørt då syskenbarnet ekstremkapitalismen kom på tiltalebenken, +++ er det berre eit tidsspørsmål før nynorsken forsvinn. Dei tradisjonelle drivkreftene er borte, medan den viktigaste nye: den ortofone misunninga, berre kan munna ut i bokmål.

Personleg er eg glad for at målstriden snart er over, men lei for at eg vaks opp med eit norddansk provinsmål som morsmål, i ein provins full av hat mot det tradisjonelle målet, i staden for å veksa opp med eit verdsspråk.

Språkstriden (i ei tyding, iallfall; å uttrykkja seg vil alltid vera ein kamp) er over. Eg har alltid vore språkpolitisk pasifist.

Som du seier, handlar det ikkje om nynorsk mot bokmål. Kvifor skulle det handla om det? Kan henda handlar det ikkje om norsk mot engelsk, heller – ikkje alltid. Norsk er eit språk det blir produsert mykje tekst på. Mest idioti, så klart, men sånn er det vel med alt språk. Språkdebatten eg saknar, er den skandinaviske. Vi les ikkje avisene til kvarandre. Redaksjonane omset innlegg og essay skrive på grannespråka. Norsk, svensk og dansk er som dialektar å rekna, med saman er vi ei større gruppe språkbrukarar enn t.d. grekarane. Ikkje misforstå: Eg ønskjer slett ikkje å gjera meg til talsmann for ein altfor sterk regional identitet og for sjåvinismen som følgjer, men det har noko med kulturell elastisitet å gjera.

Statistikaren

Statistikaren’s avatar

Vel, det handlar no uvilkårleg om bokmål mot nynorsk for so vidt som nynorsken og dialektane blir utraderte av bokmål. Men det er sjølvsagt best å ikkje tenkja på det, eller tenkja at det ikkje har noko å seia. (Eg for min del blir uvel av servilitetsdriven språkendring, men eg arbeider med å fortrengja det.) Homogeniseringa er ikkje til å stogga, berre til å utsetja. Det gjeld allstad.

Heilt samd i at det er ille at ein lyt omsetja mellom nordiske språk. Men huff — lat oss sleppa hundre års seigpining med eit eller anna skavlansk skandipuddingspråk som so skal forsvinna likevel. “Det nordiske” seier meg ingen ting. Ikkje “det norske” heller. Berre “størst mogleg språkrikdom” (dvs. kognitive ressursar for menneskeætta). Men den saka er tapt om det skal tyda flest mogleg rikt utvikla språk. Det som står att, er eitt mest mogleg utvikla språk. Ingen grunn til ikkje å gå beint over til engelsk so snart som råd.

Det ser kanskje mørkt ut m o t flest mogleg “kognitive ressursar for menneskeætta”. Men for nynorsken sin del vil eg vel tru det enno tek si tid før alt går åt skogen. Det har altså med den formelle statusen til nynorsk å gjere, og den stabiliteten i bruken som trass alt finst særleg på Vestlandet. Og i staden for å vente og fortrenge og å innbille seg sjølv at tevlinga mellom bokmål og nynorsk ikkje finst, synest vel eg det er ei betre løysing å gjere det vesle ein kan/orkar for å rette opp dei største skeivheitene som er produserte av den høgst eksisterande språkstriden. Til dømes at nynorskelevar har dårlegare opplæringsvilkår enn bokmålselevar særleg m o t læremiddel og organisering av opplæringa.

Vestkantmisunning, B-Vestkant, ekstremortofoni og servilitetsdriven språkendring, eg skrattar! Å, den som var sosiolingvist!

Og takk for kommentarar, alle, eg les og lærer.

Hilde: Eg likar betre språket i Gavalda-bøkene (Tove Bakke) (trass i at det er mykje prikkprikkprikk) enn eg likar innhaldet, må eg vedgå. Eg synest Gavalda gjer det litt lett for seg. Det stygge og vanskelege er liksom ikkje skikkeleg stygt og vanskeleg, mest idyllisk og eksotisk, og til slutt går alt opp i ei høgare eining av perfektheit, vakre menneske, lukke, kjærleik, sex og mat, som det jo gjer i dameromanane. Men den vesle Eg elska ho, som var den andre ho gav ut, trur eg, den hadde noko ved seg. Den likte eg.