Det er syttande mai i bygdas storsal, det vil seie gymsal. Tretti barneskuleelevar på scenen og Bjørnstjerne Bjørnson i lufta. Ingerid Sletten av Sillejord, Reven lå under birkerot og ikkje eit auga er turt. Heller ikkje mine. Eg tykkjer det er finfint at ungane mine lærer om historiske personar og dermed kan lære av historia. Eg har ingenting imot forfattarjubileum i seg sjølv.
I 2010 er det hundre år sidan Bjørnson døydde. Me har nett vore gjennom Hamsun-år, Wergeland-år og Ibsen-år. Alle desse feiringane har vore drivne av staten, med Kulturdepartementet, Nasjonalbiblioteket og Riksarkivet som tunge aktørar. Hamsun-året og Bjørnson-året har målformuleringar som er nokså like, mellom anna ved det at dei ikkje inneheld eitt kritisk ord om forfattarane. Så kva kan ungane mine lære av det? Kvifor må historiske personar som vert feira, på død og liv aktualiserast i tydinga rehabiliterast?
Som alle jubileum er Bjørnson-året ein politisk kamparena. Tolkinga av fortida formar forståinga av notid og framtid. Nasjonale jubileum er fortetta uttrykk for kva sentrale kulturstyresmakter tykkjer er politisk og kulturelt viktige spørsmål og verdiar i dag. ”Bjørnson for vår tid”, er mottoet i år. Men vent. Om du les målformuleringar og andre tekstar på nettstaden til Bjørnson-året for å finne grunngjevingar og bodskap, vert du vonbroten. Det næraste me kjem konkret politikk og uttrykte verdiar, er dette: ”Som nasjonsbygger i sin tid ville han sivilisere Norge. Samtidig markerte han seg som kosmopolitt og engasjerte seg i datidens store saker i Europa.” Det er fyrst og fremst Bjørnsons samfunnsengasjement som vert lyft fram som eit ideal for forfattarrolla. Men er engasjement viktig uansett kvar det fører?
Bjørnson var nynorskhatar og forakta sentrale deler av bondekulturen og bygdene. Dessutan hadde han òg ei radikal tru på nasjonalt sjølvstende og kjempa mot store unionar, ikkje berre den svensknorske. Både riksmålsfanatismen og nasjonalismen til Bjørnson er noko som gjer den unionsvenlege nasjonale eliten kring Oslofjorden i dag forlegne, til liks med ei rad andre av Bjørnsons standpunkt. Når den same eliten skal forme ut bodskapen sin for Bjørnson-året, har han ikkje anna å gjere enn å vere diffus. Bjørnson-året vert eit konsensusjubileum fordi det er for pinleg å politisere. Dermed vert jubileet for det fyrste keisamt. For det andre får det slagside: Skoddelegging og tabuisering av Bjørnsons viktigaste politiske standpunkt gjer han til nettopp Oslofjordens Bjørnson.
Dessutan har alle dei største norske forfattarane vore samfunnsengasjerte. Hamsun var òg nasjonsbyggjar, ville sivilisere Noreg, var kosmopolitt og europapolitisk engasjert – men då med motsett føreteikn enn Bjørnson, vil mange hevde. I fjorårets Hamsun-feiring vart såleis ikkje idealet om den samfunnsengasjerte forfattaren lyft fram. Arrangørane ville heller rehabilitere forfattaren som nasjonal helt. Men dei offisielle freistnadene på å setje lyskastaren på litteraturen i staden for nazismen fungerte stikk i strid med det som var intensjonen. I staden vart det debatt om nettopp forsøka på å sjå bort frå Hamsuns politiske engasjement.
Slik vart Knut Hamsun-jubileet ei storstila og nyttig påminning om stornazisten Knut Hamsun, og dette gjorde jubileet vellukka og lærerikt for både ungar og vaksne. Å underslå dei mørkaste og merkverdigaste sidene ved Bjørnson, er difor å gjere seg sjølv (og Bjørnstjerne) ei bjørneteneste.
**
To bloggings på to dagar? Ein raptus? Dette var dagens Nationen.


4 kommentarar
Comments feed for this article
Trackback link
http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=1700
29. May 2010 at 17:50
Ottar Grimstad
Veit du kva; dette visste eg ikkje om Bjørnson. Det var spennande og interessant.
29. May 2010 at 18:54
rypa
Tusen takk, @ottgrims!
31. May 2010 at 10:54
Hege Lothe
Eg tykte utspelet til Sylfest Lomheim i NTB-NPK i april, var heilt på sin plass. Eg limer inn deler av artikkelen:
“Nynorskhatar med eige jubileumsår
(NPK-NTB-Trine Andersen): Utan Bjørnstjerne Bjørnson hadde nynorsken stått mykje sterkare, meiner Språkrådets direktør Sylfest Lomheim.
Han er éin av ni som blir videointervjua om Bjørnson i den store jubileumsutstillinga som opnar i Nasjonalbiblioteket laurdag. Kong Harald skal opna utstillinga, og sparkar dermed i gang Bjørnsonåret 2010. Året markerer at det i år er 100 år sidan forfattaren og samfunnsdebattanten døydde på eit hotellrom i Paris.
– Bjørnson var ein språkvinglar av rang. Han er éin av dei få eg veit om som endra språksyn radikalt gjennom livet, seier Lomheim.
Mot nynorsken
Ifølgje språkdirektøren var Bjørnson ein folkemålstilhengjar i ungdommen, og var også inne på å skrive noko på landsmål. Men så skifta han side, og mot slutten av livet frå 1900 til 1910 drog han rundt i landet på foredragsturné og argumenterte for at landsmålet måtte bort.
– Han talte mot nynorsken og for det språklege sambandet med Danmark. Han ville ikkje eingong helse på målfolk, seier Lomheim.
I eit tilfelle skal Bjørnson ha ropt til ein kjent målmann: – Jeg tar Dem ikke i hånden!
Bjørnsons foredragsturné skjedde i ei tid då Noreg var blitt sjølvstendig og nynorsken var på frammarsj.
– Bjørnson hadde ein sterk posisjon og det var mange som lytta til han. Eg trur at dersom han ikkje hadde levd, hadde nynorsken stått sterkare i dag, seier Lomheim.”
11. June 2010 at 21:19
rypa
Ikkje rart den mannen fekk målprisen åt Luster Mållag i fjor. (Lomheim.)