Aglurk

Det er mange lure nyhende no om dagen, og her kjem ei til. 

Det er mi plikt å informere om at dei to luringane på biletet har lånt det omtala instrumentet frå ein skrekkslagen husbond. Det vart forært honom for tapper innsats etter 125-årsjubileet i Det norske samlaget i 1993. No er han redd for at det skal verte kverrsett som daudeleg våpen av det sørafrikanske avinor. Eg er naturlegvis likahendt.   

Tingen kjem elles ikkje frå Joste-, men frå Østerdalen. Eg veit ikkje om lurblåsing er typisk jostedalstradisjon. Eg har iallfall aldri sett nabokjeringi med lur på kjøkenet, og det seier sitt.

Eg vil tippa at ei dobbel blokkfløyte er mykje, mykje verre enn to enkle.

Blokkfløyta er undervurdert. Kan laga nydeleg – til dømes – barokkmusikk. Finst sikkert på youtube.

Og ei lur nabokjerring finst det vel mange av.