Eg har valt dette Jakob Sande-diktet i høve brekurset med Noregsguidane som eg har vore på. Og avbrote. Stortåa sitt fordømte grunnledd er likevel ikkje det som konnoterer lyr og sei. Det er sjølvsagt det at eg mot alle odds har lært meg dobbelt fiskeknute. Me kan òg seie at diktet er i høve måsen over Bøverbreen. Eit framandelement er han, men likevel ikkje så ille som helikoptera som dura mellom Krossbu og Skogadalsbøen med halvliterarar og ved (?).
Sommarfiske
Å nei, for ei makelaus moro det var
å flakke på fjorden som fantefri kar
når sjøen låg solblank i juni,
og vasse ved strender av taremjuk leir
og leite fram bortgøymde sjøfuglereir
som varme, små groper med dun i.
Men likast av alt slik ei midtsommarstund
var likevel leiken i pollar og sund,
når silda tok land, som det hende,
og farty kom saman frå sør og frå nord
mot notfolk og skjeggete basar ombord
som kyndig på loddlina kjende.
Og straks vi av fuglen fekk varsla og frett
at no var eit steng bort i pollane sett,
då var vi der alle på timen
og la oss ved notveggen, båt etter båt,
med festa i kavlen og ripa innåt
den sylvblanke småsildestimen.
Og skytett oppover det aulande stål
stod måsen og flaksa med skriking og skrål,
og stupte i nota som galen,
og utanfor notveggen, storøygd og stinn,
i nyttelaust stræv for å komme der inn,
stod lyren og seien og palen.
Der stod han for matfatet, svolten og snak,
og straks vi frå nota i agnsild fekk tak
flaug vegna vår handfritt frå borde.
Og nett då vi steinen kontant slepte i,
vi mulla ei urlita bøn og sa tvi,
nett slik som dei vaksne det gjorde.
So låg vi for ripa med reiskapen vår
og såg ned i sjøen, uendeleg klår,
kor agnet vårt skinande søktest,
og flakkande skuggar sveiv til og i frå,
og stana ved agnet vårt ender og då
til dess det kom bort som det sløktest.
Då var det eit bask so det skvalpa i sjø,
det skein i ein fiskebuk, drivkvit som snø,
so bar det i med å hale,
snart hardt so vi oppreist i båten laut stå,
og snart laut vi gje oss og slakka litt på,
for greiene våre var skrale.
Og når han so endeleg vassmålet tok,
og dansa so sjøen ikring stod i kok,
laut kleppen i sving før han stoppa,
og fyrst han var kleppa var saka blitt grei,
og snart låg ein velvaksen lyr eller sei
og sprala so tiljene hoppa.
Slik låg vi forkava kring nota i ring
og gløymde bort dagen og verda i kring,
- kvart kastet med spaning oss fylte,
fornøgde med livet og sutalaust fri,
- det var berre sola og måsen og vi,
og fisken som lokka og trylte.
Og når vi omsider mot kvelden sa stopp,
og trøytte for dagen drog vegna vår opp,
var fisken lagd bak i ein dunge,
og når so til sist heim i støa vi kom,
var bakskuten full nok, men magen var tom,
og augo var søvnsmå og tunge.
Or Guten og grenda (1945)


2 kommentarar
Comments feed for this article
Trackback link
http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=1715
26. June 2010 at 07:49
Odd Frantzen
Takk for litt Sande, Sunnfjord og sommar.
26. June 2010 at 21:48
rypa
Det optimale Sande, Sunnfjord og sommar er Dalsfjordveka i august. Kobbeskjerkveld, kaffi i Klokkargarden og marknad i Melkevegen. Det er bra!