Mørke julinetter

Me kom att for nokre timar sidan. Det har vore ei veke og 2200 km i (og til og frå) Trøndelag. Trondheim-Stjørdal-Steinkjer-Grong-Namsskogan. Strompedal, Finnvolldal, Bjørhusdal, Brekkvasselv, Lindsetmo. Namsskogan-Høylandet-Foldereid-Kolvereid. Kolvereid-Rørvik-Lauvøya-Rørvik-Abelvær-Namsos. Namsos-Namdalseid-Fosnes-Malm-Follafoss-Verrabotn-Meltingen-Leksvik-Vanvikan og endå ei Rørvik, før Flakk lyser imot oss. Kvite netter med fuglar og mygg. No verkar krundalsnatta så mørk og still.

Kjære Eli. Då eg las overskrifta på innlegget ditt trudde eg ærleg talt at innlegget skulle handle om noko anna enn at nettene i Krundalen var mørke. Meldinga om at det var JostedalsArne som omkom i Molladalen fredag kveld, var tung å få, og har lagt si skugge over dagane og nettene dei siste dagane. Mine djupaste medkjensler til alle jostedøler. Klem