Det ligg i ordet: Agurktida er ei tid for dyrking av det gode liv på landets grøde. Iallfall om ein skal tru avisene sine livsstilssider, med tips om norske bygdeperler, gardsferie, historiske hotell, fjelltur og kystkos med tilhøyrande ganefart, matvegar, kulinariske løyper, godt norsk og smaken av Noreg. I dei glansa magasina skal det vere nært, norsk (men òg gjerne toskansk, ein er ikkje alltid så nøye på det), slow og økologisk.
Denne veka melde mellom anna Aftenposten om eit statleg utviklingsprogram for matspesialitetar i landbruksnæringa. Av nisjeprodukta som er nemnde, er nokså kjende matvarer som smør frå Røros, sider frå Hardanger og geitost frå Undredal i Sogn. Aftenposten-journalisten kan likevel ikkje dy seg – han minner om satsinga på lama og tilsvarande nisjar på nittitalet, og ymtar om at det kanskje etterkvart går den vegen strutsen sparkar med ost og epledrykk òg.
For det er lett å ironisere over norsk landbruks rognebærgele, flatbrød og krydderost. Slow food- og lokalmattrendane har ikkje dei same føresetnadene her som i pionerlandet USA, der marknadene er mykje større og det konvensjonelle landbruket langt meir industrialisert. Så når ein sunnfjordsk gründerbonde smiler frå avissida med blåmyglosten frå Dagros i den eine neven og strandlaukpuréen i hin, er det lett å få vondt i magen: Me ser alle kor utenkjeleg det er at slike produkt nokon gong kan gje eit levebrød. Den urbane middelklassen græt sine krokodilletårer for kortreist kantarell og nisjeneslesuppe, men til no har vel ikkje matsnobbane i slowfood-rørsla vore nemneverdig på bana i spørsmål som gjeld livsvilkåra for norsk småskalalandbruk og for norske småbygder.
Somme går så langt som å hevde at norske bønder er lurte av landsbruksstyresmakter og verkemiddelapparat til å satse på moterette, men livsudugelege nisjeprodukt i staden for tradisjonell jordbruksproduksjon. Eg veddar ei kasjmirgeit på at slike synspunkt vil kome fram att no, etter at utviklingsprogrammet for nisjemat har sett av 62 millionar for 2011 for å gje draghjelp til småprodusentane.
Men kritikarane har ein tendens til å karikere. Sjølvsagt kan satsinga på geitepølse og bergmyntete aldri kunne kompensere for den generelle nedgangen i norsk landbruk. Når krava om auka lønsemd i det konvensjonelle landbruket vert møtte med at ein heller må satse på ost og vin, gjeld det å ikkje bli bondefanga, og i staden halde oppe bondefana. Samstundes skal ein sitje langt unna norske småbygder for å avvise alt som gjeld produksjon av lokal nisjemat. Me som bur i småskalalandskapet, ser kor viktig det er at gardbrukarar nyttar ressursar og røynsler til å vidareutvikle matproduksjonen på garden og i grenda framfor å finne seg ein jobb på næraste kommunale kontor.
I Luster, heimkommunen min, er nisjeproduksjon av frukt- og bærvarer ein aktivitet som kjem på toppen av landbruket som elles vert drive, og i beste fall er det òg med på å styrke jordbruket her. For den vesle sognebygda Undredal er lokal osteproduksjon ein hjørnestein. Og ja, desse døma gjeld små bygdelag og dermed få menneske. Men at det gjeld få, vil jo ikkje seie at dei ikkje gjeld. Nisjeprodukta er ikkje redninga for norsk landbruk, men kanskje har dei vore berginga for nokre norske bygder. Det er eigenleg nok for meg.
(Dagens Nationen-kommentar er illustrert med ein gul, saftig kantarell over ei trefjerdedels avisside.)


Ingen kommentarar
Comments feed for this article
Trackback link
http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=1737