Politikk for periferien

Dette er innlegget eg heldt til ein vestlandsturnerande Jonas Gahr Støre førre måndag (1. november):

Bestillinga her i dag er å seie noko om kvifor regjeringa og Arbeidarpartiet slit på Vestlandet, og kanskje i lys av det få sagt noko meir overordna om vestlendingar og Vestlandet. Ut frå det som er fagfeltet mitt, motkulturrørsler, bygdefeminisme og nynorsk skriftkultur, kunne det vere freistande å hoppe rett inn i premissane for problemstillinga og å konsentrere meg om kva som gjer Vestlandet til noko heilt spesielt i norsk historie: Eg kunne ha fortalt den klassiske vestlandssoga om lina frå underdog-kristendom til reisinga av eit norsk, ikkje-kolonialt skriftmål via radikale venstre og vestlandsfanden til Einar Førde og monstermastesak i Hardanger.

Men det skal eg ikkje gjere. For eg synest problemstillinga er problematisk. Er det no slik at regjeringa slit meir på Vestlandet enn elles? Det tvilar eg kanskje på, men om det no stemmer, ja, då spør eg meg: Kjem regjeringsslitasjen av dei same grunnane over heile Vestlandet – i Nordfjord som i Bergen som i Ryfylke?

Det trur eg ikkje. Spørsmålet om ”Vestlandet sitt tilhøve til den raudgrøne regjeringa” føreset eit vestlandsk interessefellesskap som i liten grad finst. Og eg trur heller ikkje det fanst i monstermastesaka, som i hovudsak den var eit hardanger- og bergensopprør som resten av Vestlandet stilte seg nokså likegyldig til. Saka tente likevel som agent for ein symbolsk konflikt, ein konflikt som styrande politikarar og viktige mediekanalar her vest (som ofte høyrer til på høgresida) nører opp under i langt større grad no, når ei raudgrøn regjering styrer, enn når Høgre (eller Ap) styrer åleine.

Det som får opp temperaturen her i fylket er heilt andre spørsmål, no for tida sjukehussaka, men òg til dømes skulenedlegging – og med kommunestruktur som ei tikkande tillitsbombe. Det er altså ikkje tilsidesetjinga av ”Vestlandet” som skaper politiske reaksjonar kringom i dei vestlandske lokalsamfunna. Det finst ingen verkeleg vestlandsvariabel i hardangersaka, eller i kommunestruktursaka eller i sjukehussaka.

Sjølv trur eg at det som har tært på regjeringa no, er den klassiske sentrum-periferi-konflikten i full utfalding. Og den går ikkje langs Langfjella, men tvert igjennom Vestlandet og alle andre landsdelar og verdsdelar. I kraftlinesaka var det nok Hardanger-Bergen mot Oslo, men i dei brennande sakene i dette fylket står interessekampane i like stor grad mellom regionale sentrum og regionale utkantar.

For det handlar jo om (geo)politiske interesser. Saka om kommunesamanslåing viser dette svært godt. Posisjonen ein tek i kommunesamanslåingssaka, er svært ofte avhengig av om ein bur i ein sentral eller perifer kommune i ein region. Folk frå Sogndal og folk frå kommunen min, Luster, er samde om mangt og mykje. Men me vil fort kome til å ha motsett syn når det gjeld samanslåing av Sogndal og Luster. For folk i regionsenteret Sogndal står ingenting på spel om kommunane skulle bli slått saman. Men for folk i Luster kan det medføre eit svekt lokaldemokrati og lang avstand til det kommunale tenestetilbodet, og, viktigast, lang avstand til kommunale arbeidsplassar. For mange i min veldrivne kommune er det svært vanskeleg å sjå kva ein har å tene på kommunesamanslåing.

Og dette er jo den kondenserte sentrum-periferi-spenninga i Noreg i dag: At vi i periferien opplever at sentrum ikkje har respekt for areal og avstand (kommunen «min» Luster, som er ein av dei «små» kommunane i Noreg, har 22% større areal enn heile Vestfold fylke).

Dette er viktig når ein kjem for å ta pulsen på Sogn og Fjordane. For det som nemleg gjer Sogn og Fjordane til noko heilt anna enn dei vestlandske nabofylka våre, er at det er grisgrendt her. Sogn og Fjordane er saman med Hedmark og Oppland det mest grisgrendte fylket i Noreg, med 44 prosent av innbyggjarane i «spreiddbygde strok” (SSB 2009). Sjølvsagt då med den skilnaden at Sogn og Fjordane manglar eit urbanisert tyngdepunkt som Mjøsregionen. Sogn og Fjordane liknar altså ikkje på noko anna fylke, berre på delar av andre fylke. Og ikkje hjelper det med desperate urbaniseringsstrategiar heller. Sentra her er, av historiske grunnar, for veike til å kompensere for folketalsnedgang i dei perifere områda.

Difor er regjeringa og Arbeidarpartiet si framtid i Sogn og Fjordane ikkje avhengig av at de utviklar ein vestlandspolitikk, men avhengig av at de utviklar ein politikk for periferien som har respekt for avstand og areal – at de lagar ein politikk som har respekt for småsamfunnsdemokratiet.

  1. MANNEMI’s avatar

    Hurray! Vel sagt!

  2. Arnhild Skre’s avatar

    Klokt sagt! Og kva sa Støre?

  3. Topos’s avatar

    Velskrevet og poengtert!
    Vestlandet oppfattes tydeligvis som svært langt borte fra det politiske maktsentrum – ettersom regjeringa sender utenriksministeren på turné….

  4. rypa’s avatar

    Takk!
    Mannemi: hurray for dey også.
    Arnhild: kjem i ein seinare bloggpost!
    Topos: Ikkje veit eg, men eg tippar nok at utanriksministeren sjølv har sendt seg ut på denne turen.

  5. aasmunbe’s avatar

    Eit godt innlegg! Eg kjenner meg heller ikkje att i eit «vestlandsk interessefellesskap». Sogn og Fjordane, i alle høve store delar av det, har meir sams med Vest-Telemark, enn med Bergen.

  6. rypa’s avatar

    Ja. Eller med Hardanger, for den del.

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *