Skjegg og skepsis

For eit par veker sidan, i USA. Ein anonym mann tek eit bilete av den unge studenten Balpreet Kaur. Ho står i ein tilfeldig kø og veit ikkje at ho vert fotografert, der ho fiklar med mobilen sin. Ho har flippfloppar, t-skjorte og turban, og dessutan bart, skjegg og svarte kotelettar som stikk tydeleg fram under hovudplagget hennar.

Den anonyme mannen legg biletet ut på ‘funny’-sidene til den populære nettstaden Reddit, saman med ein morosam kommentar om «this», som han kallar Kaur. Biletet spreier seg som eld i turt skjegg, og kaskadar av æsj-kommentarar fylgjer. Også dei av oss som er for danna til å leggje att ukoselege kommentarar, tenkjer kanskje det: æsj. Ei ung kvinne med bart og kinnskjegg. Det må vere noko sosialt gale med henne?

Denne laurdagen, i Noreg. Facebook-flaumen min er, som han har vore dei siste månadene, fylt av mine flinke og rasjonelle veners irritasjon over homeopatar, engledamer, nålestikking, healing, spådomar, synske og anna rør. Og eg er samd med skeptikarane. Eg deler irritasjonen over korleis folk vert lurte, loppa for peng og i verste fall får øydelagt helsa si av griske kvakksalvarar, men kanskje aller mest over kor himla dumme desse kvakksalvarane er, over kor dårleg dei argumenterer, og eg deler tilsvarande skadefryd når tv-program og bloggarar blottstiller alternativ-humbugen.

Me ynskjer jo at borna våre skal vekse opp i samfunn der det beste argumentet vinn, der rasjonell tenking dankar ut mytar og overtru. Så eg ser på ungane mine, dei to jentene og guten, og prøver å tenkje på kor uheldig englesnakk, akupunktur, og fjernhealing er for dei og det samfunnet dei skal vekse opp i.

Og eg må slå fast at eg ikkje er redd på ein flekk. Jau då, det er irrasjonell bullshit. Men det er irrasjonell bullshit som råkar langt snevrare og gjer langt mindre skade enn den irrasjonaliteten som alle jenter, definitivt òg Balpreet Kaur, vert møtte med kvar dag, heile livet. Også av slike flinke og rasjonelle som oss, fordi me ikkje orkar ta eigne oppgjer med nedarva overtru om kvinnekroppen.

Eg trur ikkje på spådamer og varme hender. Men eg kjenner at eg vert mykje meir bekymra for framtida, for alle ungar, og særleg for alle jenter, når eg tenkjer på kor mange timar, kor mykje energi, kor mykje helse og kor mange kroner kvinner kastar bort på irrasjonell kroppsmanipulering, på anti-aldring, tvangstrening, sminke, sol og svolt. Når eg tenkjer på botox på billigsal og dei stadig lengre køane av jenter som vil operere underliva sine fordi dei ikkje er yndige nok nedantil. Eg tenkjer på alle skepsisbloggane og alle tv-programma som ikkje finst om korleis jenter vert lurte av den verkeleg vonde alternativindustrien, ein industri som, til dømes, lokkar dei til å bruke endelaust med tid, peng og krefter på å farge og plukke av seg alle hår. Sjølv om dette beviseleg skader kroppen og helsa. Og eg merkar at eg byrjar å tenkje på Snåsamannen og Märtha som litt mindre viktige.

Då Balpreet Kaur oppdaga at skjegget hennar hadde vorte eit nettfenomen, skreiv ho eit innlegg på den opphavlege diskusjonstråden.  – Eg innser at folk ofte tek feil av kjønnet mitt, seier ho, – men me sikhar trur på kroppens heilagdom. Kaur skriv at ho ser på kroppen sin som ei verdfull gåve som ho har fått av nokon som er glad i henne, og som ho difor ikkje vil avvise. Og dermed kjenner ho seg heller ikkje skamfull eller audmyka over oppstyret biletet av henne har vekt: «Because it’s who I am».

1-0 til religiøs rasjonalitet over overtruiske venleiksideal. Eg trur me rasjonelle skeptikarar har noko å lære.

*

Og dette var laurdagsspalta i Nationen i går.

  1. Synnøve’s avatar

    Dette var eit fantastisk innlegg, Eli. Takk!

  2. rypa’s avatar

    Sjølv takk, fantastiske Synnøve!

  3. Pål Julius Skogholt’s avatar

    Godt innlegg. Krev sterk sjølvkjensle og tryggleik for å reagere slik

  4. rypa’s avatar

    Kjekt å høyre frå gamle heltar frå nord, og ja, det er sant.

  5. Ylvalia’s avatar

    Ja, du har helt rett! Takk!

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *