Sirkus Rupis

Det var ein flott kveld i Dølaheimen i Jostedalen laurdag. Fyrst folkemusikalsk sirkus med Rupeungane, så konsert med dei to yngste gruppene i Jostedal Rockeverkstad.

Her er det me brukte av låtar, songar og dansar i Sirkus Rupis:

Fyrste nummer – presentasjon
Toradar: «Steinhaugen, beinhaugen». Trad. 
Fele: «Postmannen», hamborgar frå Jostedalen.
Songdans: «Karusellen» («Jomfru, jomfru»). Nyare songdans.

Andre nummer – verdas sterkaste mann
Song: «Eg e sjauar eg». Lært av Kari Malmanger. Frå Berit Opheim, Voss.
Song: «Du Ola, du Ola». Lært av Else Marie Haugen. Etter Søvrina Haugen.
«Cowboydansen» til «Bucks polka».

Tredje nummer – dei ville jøstedalsgeitene
Song: «Har du sett noko te geitene mine?» Lært av Merete Aasen/Asbjørn Aasen.
Song: «Har du sitt noke te geitene mine?» Lært av Bergljot Snøtun, etter Fredrik Myge, Karmøy.
Song: «Har du loppe på deg?» Lært av Else Marie Haugen, etter Anna Dorthea Haugen.
Fele: «Diltespringar» av Vidar Underseth.
«Nisse-reinlender» til «Svinglendar» etter Nils Ormberg.

Fjerde nummer – klovnane La og Lo
Song: «Datt du ned du». Lært av Asbjørg Ormberg/Sigbjørg Sperle, trad. etter Hallvard Hesjevoll.
Klappdans til «Klappdans-låten».

Femte nummer – tryllekunstnarar
Song: «Å bukken var brokut». Norsk trad.
Regle: «Eg letta mi nepe». Lært av Eli Bjørhusdal, etter Kari Grov.
Polka til «Shetlandspolka».

Sekste nummer – akrobatar
Song: «Å huskanti halling». Lært av Eli Bjørhusdal, etter Elsa Grov.
Song: «Å uppe det sat eg». Lært av Asbjørg Ormberg/Sigbjørg Sperle, trad. etter Hallvard Hesjevoll.

Sjemde nummer – sluttparade og avslutning
Rekkjehalling til «Hei so dansa jenta mi».
Song: «Ut på vegom» av Ivar Aasen til halling frå Dvergmål, etter Brenno og Groven/«Vandringsvise» av Odd Nordstoga.

*

Eg litta [letta] mi nepe

Eg litta mi nepe so litt so titt
so stokk og stein so fiskabein.
Eg litta mi nepe so litt so titt
so stokk og stein so fiskabein.
Eg gjere meg ein garde rundt alle mine nepe
so høgt atte fuggelen kan ikkje fluge
so titt atte musi kan ikkje smuge.
Gale hane! Gøy hund!
Tig still so eg får sove ei liti stund.
Hysj, alle mine nepe!

*

Ut på vegom (Ivar Aasen)/Vandringsvise (Odd Nordstoga)

Ut på vegom er det gaman på ein solvarm sumardag
I ei taska stuvat saman ber eg all min ferdarhag
Eg skal ut i det fri, vera gauken i li
vera bjønnen som vaknar i bjønnehi
vera sol, vera regn
vera fuglen under sky
vera alt som denne dagen kan by.

  1. katteinfo’s avatar

    Hei! Takk for nok et flott innlegg! Leser bloggen din ofte og du kommer alltid med noe intresant å lese om 🙂
    Denne skal jeg dele på facebooken min hvertfall!
    Stå på videre 🙂

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *