Fylkesvaraordførar facebookferska

Dagens Sogn og Fjordane-snakkis har vore fylkesvaraordføraren som har drive facebookfjas under forhandlingar på fylkestinget. Tor Bremer kan vel greitt tilgjevast for det, me driv då alle med litt av kvart på keisame møte. For ikkje å snakke om kva studentane mine driv med når eg føreles (men eg vedgår at eg bed dei om å logge av, humørlaus som eg er – og det trass i at studentane ofte er like vaksne og jamvel eldre enn fylkesvaraordføraren. Kanskje hadde saka stilt seg annleis om dei argumenterte med at førelesarens sensasjonelle pedagogiske idéar måtte ut til folket i Sogn og Fjordane så fort som råd, og iallfall før matpausen?).

Mais alors! Alle desse meiningslaust prinsipielle støtteerklæringane som har vorte Bremer til del på tvitter og (sikkert) fjasboki er det verre med. Eg kunne ha lyst til å spørje:

Kven er det de argumenterer mot i det frenetiske forsvaret for sosiale nettmedium som viktige i politikken? Kven er no usamde i dette? Kva har dette med dagens sak å gjere? Og ikkje minst, kva har Barack Obama sin valkampstrategi å gjere med Sogn og Fjordane Arbeidarparti sine oppslegne lap-topar på fylkestinget?

Merk dykk tidspunktet for denne bloggposten. Her er jenta si frå Haukeli som ikkje bloggar i arbeidstida.

Senterpartistane sat nok som flinke skulelys med full konsentrasjon og blikka rette mot talarstolen heile tida. Det får me i alle fall håpe når dei er så strenge med dei politiske motstandarane sine. Eller?

Kanskje dei tasta ein kjapp SMS? Eller dei tok seg ein titt i ei avis? Mogeleg at dei og tok seg ein liten tur ut for å ta ein rask telefon heim.

Er det konsentrasjon og fokus på fylkestinget denne saka handlar om?

Handlar vel om moral og mest om moralisme.

Håpar dei kjære ungdomsskuleelevane mine ikkje får greie på kva Bremer dreiv med.

So du er på Haukeli no, rypa…

Og det var jenta si/ifrå Haukeli… er det ein song eller noko? Eit særs godt rim, iallfall.

Fransens retoriske spørsmålsliste er lang som eit vondt år, og bør vel helst sendast (telefaksast?) til Senterpartiet. Eg gjentek: Denne saka handla i utgangspunktet om ingenting, men ut over dagen gjorde så fleire henne til ei prinsipiell sak om politikk ut til folket og Obama og om det å vere generelt moderne og oppdatert.

Og det er når desse bjørnetenestene vert mange nok at ein får lyst til å skrive noko.

Eg trur ikkje senterpartistane på fylkestinget er samde med deg når du seier saka i utgangspunktet ikkje handla om noko ting. Det var dei som starta ballet. Med sterk kritikk mot Bremer for måten han brukte tida si på fylkestinget på. Undrast på om det ikkje sit nokon og kastar stein i glashus? Eller er dei spesielt konsentrerte og fokuserte i Senterpartiet?

Eg greier altså ikkje å bli like engasjert i Sp som Frantzen er. Du har sikkert rett i alt ovanfor, F, det endrar ikkje poenga mine.

Friedrich Bietzsche

Friedrich Bietzsche’s avatar

I mangel av bakgrunnsinformasjon antyk jeg i første omgang at følgende resymé fra et parallelt univers lå nær sakens kjerne, og at diskusjonen var et eksempel på “God dag mann — senterparti”.

“En Senterpartist tok en telefon hjem under møtet. En av partifellene dultet førstnevnte i siden da denne hevet stemmen. Dultet ble siden kritisert som et grovt angrep på mellommenneskelig samkvem på globalt plan. Det er ganske overdrevet, selv om det ikke var så farlig med denne telefonsamtalen.

Svar: Men Høyre-representantene ringte minst like mye!”


Men etter å ha studert nærlesningene ovenfor, må jeg gi mitt besyv med i kritikerlaget: Bare innrøm at SP står tett i tett mellom linjene!

Friedrich Bietzsche

Friedrich Bietzsche’s avatar

Ser man det. Dere har vel hørt om ‘an tykje? “Han antok mykje.”