Det er ein tidleg juni i bygda under breen. På tur framover u-dalen i kveld lyste jonsokblom, storkenebb, smørblom, hundekjeks, røllik, tiriltunge, prestekrage, marikåpe, budeie, surblom, skogfiol, myrfiol, balderblom, bittekonvall, blåklokke, skogstjerne, liljekonvall, lilla tistelblom… og endå har eg nok gløymt nokre. Kvit storkenebb var der òg, ei tubbe rett frammafor Grov og ei på Bergsetsynet. Men dei er det ikkje lov å ta.
Mange av desse er juliblomar her i bredalen. No vantar mest berre engsmelle, blåknapp og geisskår. – Korleis trur du geisskår vert skrive?, spør eg husbonden, for det er fyrste gongen eg skriv det ordet, som er det bestemor mi brukar om det andre kallar geiterams. Men husbonden trur ingenting, han sjekkar. Geitskår, skriv Ivar Aasen.
Dei gamle superlingvistane og språksamlarane var ofte botanikarar òg. Det er skrive mykje om kvifor det ikkje er tilfeldig. Eg veit òg at Kjersti Ericsson har skrive noko klokt om språk, omgrep og kunnskap – om korleis det å kunne namna på blomane i vegakanten gjer at me ser sjølve vegakanten betre, djupare og meir. Meir enn gras, meir enn fargar. Slik er det med snø òg, eller fjell, eller bøar. Det handlar kanskje om å ikkje vere (gjorde) framande for det me lever midt i?
Det gjeld å ha ord for tinga. Men det gjeld òg at tinga finst. Blomemangfaldet her i dalen kjem fyrst og fremst av at det vert drive gardsbruk og slege gras. Lat oss utvide det til eit større poeng om kultur: Gardsdrift er garantisten for at natur vert landskap og dermed stad. Gardsdrift er garantisten for ikkje berre kulturlandskapet, men for den kollektive kunnskapen om kulturlandskapet – om staden vår. Difor er det bra for oss alle at fellesfjøsarane i Jostedalen fekk Luster kommune sin næringspris i går.


27 kommentarar
Comments feed for this article
Trackback link
http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=907
20. June 2009 at 17:09
Pingback from Grevling i Jostedalen! « Breheimen-Luster Villrein Blog
15. June 2009 at 17:12
guffen
Det er ingenting som heiter “blåknapp”. Det er berre eit ord du har dikta opp.
15. June 2009 at 19:23
rypa
Har du ikkje høyrt denne songen: Gullviva, mandelblom, blåknapp og skogviol? Grow up.
15. June 2009 at 20:21
BOTA-nikkar
Her er blåknapp
http://www.vulkaner.no/n/blomst/blaaknapp.html
15. June 2009 at 20:41
guffen
nei, eg har ikkje høyrt den songen. Men eg har høyrt ein song om ein skommskommskomakarmann, og det er ikkje det same som at det faktisk finst skommskommskomakarmenn.
Og kven som helst kan laga falske nettsider. At dei briskar seg med ordet “vulkaner” i adressa burde få kvar og ein til å tenkja sitt.
16. June 2009 at 15:30
eies
Eg beklagar det sterkt, men litt av blomemangfaldet i Jostedalen skuldast lastebil-/dumpar-trafikk under anlegget. Opprinneleg trur eg at kvitveis og hestehov ikkje fanst i Jostedalen. No finst det spreidde bestandar, OG DEI TRIVST OG VEKS, og veks, og veks… !
Er dette ein variant av flora-kriminalitet? Bør ein eller annan ta rondoup-flaska og ta knekken på desse bestandane før dei spreier seg nærmast som brunsneglar eller kaniner i Australia?
Er arts-mangfald ynskjeleg uansett?
16. June 2009 at 21:46
rypa
Dumparar i Krundalen? Kom an.
OK, eg er ingen ekspert, og nett no orkar eg ikkje setje meg ned å google. Dessutan har me jo massevis av ekspertar her i dalen, me som har den høgste tettleiken av internasjonalt godkjende tindevegleiarar. Må ikkje dei igjennom eit grundig markblomsterkurs?
I alle høve: Eg trudde altså at den typen villblomevekst ein har i Krundalen kjem av at det framleis vert slege (eller beita) – slik at det ikkje veks att med kratt og buskas som tek knekken på blåknappen osb.
Korleis kjem det med lastebilane inn i biletet? Aha, at desse tok med seg fræ frå fjerne himmelstrok? Då skjønar eg det med kvitveis og hestehov.
Lat oss sjå på dette. Ein: Eg plukka ein heil del blomar i Krundalen på syttitalet, før utbygginga. Alle blomane eg nemnde ovanfor fanst her då, kanskje med unnatak av prestekrage (eg hugsar me brukte å stogge på Hafslo for at eg skulle få plukke den) og liljekonvall.
To: Ja, eg har sett at det er hestehov på Gjerde, og nei, det er ikkje ein trad jostedalsblome så vidt eg veit (og det er ikkje symre/kvitveis heller, men den har eg ikkje sett i dalen?), og nei, eg for min del likar det ikkje. Ikkje fordi hestehoven er stygg eller per deff ikkje høyrer heime, men fordi årsaka til at han har kunna spreie seg til Jostedalen truleg er at han er dominerande og hardfør og såleis kan kome til å trengje bort andre blomar (om han ikkje gjer det siste, er eg ikkje nødvendigvis imot han).
Artsmangfald er sjølvsagt ikkje ynskeleg uansett, alle veit jo at innføringa av eksotisk lupin til norske vegkantar har knekt det meste anna av småblomar osb. Me snakkar altså om botanikkens svar på bokmål.
16. June 2009 at 21:48
rypa
Orsak, eg meiner: “…OG google.” Jesus.
17. June 2009 at 00:25
Bukken i Båten
Eg kan tenkja meg at lastebilar/dumparar har vore brukt i Gaupne til å køyra masse med kvitveis- og hestehov-røter i. Så har bilen køyrt til Jostedalen og tippa eit lass eller reinska karmen. På denne måten har hestehov og kvitveis vorte “implantert” (?) fleire stafer i dalen. Ein liten, men kraftig koloni hestehov kan du finna på tippen/parkeringsplassen i Fagredalen. Kvitveis er det her i dalen også, kan visa deg.)
Men eg får meg ikkje til å ta fram roundupen og brakka kvitveisen og hestehoven…
Kom nett heim frå Molde, og der er enorme lupin-mengder. Men tykte det var fint, eg. Tenkte ikkje over at lupinen truleg har kverka mindre planter.
I Mjølværsgardane trur eg prestekrage har vore “alltid” (men NB Eg er innflyttar!)
Men elles er eg heilt einig i at viss det blir slutt på beiting og slått, så vil floraen endra seg mykje!
17. June 2009 at 07:46
pk
Pota kom hit fordi her budde folk som ville overleve. Ho er heller ikkje oppfunni her.
Kor lenge må ein art/sort/type/ ha vakse her for å komme med i den eksklusive klubben av innfødde? Sidan siste istid?
17. June 2009 at 08:31
rypa
Eg prøvde altså å streke under at eg ikkje er skeptisk til innførde vekster per ce, men til dei som trengjer vekk det meste anna – som lupin, men altså ikkje som poteta. pk sitt polemiske, og for øvrig velkjende spørsmål i diskusjonar om natur- og kulturmangfald, har som føresetnad at eg meiner noko anna enn eg meiner. Eg kan difor ikkje svare på det.
Elles meiner eg nok at variasjon er ein livskvalitet. Sosial variasjon, kulturell variasjon, visuell/estetisk variasjon.
17. June 2009 at 09:24
Inger
Håper at innlegg på bokmål blir akseptert på denne sida (eller opererer man med en slags virtuell RoundUp på den slags ufyseligheter…?)
Blåknapp (Succisa pratensis) er en art i kardeborrefamilien, vanlig i Norge på fuktige steder i skog, eng og i lynghei. Små blå blomster samla i halvkuleforma korg, blanke, smale, grønne blad motsatt stilt på stilken. Svært sannsynlig at den opptrer i Jostedalen.
Sangen som refereres til er Evert Taubes sang om Rönnerdal, som danser blandt “gullviva, mandelblom, kattfot och blå viol” (svenske navn alt sammen, de norske navna er marinøkleblom, nyresildre, kattefot og fiol, arter som til dels er noe vanligere i sør-Sverige enn i Jostedalen. Men altså ikke noen blåknapp.)
De som er interesserte i problematikken rundt fremmede arter kan se på http://www.artsdatabanken.no/Article.aspx?m=172&amid=2581 der den norske Svartelista kan leses eller lastes ned. Mye vettugt å lese, ikke minst en diskusjon av hva som skal til for å erklære en art som uønska. Vil tro at hestehov og kvitveis er nokså uskyldige nykommere oppi dalen. Potet er direkte nyttig og har dessuten den gode egenskapen at den ikke er helseskadelig for folk eller sprer seg ut i vill natur og fortrenger andre arter. Når det gjelder lupin er situasjonen en annen, som påpekt i innlegg ovenfor.
Kombinasjonen innføring av nye arter, klimaendringer og nedgang i landbruksaktivitet vil trolig ha store og brutale konsekvenser for mangfoldet i norsk natur – noe som burde bekymre både naturinteresserte, tinderettledere og bønder!
17. June 2009 at 11:28
pk
Spørsmålet mitt hadde ikkje nokon føresetnad, eg berre las innlegga over. Meir Bukken sine enn dine.
17. June 2009 at 12:20
Bukken i Båten
Når det gjeld “den eksklusive klubben av innfødde”, så må menneske/folk ha budd på ein stad minst 30 år for å bli rekna som innfødde – har eg høyrt og lese. Men Geir Lystrup har ein litt annan variant. I ei vise (kan nokon hjelpa meg, hugsar ikkje kva for ei…) syng han som kommentar til at ein kar har gjort eit eller anna “gale” at BESTEFAREN VAR INLYTTAR … ! No vil eg streka under at i Jostedalen er det truleg lettare å bli rekna som innfødd, i alle fall på mange måtar. Dette kan ha samanheng med at dalen treng folk. Dessutan er vel jostedøler, historisk sett, invandrarar…
Ok, dette var ein digresjon. Når det gjeld flora, så er det vel slik at stader der ein finn sjeldne planter er “eksklusive”. Men eg trur nok at fråver av planter som er vanlege andre stader truleg kan gjera ein lokalitet minst like eksklusiv.
Viss det finst prestekrage på Hafslo og i Mjølværsgardane – men ikkje i Krundalen, så må det i mine auge gjera floraen i Krundalen eksklusiv og verneverdig. Sameleis viss det tradisjonelt ikkje finst kvitveis og hestehov i Jostedalen.
Men i mine auge var lupin i vegatane på Møre vakkert. Så inkonsekvent er eg absolutt! Dessutan trur eg neppe det går an å fjerna lupin frå norsk flora, verken mekanisk eller kjemisk.
17. June 2009 at 18:02
Friedrich Bietzsche
Glimrende. Gjør alle spørsmål om noe er ønsket eller uønsket, til et spørsmål om mennesker er uønsket. Da har du et moralsk balletak som sitter. Straff luking i hagen på linje med forbrytelser mot menneskeheten! De som setter mennesker på linje med planter, dyr, farger, ord o.l., får derimot gå ustraffet.
Dsjiises kraist, mæææn!
17. June 2009 at 19:17
Bukken i Båten
Friedrich tolkar meg på måtar eg aldri har tenkt på. Men muligens er dette interessant likevel…
I kva grad det er juridisk forbode og moralsk forkasteleg å spreia nye planteslag i naturen, kan sikkert ein eller annan svara på.
17. June 2009 at 20:07
Friedrich Bietzsche
Det var nok ikke deg jeg tolket denne gang, jeg hadde nær sagt tvert om.
17. June 2009 at 20:20
rypa
To slumpetreff til debatten vidare:
- Framsida av Natur&miljø som kom i posten i dag: Horrorbilete av botanikkens svar på bokmål (burde eg helst seie floraens svar på…osb?) og overskrifta HAGESENTRE LANDET OVER: SELGER LEVENDE FORURENSING
- Seminar om økofilosofi på Breheimsenteret fyrstkomande fredag med mellom anna Alfred Fidjestøl, ein av nynorsk skriftkulturs beste. (Var det ikkje han som skreiv den songen Å jeg vet en seter med så mange gjetskår?)
Eg greier elles ikkje heilt å finne ut av kva som er beste metaforen: Bokmål, vår kulturelle lupin? eller Bokmål, språkleg RoundUp?
17. June 2009 at 20:39
Friedrich Bietzsche
Hvorfor ikke: Riksmål — språklig rottegift?
Gammelnorskprofessor Eivind Fjeld Halvorsen gikk i et avisintervju inn for å bruke “rottegift mot dialektene” og muligens også deres såkalte “samnemnar”, nynorsken. Det siste ville i alle fall være en glimrende idé!
17. June 2009 at 21:06
Statistikaren
Var det ikkje ein riksmålsagitator som sa at “Aasens landsmål var født med rynker”. I så fall er bokmål kanskje språkleg botox?
Du skulle vel ikkje ha fått ein overdose, sidan du er slik ein stivnakke? Eller har du sett ein Viagra fast i halsen?
17. June 2009 at 22:10
rypa
Eg vil berre kome med ei saksopplysning til, også denne henta frå før siterte sak frå Naturvernforbundets magasin Natur&miljø: “Rynkerose står på EUs liste over de hundre verste skadegjørerne i Europa”. Alle trådar samlar seg.
17. June 2009 at 22:22
Kjellfrid Alme
Attende til botanikken: Me fann hestehov i Storeskrea for 50 år sidan. Men me kalla den leirfivel. Den veks i leirjord. Og prestekrage voks det i all eng før bøndene vart så ivrige å pløgje og så timoti.
Det er i den lite gjødsla naturengi ein fin alle dei fië blomane. Trur det vert kalla urteeng.
17. June 2009 at 22:36
Fenadlåret
17. mai i Oslo er òg ein slags botulinumtoksin (botox) — direkte omsett: pølsegift — mot matmangfaldet i landet. Folk trutnar og svell av øl og wienerpølser. Skal eg no skuldast for å vilja menneske til livs fordi eg er lei av wienerpølser (som er metaforiske tyskarar/austerrikarar)?
18. June 2009 at 06:04
Bukken i Båten alias eies
Kjellfrid: Kvitveis, då?
18. June 2009 at 11:32
Logiker'n
“Slik er det med SNØ òg, eller fjell, eller bøar.”
Jaså — men norsk har ikke noe ord for slush, så da har vel folk trodd at bakken var bar i lange perioder?
18. June 2009 at 14:00
Kjellfrid Alme
Kvitveis fann me ikkje. Men liljekonvall, firblad, raudknapp, ein sjeldan gong blåknapp, minneblom, fjellfiol mmm
18. June 2009 at 14:09
rypa
Du seier noko! Eg gløymde raud- og kvitkløver og perikum. Mykje å ha under puta for den som på jonsoknatta skal drøyme om mannen eller kvinna i sitt liv.