Og me skal over til fotball. For oss i grannebygda har det verka som om Veitastrond har drive god bygdeutvikling kring fotballaget sitt – som det vart gjort rundt fotballaget til Jostedalen på åttitalet. Nationen (papir) i dag: “Fotball får ungdom til å velge Valdres”. Det handlar om at tilflyttingsprosjektet SNU på fire år har fått meir enn tretti unge folk til å kome til dalføret – med utgangspunkt i andredivisjonslaget Valdres FK.
Har du sett. Jamen er det mogleg å lukkast for eit tilflyttingsprosjekt som definerer målgruppa si konkret og poengtert. Og jamen hadde det vore spanande å få vite om valdresprosjektet møter innvendingar som ‘de vil no berre ha ein type folk’/'de vil no berre ha sporty middelklassemenneske’. Men det stiller seg kanskje annleis med fotball enn med ski? Nei, veit eg.


8 kommentarar
Comments feed for this article
Trackback link
http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=914
18. June 2009 at 22:14
Mannemi
Er dette å lesa som at det har kome slike innvendingar mot tilflyttingsprosjektet i Jostadalen? De hadde eit “kakediagram” som synte kva det var folk drøymde om, og der det klårt største stykkjet var, og no hugsar eg ikkje ordlyden, men, dette med eit rikt, mangfaldig og livleg bygdeliv (ganske fritt oversett og tolka..). Det er alltid ein risiko når ein konkretiserer og spissar strategiar og satsingar mot noko spesielt, at nokon føler at dei fell utanfor. Det er på ein måte berre slik det er. For å ikkje spreia satsinga for vidt, og få berre litt effekt her og litt der, kan ein satsa mykje meir – og kanskje meir effektivt- mot spesielle grupper (i dette høvet). Litt usikker på utfallet og effekten, men som du nemner tyder innvendingar som “de vil no berre ha ein viss type folk..” på at nokon føler seg utelukka. Men, på den andre sida: dei som sler til føler seg truleg desto meir velkomne?! Ikkje veit eg. No problematiserer eg tinga att… Det viktigaste er nok at ei bygd er RAUS og open for nye impulsar, anten det er frå slitne sofaslitarar eller spretne toppturentusiastar – rom for alle! RAUS er forresten eit av dei finaste orda eg veit. Ingenting (som eg kjem på i farten iallefall) er like flott som det ordet, og alt som ligg i det.
18. June 2009 at 23:12
rypa
Eg tenkte nok på meir generell (og publisert) kritikk av at natur, fjell og ski vert køyrt fram når fylket og stader i fylket skal omtalast til potensielle tilflyttarar. Eg trur ein må akseptere at Sogn og Fjordane er for spesielt interesserte. Og her ein kjekk artikkel om det, skriven av sogndalstilflyttar og Yast-gründer Halvor Gregusson: http://www.framtidsfylket.no/bBloggb/HalvorGregusson/tabid/7371/Default.aspx
Elles: Berre gærningar ville meine at ei bygd ikkje skulle bli glad for å få nye tilflyttarar sjølv om ikkje var definerte som prosjektmålgruppa. Det er såleis ikkje særleg truleg at nokon som i utgangspunktet skulle ha lyst til å flytte til ei bygd, let det vere fordi bygdas tilflyttingsprosjekt satsa på til dømes fotballrelatert tilflytting.
21. June 2009 at 18:25
K.G.Å.
Kor vart eigentleg “kakediagrammet” av? Litt synd å stemme når ein ikkje kan sjå resultatet…?
23. June 2009 at 11:32
Logiker'n
“Elles: Berre gærningar ville meine at ei bygd ikkje skulle bli glad for å få nye tilflyttarar sjølv om ikkje var definerte som prosjektmålgruppa. Det er såleis ikkje særleg truleg at nokon som i utgangspunktet skulle ha lyst til å flytte til ei bygd, let det vere fordi bygdas tilflyttingsprosjekt satsa på til dømes fotballrelatert tilflytting.”
Her forutsetter du en hel del om dem som allerede bor på bygda, men hvordan motbeviser du det alternative premisset?!
23. June 2009 at 14:07
rypa
OK, logikar, du meiner: Korleis motprovar eg: “ei bygd vert ikkje glad for nye tilflyttarar som ikkje er er definerte som målgruppe”?
Nei, det kan eg ikkje motprove. Men eg kan utleie det utfrå noko som nesten (kremt) er eit institusjonelt fakta: Ei bygd vil alltid ynskje nye tilflyttarar.
23. June 2009 at 22:18
Friedrich Bietzsche
Han mener vel at alt i det første resonnementet avhenger av at de ikke er “gærningar”. Men merkelig nok ga du likevel et svar på spørsmålet med “det institusjonelle faktumet”.
24. June 2009 at 00:16
rypa
Eg heng kanskje ikkje heilt med, men det anar meg at eg har halde fram som eit faktum at ei bygd ikkje ynskjer gærningar som tilflyttarar? Det deduktivt-nomologiske skjemaet er ikkje min styrke.
24. June 2009 at 09:37
Logiker'n
Du har implisitt hevdet at bygda ikke er så dominert av gærninger at det plager innflytterne. (Det som plager innflytterne, er som kjent innflytterplagen, også kjent som “innfødteproblemet.)