Nok mor no?

Are you mom enough? Er du nok mor? Spørsmålet dukka opp på norske nettaviser for nokre veker sidan, illustrert av ei fager blondine med ammepuppen ute. På ein krakk står det som liknar ein skulegut, med kamuflasjemønstra bukse, og strekkjer seg for å nå opp til morsmjølka.

Saka var henta frå amerikanske Time Magazine, og illustrerte ein heit amerikansk debatt om korleis ein skal oppdra ungar. I brennpunktet står “attachment parenting”, tilknytingsomsorg, ein filosofi som seier at småungar skal ammast lenge, at foreldre og born skal sove i same seng om natta og at ein skal bere barnet nært inntil kroppen i selar og slynger, alt for å skape tryggleik og samspel. Med i pakka er gjerne tøybleier, heimelaga babymat og anna grøn foreldrelivsstil.

I Noreg er dette fantastisk ukontroversielt. Å knefte ei gulrot heller enn å kjøpe eit glas med barnemat, å sove med femåringen som kjem trippande inn i vaksensenga om natta, å amme til poden er over både eit og to år – ikkje noko av dette vert oppfatta som spesielt omsorgsfilosofisk. Sjølv har eg brukt tøybleier på tre ungar, ikkje fordi det var del av ein foreldreideologi, men fordi det vart mindre bos og fordi det var billig og greitt. Vel synest eg det er snodig med alle bloggane om tøybleier og at nokre damer har amming som hobby. Men rare interesser kan nok eg òg klagast for å ha. Så eg held klokeleg kjeft.

At mange i USA ikkje held kjeft, er ikkje så rart. Den betalte barselpermisjonen er låtteleg kort. Då framstår langvarig amming, tøybleier, samsoving og andre tid- og søvntjuvar som luksuriøse og dermed provoserande prosjekt for mange. Sjølv om det ikkje treng vere noko gale med tilknytingsomsorg, er det noko svært gale med ein kultur som legg fram denne filosofien som den rette måten å vere ein god forelder på – og som deretter gjev blaffen i om foreldre får tid og peng til å kunne realisere han.

Men likevel. I Noreg, her kor ammeentusiastar og feministar har gått hand i hand om lengre og lengre barselpermisjonar, fedrekvotar og betalt ammefri, her er det vel ingen grunn til å ikkje gjere som tilknytingsfilosofien føreskriv?

Det kjem alltid an på. Bergens Tidende har for tida ein artikkelserie om ‘Familieliv’. Her får me intervju med småbarnsforeldre som, tilsynelatande muntre, seier dei kjenner seg som privattaxisjåførar for ungane. Som fortel at den einaste eigentida dei har, er å dirigere eit kor ein gong i veka. At det er to år sidan dei har vore på kafé. Ein firebarnsfar avslører, med eit smil, at han ikkje har vore på byen sidan den natta han møtte mor til ungane sine. Når avkommet skal trene, står foreldra ved sidelina for å skape tryggleik. Når barnet skal lære å spele eit instrument, er foreldra med på speletimen for å kunne hjelpe til med øvinga heime. I ei gransking avisa har gjort, oppgjev 14 prosent av småbarnsforeldre i Hordaland at dei aldri driv aktivitetar på eiga hand, utan partnar eller born. Og dette i ei tid der folk har historisk mykje fritid og der arbeidsdelinga mellom kjønna er jamnare enn nokon gong.

Det er flott at foreldra tek det med eit smil. Men sett frå eit samfunnsperspektiv er det kanskje ikkje grunn til å vere så lystig over at så mange fyller heile fritida si med eigne ungar, at så mange ikkje løfter hovudet over intimsfæren, at så mange så gjerne vil vere mom enough. I verste fall er det overveldande fokuset på våre eigne individuelle ungar ein måte å gje opp kollektivet på. Jau, sjølvsagt tener samfunnet på trygge ungar. Men også trygge ungar går utrygge tider i møte om foreldregenerasjonen deira brukar all si tid på knyte seg til ungane sine, og inga tid på å knyte seg til samfunnet gjennom kommunestyreverv eller friviljug arbeid eller for den del å gå på kafé og pøbb i bygd og by.

(Laurdagsteksten min  i Nationen 26. mai)

 

  1. Ingvild Aursøy Måseide’s avatar

    Jepp! Så sant som det er sagt.

  2. rypa’s avatar

    juhu!

  3. Synnøve’s avatar

    Bra tekst – det siste poenget (om mangel på engasjement utover intimsfæren) har eg ikkje tenkt so mykje over før.

    Eg las nokre av dei artiklane i BT, og må seia eg synest det høyrest fælt ut – éin ting er å ta seg tid til ungane sine, men å vera klistra til dei døgnet rundt? Eg kan ikkje skjøna anna enn at både vaksne og born har godt av å få litt tid for seg sjølv, særleg med tanke på at ungane før eller seinare må stå på eigne bein. (Eg kan ikkje hugsa at mamma og pappa var med på korpsøving o.l. då eg var lita, utan at eg føler meg forsømd av den grunn.)

  4. rypa’s avatar

    Synnøve, eg stal nokre poeng frå Erica Jong her:

    http://online.wsj.com/article/SB10001424052748704462704575590603553674296.html

    Mogleg du har lese teksten, for han er nokre år gamal. Godt skrive, tykkjer eg, jamvel om eg slett ikkje er samd i alt. Ho tek nokre snarvegar!

  5. Gudrun’s avatar

    til erica jong-teksten: i den verkar ein skandinavisk velferdsstat med lange permisjonar, rett til barnehage og slikt som noko som ikkje eingong eksisterer som utopi eller ein mogleg tanke. Det er ikkje så rart om erica jong ikkje er spesielt interessert i korleis me har det hjå oss, men det sette meg litt ut, det kjendest som å lesa ei forteljing frå ein parallell dimensjon (altså ikkje dimensjon som aspekt, men som i Donald Duck-eventyra der det eksisterer ein parallell dimensjon som er ei slags evig riddartid)

  6. rypa’s avatar

    Samd i det, Gudrun, at som kulturuttrykk, eller som kjelde, må/kan teksten tolkast som du gjer det. Men eg tykkjer likevel at ho treffer meg og oss med fleire poeng, og at retorikken ho serverer desse poenga med, er god!

  7. Gudrun’s avatar

    Ja, samd i at det ho skriv er bra, altså!

  8. Lisbeth’s avatar

    Den demonstrative måten mange kvinner er mor på, virker bare frastøtende. Her hos oss har vi folk som ved lunsjbordet snakker om diaréen til ungen sin. Fedrene gjør aldri det. Noe å lære av menn?

    Forrige uke spaserte jeg langs en sti da en gutt syklet rett inn i noen ungdommer som kom gående imot. De hjalp ham opp igjen.

    Mødre flest ville – håper jeg – sagt «beklager» og «takk for hjelpen». I stedet overhøvlet guttens mor ungdommene på gebrokkent norsk, enda de ikke hadde gjort noe galt.

    Sønnen sa ikke engang fra om at han faktisk hadde kjørt inn i folk. Da jeg gjorde oppmerksom på dette, trodde jeg furien skulle fly på både meg og ungdommene. – Selv syntes hun nok at hun var en bra mor…

  9. Sis’s avatar

    Som om eg skulle ha skrive det sjølv (berre betre). Særleg det siste der, det er noko som rett og slett uroar meg. Både med tanke på kvinnerolla og samfunnet generelt.

    Bra blogg!

  10. rypa’s avatar

    Takk for kommentarar, kvinner! Det er kjekt å bli lesen.

  11. Elise’s avatar

    Godt skrevet!

  12. rypa’s avatar

    Takk, Elise!

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *