Høgres liberale språkdilemma

Det er ikkje alle politiske akrobatar som like godt held den liberale balansen mellom udemokratisk einsretting på den eine sida og urealistisk naivisme på den andre. Ein politikar som tidvis har greidd det, er Bent Høie, som no er leiar i programnemnda til Høgre.

Tidlegare i år skreiv Høie ein artikkel om «Religionsfrihet i Norge 2030» på nettstaden verdidebatt.no. Der hevdar han at staten ikkje skal ha religion, men heller ikkje undertrykkje han. Den sekulære religionspolitikken, som forbyr alle religiøse uttrykk i det offentlege rommet, er Høie mot. Forbod av fransk type legg band på livsutfaldinga til dei som religion betyr noko for. Å krevje at folk berre får lov å vere religiøse privat, ikkje offentleg, er illiberalt: «Jeg er ikke redd for at flere religioner vises samtidig … Men det er ikke konfliktfritt. De problemene må vi møte pragmatisk når de oppstår, ikke forsøke å konstruere en såkalt verdinøytral offentlighet», skriv Høgre-Høie.

Denne veka la Høie fram det nye Høgre-programmet. Det inneheld eit overraskande åtak på etablerte norske språkrettar. Utkastet seier at ”Dagens rett til å få svar på egen målform, erstattes med en rett for ansatte i staten og språknøytrale kommuner til å bruke sin egen målform.” Grunngjevinga til Høie er fylgjande: «Jeg synes at vi i større grad skal respektere valg av språkform, … i stedet for å tvinge andre til å skrive den målformen vi har valgt.” (Aftenposten 17. september). Jau, her kan me med overflatisk velvilje sjå eit liknande liberalt mangfaldsprinsipp for personleg språkutøving som for religionsutøving: Den statstilsette må ha rom både for å velje religiøse uttrykk (som hijab) og språklege uttrykk (som bokmål eller nynorsk).

Men i røynda køyrer Høgre-Høie liberale prinsipp på ein smell her. Den norske staten utøver ikkje sjølv religion. Statleg religionsfridom går ut på å tilretteleggje for demokratisk, rettferdig utøving mellom borgarar, utan at staten skal drive religion. Når det gjeld språk og språkbruk, er saka heilt annleis. Staten driv definitivt språkutøving. Staten produserer massevis av språk heile tida, millionar av ord kvar dag. Framlegget til Høgre vil gjere nesten alt dette til bokmål. Mest ingen statlege arbeidsplassar ligg i nynorskkommunar, og diverre er det få nynorskbrukarar som greier oppretthalde språket sitt i solide språkmindretal i statsapparatet i hovudstaden. Med Høgres framlegg vert òg lova om at staten skal produsere 25 prosent av alt materialet sitt på nynorsk, meiningslaus. Om kommunar og institusjonar ikkje lenger har rett til å få materiale på nynorsk, treng det jo ikkje produserast. Framlegget inneber òg at statlege institusjonar, som lensmenn og NAV, som finst i rikeleg mon i nynorskkommunar, ikkje lenger treng sørve innbyggjarane sine på det lokale språket.

Noreg fekk allereie frå 1890- til 1920-åra ein svært moderne og liberal statleg språkpolitikk. Han la til grunn at det var ynska til innbyggjarar og lokalsamfunn som skulle styre statens språk. Konkret ville det seie at innbyggjarane skulle få svar på det språket dei vende seg til staten i, og at statsorgan skulle vende seg til kommunen på det språket kommunen ynskte. Prinsippa vart nedfelte som departementale retningsliner i 1920-åra, målbrukslova i 1930 og vidareførte i den gjeldande lov om målbruk i offentleg teneste (1980).

Den statlege språkpolitikken før dette gjekk ut på at embetsmenn i Kristiania avgjorde statens språkpolitikk gjennom sine personlege preferansar og praksisar. No er det grunn til å spørje: Stiller Høie og Høgre seg eigenleg kritisk til den einsrettande byråkratmakta? Eller vil partiet attende til den illiberale embetsmannsstaten det sprang ut av?

Laurdagsspalta i Nationen, 22. september 2012

 

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *