Nynorskliv

You are currently browsing the archive for the Nynorskliv category.

Eg har vore på Noregs Mållag sitt haustseminar. Igjen var det skriftspråkskiftet frå nynorsk til bokmål mellom elevar/born/unge som var emne. I Valdres skifter 75% av nynorskelevane på vgs til bokmål, i Fjell utanfor Bergen er estimatet 50%. Dette har sjølvsagt sitt å seie for framtida til nynorsk som bruksmål.

Å arbeide med tiltak mot dette skriftspråkskiftet i skulen er krevjande: Det krev ein argumentasjon og ein strategi for nynorsk, ikkje berre for generell fleirspråklegheit. Ein har ikkje to språk som fyrste opplæringsmål i skulen, ein har eitt. Såleis set skriftspråkskiftet òg nokre motsetnader som gjeld språksyn på spissen, og difor er det ekstra spanande at mållaget no vil jobbe med det. Men under diskusjonane i helga spurde eg meg stundom om målfolk eigenleg vil utvikle ein strategi mot skriftspråkskiftet. Det verkar iallfall som om mange har vanskar med å ta inn over seg at ein endra språksituasjon i det som er/var NyNoreg krev ein ny argumentasjon for nynorsk.

Dersom eg seier at talemålet svært mange stader i Noreg vert likare og likare bokmål, kjem sosiolingvistane og talemålsforskarane og seier at dette ikkje kan provast i detalj. Difor seier eg ikkje det. Lat oss heller gå til eit tankeeksperiment.

Lat oss no tenkje oss ein situasjon der elevar som veks opp på Strilelandet og i Hallingdal snakkar det som i lekfolks og ikkje minst deira eigne øyra er bergensk/bokmål. Lat oss tenkje oss at dei seier jeg i staden for eg, ikke i staden for ikkje, kommer i staden for kjem (og jamt over bøyer sterke verb svakt), sier i staden for seier, spiser i staden for et, har -er-endingar på presensverb i staden for -a[r], har [h]v-spørjeord i staden for k-spørjeord ([h]vordan, ikkje korleis eller kordan eller koss) – for å nemne noko. “Men dette er ikkje endring mot bokmål”, seier sosiolingvistane då, “…dette er berre endring”.

Men det gjer ikkje noko, for dette er berre eit tankeeksperiment: Lat oss tenkje oss at dette vert oppfatta som meir bokmålsnært enn nynorsknært av dei aller fleste, og lat oss jamvel tenkje oss at dei har rett. Lat oss så tenkje oss at desse ungane ynskjer å skifte frå deira opphavlege fyrsteskriftspråk nynorsk til bokmål som opplæringsmål. Dei seier sjølve at dei snakkar bokmål, dei har mest berre bokmål rundt seg i kvardagen, dei tykkjer nynorsk er vanskeleg.

Kva skal målfolk meine om dette skriftspråkskiftet? Er det greitt, skal me late dei fare, fordi desse ikkje lenger har nynorsknære dialektar? Fordi dei synest bokmål er lettare?

Eller er det ikkje greitt, skal me ikkje late desse elevane fare, fordi nynorsk fyrst og fremst har andre kvalitetar enn å vere ’dialektnært’ og ’lett’?

I eldstejenta mi sin klasse, i Jostedalen i Sogn, ei slags plomme i nynorskegget, snakkar to av fire elevar meir bokmålsnært enn nynorsknært. Kva skal målrørsla, som no arbeider mot målbyte, meine om nokon av desse etterkvart skifter fyrsteskriftmål? Kva råd skal me gje til lærarar og foreldre på Strilelandet, i Hallingdal og i Jostedalen?

Er nynorsk ei sak for individet eller for kollektivet? Det trur eg kjem til å bli brennpunktet i framtidige ordskifte om skriftspråkskiftet. Og skiftet kjem til å akselerere på Austlandet og kring vestlandsbyane, og det kjem til å akselerere i kjerneområda, på grunn av aukande tilflytting og sosial mobilitet. Ja, akselerere, iallfall dersom målrørslas (og statens) språksyn framleis får rå: Synet på at nynorsk – og språk – fyrst og fremst er individuelle fridomsprosjekt.

Nynorsk er ikkje alltid lett. Nynorsk er ofte vanskeleg. Ikkje på grunn av grammatikken eller den lingvistiske koden i seg sjølv, sjølvsagt ikkje, men fordi folk les lite nynorsk og høyrer lite nynorsk og får mindre og mindre støtte for han i talemåla sine. Men den vanskelege nynorsken vert altså ikkje diskutert. Eg er glad i målfolka fordi dei er glade i nynorsk. Eg vert difor ekstra vonbroten når det vert demonstrert at nokre diskusjonar berre ikkje skal takast.

(Og ja: Eg vil naturlegvis ha ein strategi som tilseier at jostedalsungar med bokmålsnært talemål og elevar på Strilelandet skriv nynorsk. Men då kan eg ikkje alltid nytte målrørslas tradisjonelle pedagogiske eller individualistiske argument. Nynorsk er ein kollektiv kulturell ressurs – ikkje nødvendigvis lettkjøpt – som flest mogleg må ta individuelt ansvar for dersom dei faktisk ynskjer han skal eksistere for kollektivet. Dette er ikkje elitisme, dette er den einaste vona.)

Stortingsvedtaket som jamstelte landsmål (nynorsk) med det almindelige bogsprog (bokmål) er 125 år i dag. Det er jamen noko å rope hurra for. Hurra!

Av grunnar eg nettopp har vore inne på her på bløggen, har eg ikkje sett meg i stand til å skrive ein ny og frisk tekst om fylgjene av 1885. Men eg har funne ein annan tekst, ein tekst om nynorskens nedturar og oppturar, om nynorskens feiringar, og om ein eigenleg har ‘rett’ til å feire noko som helst når det gjeld nynorsk. Og så handlar han om Noregs Mållag, for eg skreiv han til Mållagets 100-årsfeiring i 2006.

Og når eg no las han opp att, kom eg på kvifor eg er ørlite grann skeptisk til Einar Økland (og Leif Juster).

Corolla i krysspress

Det er mykje moro i målsak, og jubileumsfeiring er heilt klart mellom det mest morosame. Jubileum, som fenomen, er òg heilt sentrale i å skape det kollektive minnet om eiga fortid som lever i alle rørsler og organisasjonar. Jubileum er viktig, men òg vanskeleg.

Alt var betre før
Når Noregs Mållag i år fyller hundre år, med kongeleg prakt og musserande vin, er det i trygg forvissing om at mesteparten av 2006 vert prega av heilt andre saker og heilt andre jubilantar. At Ibsen (og Livredningsselskapet) òg er 100 år, og at Mozart er 250, vil nok løyse ut mange fleire spaltemillimeter og fjernsynsminuttar enn den nynorske hundreåringen. Det kan me gråte for, eller me kan late vere.

For som me veit: Alt kan ikkje målast i medieoppslag. Kanskje har mållaget vore viktigare for nordmenn flest enn både Ibsen og Mozart, ja kanskje har mållaget vore livredningsselskapet til det norske språket. Det kan då òg vere lett å drøyme seg attende til dei gamle og såkalla gode dagane. Til 1906, til dømes, då valet stod klårt mellom norsk og unorsk. Eller til 1930-talet, då nynorsken fossa fram i norske skulekrinsar slik at sindige målmenn rekna med at den endelege sigeren var nær. Eller til dialektreisinga på 1970-talet, med nordnorske viser, flower power og ”snakk dialekt – skriv nynorsk”.

Ingen bør drøyme slik. Både me som er aktive mållagsfolk og alle de andre som brukar nynorsk alltid, ofte eller somtid, bør vere sjeleglade for det rommet nynorsken har vunne og for at situasjonen på dei aller fleste område er betre no enn for hundre, sytti eller tretti år sidan. I 1906 var nynorsken eit uetablert skriftspråk med svært lite litteratur – og det var ikkje ein gong lov å skrive nynorsk til universitetseksamen. På trettitalet, og lenge etter den tid, vart du sett på som ein fjott om du kom til hovudstaden og snakka eit norsk målføre. På syttitalet vart NRK framleis utsett for harde aksjonar mot dialekt- og nynorskbruk, læreboksituasjonen for nynorskelevar var høgst ustabil og det fanst mest ikkje nynorskbruk i næringslivet. Berre for å nemne noko.

Det er ein grunnleggjande skilnad på stoda i dag og stoda for hundre år sidan, ja berre for eit par generasjonar sidan. Nynorsk er ikkje lenger berre ein idé, ein skriftkode og ei kulturpolitisk kampsak for ei folkerørsle – nynorsk er eit normalt skriftsmål med ein litterær tradisjon, institusjonar, bøker og aviser, skular, bankar, og 500 000-600 000 brukarar. Mykje er vunne, kanskje mest innanfor skule, offentleg målbruk, skjønnlitteratur, etermedia og aksept for dialektar. Her har dei målpolitiske gjennomslaga kome, dei som nynorskingar flest har tent på og som ikkje hadde vore moglege utan Noregs Mållag. Det er mellom anna dette me held fest for i år, me gledar oss over alt som er oppnått på berre hundre år. 

Passeleg glede
Festing og feiring er kanskje ikkje det mest mållagstypiske, og kanskje bør dette i framtida få ein større plass i målrørsla og blant målfolk – iallfall om ein skal tru somme utspel som har kome no i samband med mållagsjubileet. Mållaget må ha glede som mantra dei neste hundre åra, me må glede oss over vår store kulturskatt, skreiv Nationen på kommentarplass 2. februar i år. Mållaget og nynorskfolk må vere mindre i forsvarsposisjon og vise meir overskot, sa forfattar Ragnfrid Trohaug på Fredrik Skavlan sitt prateprogram 27. januar. Og kvar er nynorskens svar på Leif Juster, spurde nynorsksynsar Einar Økland i eit intervju med Nynorsk Pressekontor 31. januar, der han òg slo fast at lyst har vore eit tabuord i målrørsla. 

“Og kor du bryggjar og kor du bakar, d’er alltid ein som det ikkje smakar”, sa som kjent Ivar Aasen. For feiring for målfolk er alltid feiring med bismak, om me no vil det eller ikkje. Det står alltid nokon lurande bak døra med eit lite ris. Den same Einar Økland tykkjer til dømes i same oppslaget at det òg kan bli for mykje lysteleg feiring, at det for målfolket sin del no er på tide å vere sjølvkritiske. Og kva med utfordringane for nynorsken då, spurde Dagbladets Tore Rem i meldinga si av Ottar Grepstads Viljen til språk 1. februar. Slutt med dyrkinga av festspråket!, held Rem fram, og skriv: ”Det blir generelt færre nynorskbrukere. Og antakelig skifter hver tredje nynorskbruker over til bokmål før fylte 25. Frafallet er størst blant kvinner. På sakprosafeltet kjemper nynorsken en hard kamp, mot den engelske syken og et dominerende bokmål. Og i de største riksavisene står nynorsken svakt. Nynorskfolkets institusjonsbygging har utvilsomt vært riktig, men hva gjør man når aktiviteten likevel synker?”

For å vri litt på verselina til Ivar Aasen: Damn if you do, damn if you don’t. Mållaget må feire seg sjølv og nynorsken skikkeleg, fordi me må vise oss glade og fordi det er så mykje å glede seg over. Og Mållaget må ikkje feire for mykje, for det er stor grunn til å vere sjølvkritisk og til å sjå på alle problema som nynorsken står overfor. Mållaget må framelske festen, men passe seg vel for festspråket.

Den vanlege nynorskbrukaren
Sjølv er eg samd med både Einar Økland og Einar Økland. Mållagsjubileet må fange somme av desse doble og delvis motstridande ambisjonane som truleg dei fleste av oss har for Noregs Mållag no. Me må opne for skryt og pisk, både frå oss sjølve og frå den heilt vanlege nynorskbrukaren (som Einar Økland og Ragnfrid Trohaug?).  

Ja, det er mykje snakk deg for tida, du heilt vanlege nynorskbrukar. Mange har peikt på at du representerer ei av dei største utfordringane for Noregs Mållag dei neste hundre åra. Den jamne nynorskbrukaren finn seg nemleg ikkje til rette i målrørsla. Den jamne nynorskbrukaren ofrar aldri mållaget ein tanke.

Det er ingen tvil om at det hadde vore flott om Noregs Mållag organiserte fleire heilt vanlege nynorskbrukarar. Det er vel heller ingen tvil om at mållaget aldri har organisert denne gruppa, kven no det eigenleg skulle vere. Den siste granskinga eg har sett av emnet ”Kven er den vanlege nynorskbrukaren” vart gjort av Riksmålsforbundet og presentert i Ordet, avisa til riksmålsrørsla. Skal ein tru denne avisa er gruppa av nynorskskrivande samansett av ”påfallende mange arbeidssøkende og permitterte” (Ordet 4/2005).

Noregs Mållag har gjennom desse hundre åra lege på eit forbausande stabilt medlemstal, stort sett mellom 10 000 og 15 000. Sjølv om ein veit at målrørsla relativt sett organiserte ein større del av nynorskbrukarane før krigen, har mållagsmedlemer alltid utgjort ein forsvinnande liten del av det samla talet på nynorskbrukarar. Ingen i målrørsla vil naturlegvis slå seg til ro med dette. På den andre sida: Det at mållaget ikkje er viktig for den jamne nynorskbrukar er ikkje det same som at mållaget ikkje er viktig for nynorskbruken. Då snakkar eg ikkje berre om dei hundre åra som har gått, men òg om dei hundre åra som skal kome. 

For folk i det vonleg meir og meir fleirkulturelle Noreg oppfattar etterkvart den norske tospråkssituasjonen som det normale. Då gjeld det for Noregs Mållag å jobbe for ein praktisk språkpolitikk som samsvarar med denne mentale tospråkssituasjonen.

Det gjer berre Mållaget
Eg trur at Mållaget sitt seige arbeid for kanskje keisame einskildsaker som nynorsk programvare i skulen og for Rema 1000 på nynorsk er viktig for den jamne nynorskbruken. I det neste hundreåret vil eitt spørsmål i stadig større grad oppta språkforskarar, kulturaktivistar og globaliseringskritikarar verda over: Korleis kan vi berge dei små språka for etterkomarane våre? Ingen annan organisasjon eller institusjon i Noreg tek det totale grepet om mylderet av små og store oppgåver som høyrer til denne globale hovudutfordringa. Det gjer berre Mållaget.

Noregs Mållag er som Toyota Corolla – kanskje føreseieleg og noko sid i ræva, men også sikker, uthaldande og svært billig i drift. Diverre er det ingenting som tyder på at det ikkje er behov for organisasjonar som Noregs Mållag dei neste hundre åra, og for den jamne nynorskbrukar vil mållaget difor òg i framtida vere iallfall like viktig som Ibsen og Mozart og Livredningsselskapet. Til lukke, nynorskingar!

I går skulle eg på møte i tigerstaden for å diskutere språkskifte frå nynorsk til bokmål med ei nemnd som er sett ned av Noregs Mållag. Eg stod opp 0545 for å ta fyrste flyet saman med sunnmørsberta. Det enda med at me drakk oss fulle på kaffilatte i Sogndalsfjørao etter langvarig opphald i luftrommet over det sentralaustlandske skoddehavet og timar med venting på Haukåsen.

Eg fekk altså aldri halde innleiinga mi, men eit utdrag av henne kjem nedanfor. Noko av utgangspunktet er at Noregs Mållag har etterlyst meir forsking for å møte målbytet. Eg kan med ein gong vedgå at eg er skeptisk til svært generelle krav om “meir forsking” (i verste fall viser dette at ein ikkje anar kvar ein skal byrje). Det tyder sjølvsagt ikkje at eg er imot forsking på feltet. Her fer me:

Det norske målbytet har ikkje stått fram som politisk og vitskapleg viktig eller relevant. Det er det mange årsaker til, men dei får me ta ein annan gong. No er spørsmålet: Kva skal målrørsla gjere med det?

Målbyte må fyrst og fremst på dagsorden. Ein må få anerkjent målbyte som eitt av dei største problema for nynorsken. Korleis skal ein arbeide for å få til det? Dokumentasjon er ein måte, å vise i kva omfang målbyte skjer, kvifor det skjer, når det skjer og kvar det skjer. Det skal då òg seiast at me alt veit ein god del om dette. Mållaget og andre nynorskinstitusjonar har gjennom mange, mange år gjort mykje viktig utgreiingsarbeid når det gjeld stoda for nynorskelevar – det har framskaffa dokumentasjon på  og har arbeidd mot det som påskundar målbytet.  Læremiddel har vore den store saka her, men mållaget har opparbeidd seg mykje anna kunnskap om strukturelle hinder og direkte lovbrot som gjer at nynorskelevar vert leidde ut i bokmålet.

Men alle nyare granskingar som har vore gjort av årsaker til målbytet frå nynorsk til bokmål, viser at eit sentralt argument er at elevane tykkjer bokmål er enklare. Heller ikkje her skil den (ny)norske situasjonen seg frå  andre språkskiftesituasjonar verda over – majoritetsmålet står fram som enklare. Slik kjem det diverre til å vere jamvel om ein får bukt med urettferda og lovbrota.

Dette er eit overordna dilemma både i den norske situasjonen og mange andre språkskiftesituasjonar internasjonalt. Sjølv om det mindre nytta språket er “mitt”, representerer majoritetsspråket det normale og attkjennelege, både som skriftbilete og som kulturell kode. Slik står bokmål fram som enklast og best for mange (ikkje alle) nynorskbrukarar.

Historia har definitivt vist at ein ikkje kan rettskrive seg bort frå det språklege styrketilhøvet og fylgjene av det. Kva gjer ein då?

For kunnskapen i målrørsla sin del er det tvilsamt om ein vinn så mykje meir på stadig nye regionale målbytegranskingar. Eg spør meg iallfall om det er avgjerande for målrørsla og for den del Nynorsksenteret sitt arbeid med målbyte at ein no får dokumentert stadig meir om omfanget av målbytet, av kvar det skjer, og når det skjer. Me veit at målbytet ligg på ein stad mellom 20 og 75 prosent. Me veit at årsakene til det er at bokmål er majoritetsmål. Me veit at målbytet er størst på Austlandet, minst i dei nynorske kjerneområda. Kor mange ulike regionale elevsosiologiske målbytegranskingar treng me før me kan gå eit steg vidare? Jau, desse har vore viktige for å få spørsmålet opp på ei politisk sakliste. Prosjektet Målstreken frå Valdres er i dette ljoset svært godt. Slike elevsosiologiske granskingar bør likevel ikkje vere den einaste måten å forske på målbyte på. Fleire og fleire slike vil ikkje gje oss fleire og fleire svar på kva som bør gjerast med målbytet. 

Korleis skal me då gå fram for å byrje å få svar? 

Gjennom 1800-talet og starten av 1900-talet gjekk Wales gjennom eit svært målbyte frå walisisk til engelsk. 70% av folket hadde vore  eittspråkleg walisiske, men desse eittspråklege var heilt ute av soga før fyrste verdskrigen. Frå om lag 1920 har alle walisarar kunna både walisisk og engelsk, og i dag skal det godt gjerast å finne ein walisar som synest det er enklare å skrive walisisk enn engelsk. Likevel har walisiske språkstyresmakter fått til overraskande ting: Når det gjeld elevar frå 5 år og oppover, var det i skuleåret 1990-91 heile 72% som ikkje meistra walisisk i det heile teke. I 2001-02 var dette talet nede i 52%. Når det gjeld dei som meistrar walisisk flytande, var talet for 1990-91 14%. I 2001-02 var dette oppe i 17%.

Eg veit eigenleg ikkje så mykje om kva den norske målrørsla har å hente i den walisiske modellen. Og nettopp det er litt av problemet. Den mest prekære mangelen hjå oss er forsking på kva som fungerer for å redusere målbytet, og eg trur såleis ikkje me har noko anna val enn å sjå på tiltak for språkstyrking i andre fleirspråksamfunn. Kva for tiltak kan me importere frå kvar for å motverke målbytet? Kva har overføringsverdi til norske tilhøve? Kva kan generell teori om språkskifte og tospråklege opplæringssituasjonar lære oss?

Lenge leve lokalavisene. På den kjekke tilskipinga eg var på 8. mars i Knarvik, var det to av dei. Den eine, Strilen, la jamvel saka si på nettet. Så er no det sagt.

Det er like før eg hiv meg i bilen for å køyre til Knarvik og Lindås Folkeboksamling, der eg skal halde kveldens 8. mars-føredrag om dei fyrste nynorskkvinnene. Nullføre og ferjekaffi, men eg har tangoplate og P1.

I staden for føredraget mitt, legg eg i høve dagen ut tre tekstar om tre ikkje svært kjende målkvinner: Nikka Vonen, Ingebjørg Jore og Elisabeth Edland. Dei har tidlegare stått på trykk i Norsk Tidend. Elles siterer eg ei av mine yndlingsbloggarar, Fr. Martinsen: “8.mars er en dag for å diskutere endringer, for menn også. Ikke en festdag med ballonger og gratulasjoner.”

Nikka Vonen 1836-1933

Det er mange gode grunnar til å presentere Nikoline Marie Vonen, sunnfjordsk skuledrivar, fjellklatrar og målkvinne. 

Det var jenteskulen som gjorde henne vidgjeten. ”Pigeinstituttet” til Nikka Vonen vart starta i 1869 og driven til skuleåret 1906-07. På desse åra skal ho hatt over 800 jenter innom – mellom dei Bergliot Bjørnson og ei rad andre døtre frå Noregs mest kondisjonerte og intellektuelle familiar. Landsmål vart det nok aldri undervist i på denne skulen, den sosiale bakgrunnen til elevane tilsa ikkje det. På den andre sida skal Vonens jenter ha vore dei fyrste i landet som fekk opplæring i sløydfaget.

I denne samanhengen er det likevel målkvinna Nikka Vonen som er mest interessant. Far hennar dreiv vertshus i Dale, og det var kanskje slik ho vart kjend med mange av dei fremste landsmåls- og opplysningsmennene i samtida. Eilert Sundt inspirerte henne til å samle lokale eventyr og segner, Hans Ross hjelpte henne med å gje dei att på sunnfjordsfarga landsmål og Aasmund O. Vinje prenta stoffet hennar i Dølen i 1868 og 1869. Ho kjende Ivar Aasen, brevveksla med Christoffer Bruun og var nær ven med Henrik Krohn – dessutan var ho den fyrste kvinnelege medlemen i Vestmannalaget, alt frå 1872.

Nikka Vonen har fått ord på seg for å ha vore politisk konservativ, og rett nok var ho ingen barrikadestormar i allmennpolitiske spørsmål. Likevel gjorde ho ein heiderleg innsats for å hjelpe fram Jens Rolvsson, ein ung sunnfjording med nære band til ein heller radikal fraksjon i målrørsla. Rolvsson var sentral i krinsen kring Olaus Fjørtoft. Til Dale kom han på starten av 1870-talet for å skipe det han kalla Bondehøgskulen – ein folkehøgskule, den fyrste i landet som vart lyst ut på landsmål. Nikka Vonen oppmoda radikalaren Rolvsson sterkt om å kome til Dale med skulen sin, ho hjelpte han med pengar til drifta, og han fekk undervise i norsk og historie på jenteskulen hennar. Dette gjorde nok sitt til at Rolvsson heldt ut i tre år. Skulen hans var heile tida missett i bygda og hadde svært fåe elevar. Likevel har dette skuleforsøket vorte vidgjete som eit døme på korleis den opposisjonelle Fjørtoft-krinsen fekk konkrete nedslag på bygdene.

Nikka Vonen hadde det ikkje berre i hovudet, men òg i beina. Ho var overlag interessert i fjell og klatring, var ei av dei fyrste kvinnene på Galdhøpiggen og var saman med den vidgjetne engelske klatraren William C. Slingsby på fleire ekspedisjonar. Eg veit ikkje kva dei snakka om på base camp i seine kveldstimar, men i fleire bøker om Slingsby les me at den britiske aristokraten var forunderleg interessert i norske målføre og landsmålsreisinga. Ikkje heilt tilfeldig?

Ingebjørg Jore (1863-1957)

Den nynorske pressa var full av kvinner i pionertida. Kva hadde den radikale Volda-avisa Vestmannen (1887-1889) vore utan den intellektuelle og finansielle krafta til Synnøve Riste? Kva hadde Rasmus Steinsviks Den 17de Mai (1894-1935) vore utan skribentane og administratorane Marta Steinsvik og Hulda Garborg? Kva hadde Syn og Segn (1894) vore utan sin mangeårige medarbeidar Karen Grude Koht?

Men den fyrste kvinna i nynorsk pressehistorie er Ingebjørg Jore. Ho tek steget inn i den nynorske ålmenta etter at Arne Garborg stryk til Paris i 1885 og let Ivar Mortensson-Egnund sitje att åleine med ansvaret for avisa Fedraheimen (1877-1891). Så kva gjer Mortensson-Egnund? Han fer til Telemark og hentar ’Raulandsgjenta’, som han seinare kallar henne, til å hjelpe seg med avisdrifta. Seinare skriv han til Paris, fire sider med lovord over den nye Fedraheimen-medarbeidaren.

Ingebjørg Jore hadde då i eit par år vore ein ivrig skribent i avisa. Ho skreiv dikt og skildringar av blomar, vår og ungdomstid på telemarksmerkt landsmål. Truleg kjende ho Ivar Mortensson-Egnund frå før, ettersom han hadde halde seg mykje i Rauland tidlegare. Ingebjørg Jore var då heller ingen kven som helst i Rauland. Far hennar var fyrste bondeordføraren i bygda, Aanund Gjore, og ho skal sjølv tidleg ha engasjert seg politisk. Til dømes sydde ho eit reint norsk flagg til 17.mai-festen i bygda i 1884.

Etter at Ingebjørg Jore byrja arbeide i Fedraheimen, skreiv ho fleire artiklar om litterære og politiske emne. Ho stod tydeleg og støtt på den politiske lina åt Garborg og Mortensson-Egnund: Imot regjering og kongedøme, for republikk, Reine Venstre og ålmenn røysterett. I seks år skreiv og arbeidde ho i avisa. Etter 1888 vart det stilt. Våren 1889 er då òg Fedraheimen komen i økonomisk uføre, flytter til Tynset og slær seg saman med Rasmus Steinsviks Vestmannen for å bli ’Radikalt arbeiarbla’. Raulandsgjenta er ikkje nisse på det lasset.

Ingebjørg Jore skreiv litt for ymse bøker og blad etter at ho slutta i Fedraheimen, men i 1892 for ho til Amerika og kom aldri attende til korkje Rauland eller Noreg. I Amerika livnærte ho seg mellom anna som skribent i Decorah-posten. Ho gifte seg med Arthur Goodspeed i 1897 og fekk tre born med han – sidan skilde dei seg.

Ingebjørg Jore døydde i 1957. I 1957 er mor mi sju år, og det er berre 15 år til eg sjølv skal bli fødd. Underleg å tenkje på at ho strekte seg langt inn i mi eiga tid, ho som bar på minne om Fedraheimen og om det myteomspunne nynorskmiljøet i dei avgjerande 1880-åra.

Elisabeth Edland (1869-1901)

Den fyrste gongen målavisa Den 17de Mai skreiv om Elisabeth Edland var i 1894. Edland har då vore på Røros med eit fråhaldsføredrag, og avisa skriv: ”Det er staut gjente og ho talar norskt!” Fleire av Røros-karane som høyrer og ser henne lovar høgt og dyrt at dei aldri meir skal bruke norsk-dansk. Nett so staut er jenta.

Elisabeth Edland var frå Mosterøy i Ryfylke. Foreldra hennar heldt Garborg-avisa Fedraheimen og las landsmålsforfattarane. Elisabeth sjølv byrja tidleg å undervise i småskulen. Den sumaren ho var 18 år, i 1887, reiste ho til Stavanger for å gå på målkurs. Faga var lesing, diktat, stil, grammatikk, oldnorsk og diskusjon. ”Det gjekk laust paa med Socialismen i 3 kveldar. Kvendesaki og andre vigtuge Spursmaal vart au ordskiftat”, skriv Fedraheimen i ein rapport frå kurset. Skal tru om dei ikkje fekk perspektiv på meir enn oldnorsk, dei mange bygdejentene som tok landsmålskurs på 1880-talet?

Vegen vidare var på mange vis typisk for målkvinnene på slutten av 1800-talet. Elisabeth Edland gjekk eit par lærarkurs ved Vonheim, folkehøgskulen til Christopher Bruun, ho tok eit opphald ved ein grundtvigiansk høgskule i Danmark og ho var lærar. Men i 1890, då ho var 21 år, vart ho oppdaga av Det norske Totalavholdsselskap (DNT). Ho skulle vise seg som litt av eit funn.

I til saman elleve år for Elisabeth Edland rundt i Noreg med føredrag for fråhaldsaka og mot brennevinssamlag, og ho gjorde stor suksess. Då ho var i Nord-Noreg i fire månader i 1894, skal ho ha halde hundre føredrag med til saman 16 000 tilhøyrarar. Det var på veg heim frå denne turen at ho kom til Røros der ho heldt tre føredrag for 700 tilhøyrarar. Fyrst var ho rett nok i Trondheim, der det vart fire føredrag og 1800 i salen. Og slik kunne ein ha halde fram. Mellom 1890, då DNT kapra henne, og 1901, då ho so sørgjeleg døydde som 32-åring, kan Elisabeth Edland ha gjort inkje anna enn å reise kringom i Noreg. Ho må soleis ha hatt eit høgst uvanleg kvinneliv.            

Men det kanskje mest uvanlege var målet hennar. Kvar ho kom, vart det snakka og skrive om at Elisabeth Edland faktisk nytta ”sit morsmaal”, ”heimemaale sitt”, ”sin vestlandske dialekt”, ”landsmaalet”, ”norskmaalet”. Endå i 1890-åra var det jamvel for målfolk uvanleg å halde offentlege talar på målføre eller landsmål. Elisabeth Edland, som endåtil var ung kvinne, må soleis ha vore svært modig og svært brennande.

Nynorsk er på retur i norsk skule. No er dette på ingen måte ferske nyhende: Nynorsk har vore på retur i norsk skule sidan førtiåra. I dag er nynorsk det som internasjonale konvensjonar kallar eit mindre brukt språk – det er altså i minoritetsposisjon. Det har nynorsken sams med ei rad andre språk i verda.

Mange av desse mindre brukte språka er i dødens posisjon. Dei mest pessimistiske språkforskarane meiner at opp mot 90 prosent av språka i verda kjem til å forsvinne i dette hundreåret. I 2003 gav kanadiske Mark Abley ut boka Spoken here, som er ei reise mellom truga språk på alle kontinent, frå australske Marri Djabin til atlantiske færøysk. Abley konstaterer at når ungar mest berre møter majoritetsspråket i skulen, når minoritetsspråket ikkje har status mellom tenåringar, når all populærkultur vert formidla på majoritetsspråket – ja, då brenn eit blått lys for det vesle språket.

Så er det alarm for nynorsk? Vel, Mark Abley reiste iallfall aldri til nynorsk-Noreg. I global samanheng er nynorsk langt frå å bli rekna som eit truga språk. Det absolutte talet på nynorskbrukarar har gått lite ned dei siste ti åra, nynorsk er ikkje under press som offisielt språk og nynorsk styrkjer seg i kjerneområdet Vestlandet. Likevel er det eit faktum at om lag ein tredjedel av landets nynorskelevar byter til bokmål i løpet av skuletida si, og at prosenten er enno høgare i dei nynorske enklavane på Austlandet.

Vår mann med språkreiseboka, Abley, ville kanskje sagt at eit slikt språkskifte er trasig, men likevel svært vanleg for språk som er så pass små som nynorsk er jamført med bokmål, og at nynorsk trass alt greier seg ganske bra i internasjonal målestokk. Men i vår heimlege debatt vert språkskiftet frå nynorsk til bokmål gjort til eit spørsmål om individuelle kvalitetar ved nynorsken, ikkje som noko som strukturelt gjeld for små språk verda over.

I norsk offentleg ordskifte er det til dømes mogleg å meine at språkskiftet til bokmål er eit resultat av norma i nynorsk, altså korleis nynorsken ser ut. Ikkje nok med det: Det er mogleg å samstundes meine at det er for vanskeleg å skrive nynorsk fordi ‘alt er lov’ men at det dessutan er dumt at ein ikkje kan bruke dei bokmål- eller dialektformene ein sjølv vil. Ikkje sjeldan møter ein påstanden om at den manglande bruken er nynorskens eigen ’feil’ – fordi han i seg sjølv er ’unaturleg’ eller ’bondsk’, eller fordi brukarane av han har desse kjenneteikna. Såleis kan språkskiftet frå nynorsk til bokmål sjåast på som eit argument mot nynorskens eksistens: Når nynorskelevar sjølve byter bort nynorsken, må det tyde at nynorsk er umogleg og ikkje har livets rett.

Men om ein løfter hovudet frå andedammen, ser det på mange vis enklare ut. Språkskifte er eit problem alle språk i mindretalsposisjon opplever. Det skjer fordi majoritetsspråket, i kraft av at det vert nytta meir i populærkultur og utdanning, vert lettare å meistre og dermed kjennest mest naturleg. Walisisk vert såleis vanskelegare enn engelsk i Wales, samiske språk kjennest vanskelegare ut enn norsk i Noreg.

No har Språkrådet sett ned eit utval for nok ein gong å revidere nynorskrettskrivinga. Det kjem ikkje til å ha noko å seie for språkskiftet. Det som trengst er meir nynorsk, særleg i opplæringa, ikkje ein annan nynorsk. På same måten som det trengst meir walisisk i Wales og meir samisk i Sameland.

Slik lyder førre laurdagsspalte i Nationen.

Det lyser

Jakob Sandes Det lyser i stille grender (1931) er desemberdiktet.

Det er fint med stille, men det er aller finast med lys. Eg har ein replikk i Aftenposten om det i dag, Mytar om by og bygd. Han ligg her. Og så lyt eg tilrå Nationens biletserie Lys i Jostedalen, som ligg her.

Diktet Det lyser i stille grender har fire strofer. Slik skulle songen syngast i Sunnfjord då eg voks opp:

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld.
Og tusende barnehender
mot himmelen ljosa held.

Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens frelsar
som barn i ein vesal stall.

Han låg der med høy til pute,
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.

Der song dei for fyrste gongen,
ved natt over Davids by.
Den evige himmelsongen
som alltid er ung og ny.

Me vart opplærde til at den femte strofa ikkje skulle syngast. Slik går den:

Den songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt,
om barnet, Guds son, vår sonar
som døden for evig batt.

Vel. Bør denne strofa kuttast, slik me alltid gjorde i Dale før i tida, eller skal ho syngast, slik som dei fleste gjer no – til dømes som Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga gjer på juleplata si? No har det kome ut ei aldeles strålande bok, Den nynorske songskatten av Terje Aarset, som gjer svar (s. 161ff). Den opphavlege sistestrofa som Sande skreiv, var slik:

Songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt
um barnet, Guds son og sonar
som myrket for evigt batt.

Sande var slett ikkje nøgd med dette. “Ein kan ikkje binde mørkret,” skal han ha sagt til Herbjørn Sørebø. Sande redigerte såleis femtestrofa bort då diktet skulle inn i song- og lesebøker frå slutten av førtitalet. I 1985 vart strofa likevel teken inn att i salmeboka, etter at det opphavlege femteverset sitt “…og sonar” vart endra til “vår sonar” og “myrkret” vart endra til “døden”. Slik skulle det bli betre både metaforisk og teologisk, var tanken.

På midten av åttitalet song eg i Dale barnekor, og det er nok frå dei lokale diskusjonane som gjekk om den nyskapte songen i den nye salmeboka eg har denne refleksen om at femte verset ikke bør syngast. Det er òg det Aarset konkluderer med: Det firestrofers-versjonen Jakob Sande sjølv ville ha. Eg held såleis trygt fram med sunnfjordspraksisen min.

Elles er det viktig å synge “men englane song der ute” i tredje strofa. “Mens” er noko anna, slike kroppsvæsker får me no halde unna julesongane, synest eg. (At “mens englane song der ute” gjev ei anna og dårlegare tyding, treng me vel ikkje ein gong nemne.)

Språkleg vrakgods?

Snadd og snåld og snut og snyta. Tut og trut og strut og stryta. Nebb og tryne, rott og rane, kjeft og klove, gron og grane, munn og mule, mutt og putt, sleik og slabb og søt og sutt.

Dette er ein song om språk. Det er Ivar Aasens dikt Navne på mund, som eg her har gjeve att utan ujamn høgremarg. Aasen kunne heilt klart fleire namn for munn eg det eg kan. Bestemor mi på nitti kan òg fleire ord for munn enn meg. Og for folk som brukar munnen. – Kjeftaslit, seier ho, og slår av radioen. Berre sliting på kjeften, altså.

Me får ofte forklart at dialektord forsvinn på grunn av referenttap, altså fordi dei tinga eller fenomena som orda viser til, forsvinn. Eg er ikkje overtydd om at det er sant. Me brukar kjeften minst like mykje no som på Aasen si tid, men nyttar langt færre ord om han.

Dette er starten på gjestebloggposten min på nettstaden I klartekst, som er eit samarbeid mellom Direktoratet for forvaltning og IKT og Språkrådet. Les meir her.

frå Per Olav Kaldestad: Oktober (1993):

Sola er ein vakker villskap over fjellet i sørvest, eg kjører rett imot og får det fingrande lyset over augo. Oktober. Oker og overmodne bær. Om ingenting anna viser at det reine tilfellet rår, kjem det fram i denne månaden, som framleis seier han er den åttande og får verdensomspennande tilslutning så det jublar i klare fargar. Oktober, tenkjer eg og ser for meg bjørnebær i djupe klasar, svarte som sola i ein svart draum, perlete underverk, nett fullførte av naturens evindelege Picasso, som legg seg på fjellet no og veltar glaset av honning utan hemningar over.

Den svarte safta skin i glaset mitt
Ho minner meg om dagane som fór.
Ein radio held fram med vaset sitt.
Eg føler at eg enno har ei jord.

Ho skin, den svarte safta, og er kald.
Ein sommar gjekk og att er dette her.
Dei gamle trudde kvar ein dag var tald.
Eg tel han sjølv og kjenner kor han ber.

Eg fargar dagen i min eigen glans.
Og strekar opp den vegen som er min.
Eg kjører løpet vilt og utan stans.
Og ser i spegelen kor alt forsvinn.

Så overhendig svart i glaset der.
Og alt det blanke lys som enno er.

(Og no er det november.)

Språkfilosofi

Språk er som kjent berre eit estetisk spørsmål. Forfattaren Sven Moren i 1917 om rettskrivinga i nynorsken:

Det [er] noko i meg sjølv som reiser bust mot alle desse i-arne. Det er som ein otte for at dei skal stinga augo ut på meg eller i minsto rispa hol på skinnet. Kui – ho er liti og kvat og yndefull på sin måte. Men ser de ikkje kor sylkvasse honn ho hev? Ne, kua, det er anna slag til rugge, det. Ho er godlynt og kjælen, ho. Og so gjev ho mykje meir i bytta. Det er det same med soli. Ho skin so tindrande blankt. Ho brenner og riv og skjer i augo so ein vert halvblind. Sola tek det meir med ro. Og so skin ho over fleire. Ho skin jamvel over urettferdige.

Der fekk de den, sogningar. Det er berre å slutte seg til klagemåla som kjem frå osloeliten på tvitter kvar gong Liv Signe Navarsete er på tv.

« Older entries