Høyring frå Høgskulen om læreplan i norsk

Høgskulen i Sogn og Fjordane har no sendt inn sin respons til Utdanningsdirektoratet sitt framlegg til ny læreplan i norsk. Det er eg som er kontaktpersonen til HiSF i denne saka, ettersom det er norskseksjonen som står for den konkrete uforminga av høyringssvaret. Les HiSF-meldinga om høyringssvaret her.

Her er den lange versjonen:

HiSF vil styrke nynorsk i ny læreplan

HiSF 11.2.2013
Utdanningsdirektoratet har sendt framlegg til reviderte læreplanar på høyring. Høgskulen i Sogn og Fjordane leverte 11. februar eit kritisk høyringssvar til læreplanen i norsk. Statusen til nynorsk i opplæringa har stått sentralt i diskusjonane om den nye læreplanen. HiSF er ikkje nøgd med framlegget.

Vurderingsordningar for sidemål
Det har vore mest diskusjon om vurderingsordningane for sidemål. Utdanningsdirektoratet har lansert tre alternative «pakkeløysingar» for vurdering i hovudmål og sidemål. HiSF støttar alternativ 1, som svarer til dagens ordning. Det inneheld separate standpunktkarakter i sidemål både på ungdomssteget og på Vg1, Vg2 og Vg3 på studieførebuande utdanningsprogram, og separate eksamensdagar i sidemål og hovudmål etter 10. klasse, dersom elevane kjem opp i norsk.

HiSF går imot både alternativ 2 og 3. I alternativ 3 vil ikkje elevane gå ut av grunnskulen eller studieførebuande utdanningsprogram med separate karakterar i sidemål i det heile. I alternativ 2 får ikkje elevane separat standpunktkarakter.

Separate standpunktkarakterar i sidemål
HiSF ser det som avgjerande å halde på separate standpunktkarakterar i sidemål, oftast nynorsk, både på ungdomssteget og på studieførebuande utdanningsprogram. Standpunktkarakterar er den breiaste og mest tydelege vurderinga elevane kan få av kor dei står fagleg. For elevar som ikkje går vidare på studieførebuande utdanningsprogram og som heller ikkje kjem opp i skriftleg eksamen i norsk etter 10. klasse, er standpunktkarakterar i hovudmål og sidemål den einaste formelle dokumentasjonen dei vil ha på kompetanse i nynorsk og bokmål. For dei fleste vil det då i praksis vere nynorskkompetansen dei ikkje har dokumentasjon på. Det vil vere uheldig både for elevane og for arbeidsgjevarar i nynorskområde og offentleg forvaltning om ein i framtida ikkje skulle ha denne formelle dokumentasjonen på språkkompetanse. Sidemålet vil òg tape status og merksemd i undervisninga dersom det ikkje er ein eksamensdisiplin der elevane og indirekte skulane sine prestasjonar vert målte gjennom ei eksamensordning.

HiSF er heller ikkje nøgd med den svake legitimeringa av sidemålsordninga og den norske fleirspråksituasjonen. Skulen og norskfaget har med rette vorte kritisert på dette punktet, mellom anna av kunnskapsminister Kristin Halvorsen, men læreplanframlegget er ikkje betre enn gjeldande læreplan. Det må bli tydeleg at opplæringspolitikken er nært knytt til overordna målsetnader i norsk språkpolitikk om offisiell jamstilling mellom dei to norske skriftspråka.

Eigne språktradisjonar
Noreg fekk alt for hundre år sidan ein moderne og liberal statleg språkpolitikk, som har ivareteke det mest utsette språksamfunnet/språkgruppa og dermed òg den norske toskriftspråklegheita. Nynorsk og bokmål er eigne språktradisjonar, og den rettslege likestillinga er forankra i ideen om at båe språk er ein kulturell verdi for kvart av de to språkbrukargruppene, og at dei samla er eit heilt sentralt uttrykk for norsk identitet og historie. Opplæring i både nynorsk og bokmål er òg avgjerande for at nynorskbrukarar skal kunne gjere bruk av sine språklege rettar, og for at nynorsk skal kunne brukast og vere synleg som bruksspråk i alle deler av samfunnet. Nynorsk og bokmål er med på å gjere Noreg til eit fleirspråkleg samfunn. Dette er både ein kollektiv, kulturell ressurs og ein ressurs for våre individuelle språkkompetansar.

Den nye læreplanen i norsk skal setjast i verk frå hausten 2013.

 

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *