Olle frå Ockelbo, igjen

Denne teksten vart skriven og publisert i Nationen sommaren for tre år sidan, då Vickan gifte seg. I høve bryllaupet til syster hennar i dag, smeller eg atter til med han.

*

Eg hadde ein stor dag på sofaen for ei veke sidan, då den svenske kronprinsessa gifte seg med Daniel Westling frå Ockelbo. Eit av dei største augneblinka var på slottsbalkongen, då Victoria greip mikrofonen framfor ein halv million menneske i Stockholms gater og nokre millionar til framfor skjermen, og takka det svenske folket for at ”…ni har gett mig min prins”.

Ein genistrek! Den svenske kronprinsessa tok tak i det som har vore vurdert som det svakaste ved prins Daniel – det gjennomsnittlege og ordinære. Samanlikna med den fallerte Mette-Marit, bohemske Ari Behn eller sobre Mary av Danmark, er prins Daniel mannen utan eigenskapar. Han er berre fleirtalsvanleg. Men Victoria greip nettopp dette eine, det ikkje-spesielle, og ho lyfte det opp og let det skine. Prins Daniel vart symbolet for sjølve folket.

Sjølvsagt er dette eit skodebrød. Ja, Daniel Westling verkar enkel – fordi han har keisame interesser (berre sport?) og avgrensa kompetanse (berre sport?). Men at mannen er enkel, gjer han ikkje nødvendigvis til ein av folket. Daniel Westling vart introdusert for den svenske kronprinsessa gjennom andre i kongefamilien. Fordi han eig eit eksklusivt treningssenter i Stockholm, har han i årevis menga seg med den svenske hovudstadsoverklassen. Prins Daniel er ikkje ein pojke av folket, men ein herre av hoffet – og det var han lenge før han møtte den svenske tronarvingen. Soga om Victoria og Daniel er ikkje eit eventyr om prinsessa og oskeladden, men eit typisk døme på at kongelege, som alle oss andre, finn partnarar som rører seg innanfor det smale synsfeltet som me no ein gong har.

Men journalistar og kommentatorar ser det enkle (og keisame) ved Daniel og trur det er folkelegheit. Denne media-utbreidde ideen om at det banale og uspennande ved menneske er det som gjer dei folkelege, vart ekstra tydeleg under bryllaupsmiddagen. Då far til prins Daniel fekk ordet, heldt kommentatorane pusten. Olle Westling frå Ockelbo, ein mann av folket, skal tale i kongens gjestebod! Korleis skal dette gå?

I motsetning til tilfellet Daniel, har eg ingen problem med å godta at pappa Olle er ein folkets mann. Han bur framleis i rekkjehuset i grenda si, går i tytebærskogen og har vore sosialsjef i nabokommunen. Men gjer dette han enkel og banal? Olle frå Ockelbo heldt ein velformulert, reflektert og langt frå enkel tale til brureparet, og gjekk svenskekongen ein høg gang. Men ekspertane var skiftevis vonbrotne og fortusta: Korleis var det mogleg at ein mann av folket kunne tale slik?

Det er mogleg fordi Olle frå Ockelbo representerer det folket som hovudstadsavisene og hovudstadsoverklassen aldri ser, men som nettopp er ein vesentleg del av det folkelege. Olle representerer det opplyste og veltalande, det politisk og konstitusjonelt skolerte, organisasjonsarbeidet, etatsleiinga, formannskapet, lagsleiinga, han representerer dei som held talar på nasjonaldagen og innlegg på møte, dei som opptrer på lokale kulturarrangement, som forsvarar budsjett og som legg fram saker på jobb og som bloggar og diskuterer. Slik er sjølve folket i ein kvar svensk – og norsk – kommune.

Truleg hadde ikkje overraskinga over Olle vore like stor om han var ein statleg byråkrat eller næringslivsleiar frå Stockholm i staden for ein kommunal mellomleiar i distrikts-Sverige. Difor var den aller største bryllaupsaugneblinken då Olle frå Ockelbo i nokre få minuttar omdefinerte det folkelege framfor den skandinaviske media-dumskapen.

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *