Korps til fjells

Teksten nedanfor var trykt usignert i Sogn Avis 16. september. Eg trur eg republiserer han her, som eit slags seinsumarminne.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Helga 24.-25. august gjekk årets tur for Jostedal skule- og ungdomskorps til fots. Når seinsommarsola glitrar over vatn og sva og lav i Breheimen, er det seigt å måtte setje seg på bussen og bli frakta milevis til speling. Dermed la musikantar i vaksenkorpset, aspirantgruppa, foreldre og familie ut på vandring frå Jostedalen over Handspiki til Gudbrandsdalen. Til saman var me om lag 25 folk, den yngste sju år.

No er det ikkje akkurat nytt at jostedøler går over Handspiki. Ferdselsvegen frå Jostedalen til Sota sæter i Skjåk har historisk sett vore mykje nytta, til fedrift, handel og sosial kontakt. I mange tiår nytta skyttarlaga i Jostedalen og Skjåk vegen for å vitje kvarandre sine skyttarstemne, og dessutan er dette naturlegvis ei flott rute for folk som berre vil på tur. Og det ville me!

Korpset starta i skarp morgonluft i arktiske tilhøve fremst i Jostedalen, ved Styggevatnet, 1200 meter over havet. Med Styggevatnet og Austdalsvatnet og Austdalsbreen på venstre hand, Sprongeggi på høgre, gjekk turen fyrst opp til Styggevasshytta, som vart flytta frå vatnet og opp mot Handspiki etter den store kraftutbygginga i 1980-åra. Frå hytta sprang aspirantane føre gamlingane opp til grensefjellet Handspiki, 1400 moh, toppen som skil Sogn frå Gudbrandsdalen. Utsynet frå Handspiki er fascinerande for både småe og store; mot vest brear, stein og nutar; mot aust heiar, skog og myrar. Aspirantane vart samde om at vest er best.

På den stadig heitare turen ned frå Handspiki og gjennom Surtbyttdalen langs Surtbyttvatnet, var stemninga god og oppakkinga lett. Me var ikkje dummare enn at me hadde tinga han Arne Bjørk til å køyre buss frå Jostedalen med instrument og bagasje, med avtale om at han skulle møte oss på Sota. Etter ei god rast på den vene stølen Mysubytta var det vel somme av dei yngste (og foreldra deira) som såg litt mørkt på fem keisame kilometer på grusveg ned til Sota sæter. Men vel seks timar etter avmarsj frå Styggevatnet var alle komne fram til is og kaffi og bussen på Sota.

Me har nok vore på korpsturar der det har vore vanskelegare å få aspirantane til å sove om kvelden enn det var denne gongen. Så etter ei god natt i campinghytter på Lom, var me klare for det eigenlege ærendet med turen: gatespeling i Lom sentrum sundagsføremiddag. Dette var siste helga med sundagsopne butikkar i bygda, så publikum hadde me og gret gjorde dei då me spelte ‘Fagert er landet’. Og det gjorde nesten me òg, med tanke på turen dagen før.

Me kosta altså på oss å ta buss heim att over Sognafjellet etter speling og shopping på Lom. Det er kjekt å vitje gode grannar i aust, og det er kjekt å kombinere fysiske og musiske opplevingar; kropp og korps. Takk for turen!

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *