Bygdeliv

You are currently browsing the archive for the Bygdeliv category.

I den fantastiske romanen Fyr og Flamme (1980) byd Kjartan Fløgstad på rein, raud og likevel augustblå romantikk i diktet Stå med glans. Seinare har Vestlandsfanden gjeve ut ei nesten like fantastisk plate med berre Fløgstad-tekstar, Ei god stund - der ein i tillegg til songen nedanfor (med Bugge Wesseltoft på trekkspel), finn legendariske vestlandsviser som Skipsekspedisjonen og Indre strøk.  

Stå med glans

Den raude dagen fell mot vest
og vinden held sin pust
Og kvelden kler seg opp til fest
i stilig mørk august.
Då byd eg opp på Folkets hus,
i Store Sal, til vals
og svingar jenta som ein bus
med arm om hennar hals.

Då kviskrar eg til jenta mi
Du ser jag kjører kran
Men denne helga har jag fri
og festar som ein fan.
Du ser dei gir oss lusalønn
og kallar oss for ramp
Men aldri faen, ikkje bønn
gir vi oss utan kamp.

Slik dansar vi på Folkets hus
Glir tett som not og fjær
i lukt av dobbeltrensa rus
og du er varm og nær
Og smidig kropp i blomstratøy
som pressar mot mitt bryst
og ropar: Det var himla skøy!
Og ler av hjartans lyst.

Men det er ingen skulegut
som tar deg fast i hand
og fører deg på golvet ut.
Det er ein arbeidsmann
som dansar mot ein stor bedrift
Mens Ewald drar sin belg
Og rundt oss dansar Westin skift
Og Lien neste helg

Musikken spelar opp ein flat
Du ropar: Takk for den!
Eg rotar rundt i surr og prat
men lufta om meg brenn
Då kjem du over ope golv
Eg rettar slips og dress
Når alle klokker dundrar tolv
gir du meg damenes!

Men natta lir og strekkjer ut
sin morgonkvite kropp
Med elv og fjord og skog og nut
der dagen flammar opp
der sola stig og står og står
og strålar med sin glans
Då kjem du sakte før vi går
saman heim frå dans.

Sjølv om eg tykkjer konseptet konsert er oppskrytt, er det surt å ikkje vere i Bergen i morgon. Ei slags trøyst er det å bli intervjua i dagens Dag og Tid, om “Den eldgamle motsetnaden” (ikkje på nett). Der meiner eg mellom anna at “å kritisere Oslo er ikkje det same som kjempe saka til distrikta”. Eg sa naturlegvis meir som ikkje kom med: Eg sa at spørsmålet om kvifor alle utanom Oslo hatar Oslo, er eit spørsmål og ein premiss som ein berre finn hjå folk i Oslo. Sjølv elskar eg Oslo.

Uheilagt i Hardanger

Eg burde juble. Rikssynsar Frank Aarebrot glaner mot meg frå ei av dagens avissider: Kampen mot monstermastene i Hardanger er ein typisk konflikt mellom sentrum og periferi, forkynner han, no reiser distrikta seg mot hovudstadsmakta!

Me høyrer ofte at konflikten mellom sentrum og periferi framleis er av dei mest mobiliserande i det norske samfunnet. Me veit òg at det er periferien som tener på at denne motsetnaden vert kvesst – rett og slett fordi kvessinga er eit teikn på at periferien for ein gongs skuld har greidd å løfte opp interessene sine. Me har sett det i striden om EU, me har sett det i sjukehusstridar og i rovdyrdiskusjonar. Om det er rett at hardangersaka er ei slikt løft for periferien, burde eg altså juble, eg som sit ved eit vindauga 400 kilometer frå Oslo. Eg ser på ei grønskummande elv i ein blåskumrande kveld, og kan godt forstå at hardingane ikkje vil ha høgspentmaster rett utanfor stoveglasa sine. Men jublar eg?

Jo då, hardangersaka botna nok i ein klar motsetnad mellom hovudstad og distrikt: Sentrale politiske miljø ville drive igjennom eit naturinngrep trass i massiv lokal motstand. Dette er ein type konflikt som det finst massevis av i Noreg (og minst like mange i andre statar). Og han finst i nærmiljøet mitt. Eit døme er den skummande elva utanfor huset her. Den er òg truga av storsamfunnet, det vil seie Statkraft, som vil byggje ho ut. Eit anna døme er sjukehussaka i Sogn og Fjordane – her har storsamfunnet køyrt over lokale ynske og vedtak i mange rundar. Det finst hundrevis av andre døme, her, 200 kilometer frå Hardanger.

Men ingen osloforfattarar eller næringslivtoppar kjem for å lenkje seg fast utanfor stoveglaset mitt. For dei skal til Hardanger. Og dit skal dei ikkje fordi denne saka er ei så viktig sak for den norske periferien, for då hadde dei ikkje kome. Dei skal til Hardanger fordi monstermastesaka har vorte ei nasjonal sak, fyrst og fremst drive fram av oslomedia. Sjølvsagt var det svært godt organiserte lokale krefter i Hardanger som starta det heile. Ei nasjonal sak vart likevel ikkje dette før osloavisene, godt hjelpte av Bergens Tidende, oppdaga at saka kunne dreie seg om noko anna enn naturvern – ho kunne brukast til å skandalisere regjeringa.

Hardangersaka er ikkje lenger ei sak der sentrum står mot periferi. Det er i staden sentrum som står mot sentrum, det vil seie sentral mediamakt mot sentral politikarmakt. Vestlendingar nord for Bergen gjev stort sett blaffen i mastene over Hardangerfjorden. Dette er ikkje nokon typisk konflikt mellom Austland og Vestland, og å forklare luftlinemotstanden i Hardanger med vestlandsfanden og gamle motkulturar er uvanleg malplassert. Hardangersaka har aldri vore ei vestlandssak, ho sameinar ingen vestlandsinteresser. Ho vart ei sak for vestlandsfylka utanfor Hordaland i det ho vart ei nasjonal sak.

Ein må knise litt når Trine Eilertsen, redaktør i Bergens Tidende, og resten av det bergenske næringslivet hyllar kraftlinemotstanden i Hordaland som periferiens oppgjer med sentrum. Korkje hardingar eller andre vestlendingar har nokon grunn til å tru at støtta som periferien har fått frå bergensblårussen i denne saka, er verdt noko som helst i ein vidare og meir prinsipiell konflikt mellom sentrum og periferi. Avispipene i Bergen og Oslo får ein heilt anna lyd når krava om sjølvsbestemming gjeld lokalsjukehus, kommunesamanslåingar eller vern. Den uheilage alliansen om Hardanger er fornuftig no, men vil aldri kunne brukast til noko meir.

(Nationen, 21. august 2010)

For ein gongs skuld har Svein Gjerdåker ein god leiar i Dag og Tid (nett no ikkje på nett). Han handlar om “Estetikk som eigenverdi”. Konteksten er Hardanger og haldninga tvisynt. Den siste setninga lyder: “Bygde-Noreg må rustast opp estetisk og visuelt – ikkje raserast endå meir.”

Kanskje er leiarteigen skriven i høve av at eg og husbonden nett i dag har budd ti år i Jostedalen. Ei mørk augustnatt i 2000 sat (mellom anna) han Peder og Harald i Kroken på troppi på Snøtun og venta på å få bere inn pianoet vårt. Me gratulerer oss sjølve med eit uforskamma godt livsval.

Eg veit heller ikkje om det er i høve denne feiringa at også eg har skrive om kampen i Hardanger. Men det har eg altså, og det kjem i morgon. Eit perifert blikk på periferiens kamp mot sentrum, liksom.

By- og bautanytt

Nei, no må eg byrje å tøffe meg litt att.

Eg er i Dale, Sunnfjord, ei helg i året. Det var førre helg, under Dalsfjordveka. Dalsfjordveka er er ei slag blanding av Trebåt- og Bjørnsonfestivalen. Og Rissamartnan. Dale er i det heile ein kulturhovudstad, og ein vassar såleis i minnesmerke, byster og bautaer. Berre i sentrum finn me desse:

Jakob Sande (1906-1967) i Sivert Donali sin skapnad. Attom ser me lageret til Samvirkelaget.

 

Jakob og samyrke

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Meir Jakob Sande nedanfor. Dette er den omstridde bysta, laga av Waldemar Hansen. Sande var sjølv til stades under avdukinga, ikkje lenge før han døydde. Bysta skulle kanskje flyttast for eit par år sidan, men nokon meinte ho stod så fint der ho stod at det ville vere å kaste vrak på kulturarven å flytte henne. Bak er Fjaler Ungdomsskule. Der gjekk eg. Det var no sånn heilt passeleg. (Kom brått i Knausgård-modus.) 

 

 

Jakob og ungdomsskulen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her skulle bysta eigenleg ha stått. Kommunen har visst svidd av nokre kroner på denne sirkelen, ved Badet (gamle barneparken. Dei syttitalsungane som ikkje gjekk i barnehagen, var oppbevarte der. Eg meiner å hugse at det var skumle ungar.). 

 

 

circles in the sand

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Så kjem me til ein klassisk norskdomsmann: Ragnvald Fagerheim (1883-1961). Han underviste i landsmål før heradet hadde gjort formelt vedtak om det. Her står han i Klokkargarden, og bakom er det kaféliv, ripsbusker og sveler etter Marit Risnes si oppskrift.

 

 

Ragnvald

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nikka Vonen (1836-1933), nedanfor, var målkvende og skulegründar. Son til ovannemnde Ragnvald, nemleg Magne Fagerheim, har skrive ei fin bok om skulehistoria til Fjaler. Der har Vonen ein sentral plass. Steinen hennar står på Steia, på garden der ho dreiv jenteskulen sin.

 

Vonen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

“Nei, ta det med ro småsveinar, trø stilt på jord./Eg har reist mine bautasteinar i ord.” Men til slutt ein bautastein i stein. Frå jarnalderen, jamvel, der han står ved kommunehuset, formelt ‘Fjalerhuset’, uformelt ‘Bygget’. Ved bautaen utanfor Bygget var det ofte lett å finne firkløver, av ein eller annan grunn.

 

 Jarn

Det ligg i ordet: Agurktida er ei tid for dyrking av det gode liv på landets grøde. Iallfall om ein skal tru avisene sine livsstilssider, med tips om norske bygdeperler, gardsferie, historiske hotell, fjelltur og kystkos med tilhøyrande ganefart, matvegar, kulinariske løyper, godt norsk og smaken av Noreg. I dei glansa magasina skal det vere nært, norsk (men òg gjerne toskansk, ein er ikkje alltid så nøye på det), slow og økologisk. 

Denne veka melde mellom anna Aftenposten om eit statleg utviklingsprogram for matspesialitetar i landbruksnæringa. Av nisjeprodukta som er nemnde, er nokså kjende matvarer som smør frå Røros, sider frå Hardanger og geitost frå Undredal i Sogn. Aftenposten-journalisten kan likevel ikkje dy seg – han minner om satsinga på lama og tilsvarande nisjar på nittitalet, og ymtar om at det kanskje etterkvart går den vegen strutsen sparkar med ost og epledrykk òg.

For det er lett å ironisere over norsk landbruks rognebærgele, flatbrød og krydderost. Slow food- og lokalmattrendane har ikkje dei same føresetnadene her som i pionerlandet USA, der marknadene er mykje større og det konvensjonelle landbruket langt meir industrialisert. Så når ein sunnfjordsk gründerbonde smiler frå avissida med blåmyglosten frå Dagros i den eine neven og strandlaukpuréen i hin, er det lett å få vondt i magen: Me ser alle kor utenkjeleg det er at slike produkt nokon gong kan gje eit levebrød. Den urbane middelklassen græt sine krokodilletårer for kortreist kantarell og nisjeneslesuppe, men til no har vel ikkje matsnobbane i slowfood-rørsla vore nemneverdig på bana i spørsmål som gjeld livsvilkåra for norsk småskalalandbruk og for norske småbygder.

Somme går så langt som å hevde at norske bønder er lurte av landsbruksstyresmakter og verkemiddelapparat til å satse på moterette, men livsudugelege nisjeprodukt i staden for tradisjonell jordbruksproduksjon. Eg veddar ei kasjmirgeit på at slike synspunkt vil kome fram att no, etter at utviklingsprogrammet for nisjemat har sett av 62 millionar for 2011 for å gje draghjelp til småprodusentane.

Men kritikarane har ein tendens til å karikere. Sjølvsagt kan satsinga på geitepølse og bergmyntete aldri kunne kompensere for den generelle nedgangen i norsk landbruk. Når krava om auka lønsemd i det konvensjonelle landbruket vert møtte med at ein heller må satse på ost og vin, gjeld det å ikkje bli bondefanga, og i staden halde oppe bondefana. Samstundes skal ein sitje langt unna norske småbygder for å avvise alt som gjeld produksjon av lokal nisjemat. Me som bur i småskalalandskapet, ser kor viktig det er at gardbrukarar nyttar ressursar og røynsler til å vidareutvikle matproduksjonen på garden og i grenda framfor å finne seg ein jobb på næraste kommunale kontor.

I Luster, heimkommunen min, er nisjeproduksjon av frukt- og bærvarer ein aktivitet som kjem på toppen av landbruket som elles vert drive, og i beste fall er det òg med på å styrke jordbruket her. For den vesle sognebygda Undredal er lokal osteproduksjon ein hjørnestein. Og ja, desse døma gjeld små bygdelag og dermed få menneske. Men at det gjeld få, vil jo ikkje seie at dei ikkje gjeld. Nisjeprodukta er ikkje redninga for norsk landbruk, men kanskje har dei vore berginga for nokre norske bygder. Det er eigenleg nok for meg.

(Dagens Nationen-kommentar er illustrert med ein gul, saftig kantarell over ei trefjerdedels avisside.)

Mørke julinetter

Me kom att for nokre timar sidan. Det har vore ei veke og 2200 km i (og til og frå) Trøndelag. Trondheim-Stjørdal-Steinkjer-Grong-Namsskogan. Strompedal, Finnvolldal, Bjørhusdal, Brekkvasselv, Lindsetmo. Namsskogan-Høylandet-Foldereid-Kolvereid. Kolvereid-Rørvik-Lauvøya-Rørvik-Abelvær-Namsos. Namsos-Namdalseid-Fosnes-Malm-Follafoss-Verrabotn-Meltingen-Leksvik-Vanvikan og endå ei Rørvik, før Flakk lyser imot oss. Kvite netter med fuglar og mygg. No verkar krundalsnatta så mørk og still.

Aglurk

Det er mange lure nyhende no om dagen, og her kjem ei til. 

Det er mi plikt å informere om at dei to luringane på biletet har lånt det omtala instrumentet frå ein skrekkslagen husbond. Det vart forært honom for tapper innsats etter 125-årsjubileet i Det norske samlaget i 1993. No er han redd for at det skal verte kverrsett som daudeleg våpen av det sørafrikanske avinor. Eg er naturlegvis likahendt.   

Tingen kjem elles ikkje frå Joste-, men frå Østerdalen. Eg veit ikkje om lurblåsing er typisk jostedalstradisjon. Eg har iallfall aldri sett nabokjeringi med lur på kjøkenet, og det seier sitt.

I går var det sesongdebut med kortebukse og tetrøye på jogg i Krundalen. Stank av sommar. Den aller fyrste løvetann nett frammai Heljegarden. På alle gardar folk ute med kaffi. Solvegg jamvel på Bergset. Poteåkerlukt innunder Myrebø. Som vanleg mykje folk i grovatunet, mange mann i arbeid i Midtgrov, koppar i Connie-garasjen på øvste, meir labert kring nedstestova. Fresing i motorsag frå stølssida. Lysthus med lilla blomar på Snøtun. Angen av reine klede frå turkestativet på Kruna. Trampolinerop.

Det er mai, og det er maidikt. Georg Johannesens ‘Regnbue’ er samstundes så snilt og slemt:

Hvitt hvor han elsker deg hvitt
I snøens snø:
Som kalkmur av hvit hud
i fosser av marmor
Som morsmelk og svaner
skum, skyer og hagl
som tenner og harer
papir og albino

Rødt hvor han elsker deg rødt
I blodets blod:
Som kyssmunn av rødvin
Tomater av jordbær
I seks eller syv slags roser
Som neonlys for en nødutgang
I hummer, nyper og paprika
og røde første mai-flagg

Gult hvor han elsker deg gult
I solens sol:
Som villstrå av gult hår
du gullring av honning
Som tiriltunge og løvetann
Som eggeplomme og kylling
Som smør og tiger
bananer, sitroner

Svart hvor han elsker deg hvitt
Orange, fiolett i svart
Fra infra til ultra
i ildbuens regnbue
Som graver av asfalt
i brennende regn
som varm svart søvn
i soler av aske

Blått hvor han elsker deg blått
I himmelens himmel:
Som havstrøm av blåklokker
i bekker av fioler
Som innsjøer, elver
blekk og vener
i blokkebær og blåbær
og blonde barns øyne

Svart hvor han elsker deg svart
I nettenes natt:
Som nonne og neger
i trykte bokstaver
Hvitt hvor han elsker deg svart
Orange, fiolett i hvitt
Fra ultra til infra
i regnbuens ildbue

(frå Nye Dikt 1966)

Rupeungane i Jostedalen viser Vedatjuven og den løgne familien 1. mai klokka 17.00 i Dølaheimen.

Dette er ei framsyning bygd opp rundt tradisjonsmusikk og dans frå Jostedalen, Sogn og Vestlandet. Rupeungane fortel historia om den late vedatjuven, om kona hans som lagar ungar av vedkubbar – og alle ungane deira med lus og lopper. Historia vert fortalt gjennom songar, slåttar og skjemtestev, songdansar og runddansar og dramatisering. Tidlegare Rupeungar er med på fele. Songane denne gongen har me stort sett lært av Kari Malmanger, ein av Vestlandets fremste folkesongarar.

Ein må sjølvsagt ikkje gløyme å fyrst ete middag på Breheimsenteret, som opnar for sesongen. Sommaren er her! Kaffien, kaka og safta tek du i Dølaheimen etter at Rupeungane har sunge sitt. Me vonar mange vil kome, ikkje berre dei som har eit barnebarn eller ein tantunge i ensemblet!  

Rupeungane er no tretten ungar frå Jostedalen mellom 4 og 9 år. Me starta opp hausten 2006, og mange av dagens ungar har vore med alle fire åra. Det har vore fire år med mykje knising og mykje knuffing og truleg mykje kjefting (frå meg) òg, men mest av alt har øvingane vore vekesvise stadfestingar på kor bra humor ungar kan ha og kor mykje tolmod og omsorg dei har for kvarandre.

Dei største Rupeungane deltok på fylkeskappleiken med både fele, samsong og songsoli for tre veker sidan. Nedanfor er to slike raudøygde kappleik queens.

 

rupis på kappleik

« Older entries