Vise ved vintersolkverv

 

Helge Stangnes sine dikt er tonesette av både Hekla Stålstrenga og Moddi. Denne er på fyrstnemnde si siste plate, Dyrandé (2013).

No sløkkes en dag som så vidt rakk å gråne
og vise fram landet ei skjømmingsblå stund
og gjømt attom fjellan i aust står en måne
som snart skal strø sølv over fjorda og sund.
I sør ligg ei strime av lys over tindan
der dagen blør ut før han slokne førr godt
og vi står igjen med oss sjøl og med minnan
i mørketidslyset der allting blir blått.

Så kom og vær nær meg – vær sol i desember
når midtvinterstanka tar rom i mitt sinn
førr året må føle sin kurs og kalender
og stian blir tungtrødd når lyset førsvinn.
Men hold meg i handa og lær meg å vente
på solkvervingstimen då allting skal snu.
I mørketidslyset e varme å hente
førr den som har mot tel å trosse og tru.

Ja, streif mine strenga og løys i meg tonen
tel landet som kvile ved midtvinterstid
la mørketids-tankan og haust-depresjonen
få vike førr strofe av blå poesi.
Vi leve med rest av en sommar i minne
i lengting mot daga vi ikkje har fått
men kjem du meg nær skal vi solvarmen finne
i mørketidslyset der allting blir blått.

 

  1. mannemi’s avatar

    Nydeleg vinterjenta i vinterland ! Godt nytt år til dykk frammi dalen 🙂

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *