Store klasar

 

Månadens dikt er ei påminning om kor godt det er med to meter snø og den ømmaste nymånen i januar.

Eg møter folk med paraplyar
nesten over alt
i denne tida med regn
i alle variantar,

meir regn enn nokon
har sett i januar,
visstnok. Me
hufsar på oss

og tenkjer på
kvite dagar og
netter med store klasar

av stjerner. Nymånen som
profilerer sin ømmaste
boge i kveldinga.

Per Olav Kaldestad (frå Kjærlege posisjonar, 1988)

  1. Ragnhild’s avatar

    Nemleg!

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *