Song til gitar

No har NRK lagt ut Jakob Sande – på heimlege tufter frå 1990: https://tv.nrk.no/program/fsfj00000590/jakob-sande-paa-heimlege-tufter

Slik omtaler NRK programmet: Vi er på Bygdakveld i Dale i Sunnfjord, fødestaden til Jakob Sande. Her presenterer seks «lokale krefter» eit knippe Sande-tekstar. Vi får høyre om han Simo i Støa og katten, ho Kleppe-Maret frå Kleppeskaret, Kleng Spelmann og mange fleire av Jakob Sande sine kjende typar. Ved Erlend Hagen.

Og jammen spelar ikkje ei av desse unge kreftene gitar også, innimellom. Kva høver ikkje betre då enn at mai-diktet er Jakob Sandes «Song til gitar»?

Song til gitar

Min fred frå mitt hjarte er faren,
eg ligg vaken kvar einaste natt
for eg miste min ven, og gitaren
er den einaste ven eg har att.

Når eg ligg utan lindring og lise
og eg tenkjer på tida som var,
vert mi sorg til ei jammerfull vise
som eg syng til min sprukne gitar:

«Det var sol, det var vår, det var mai,
og dei glade småfuglane song,
då eg møtte matrosen Olai
på ei sjapp nedpå hamna eingong.

Som ein prins han i dansen seg svinga,
i sin skinande blå busserull,
han bar hatten på snei, og på bringa
bar han knappar av puraste gull.

Vi gjekk to-eine saman på stranda,
medan natta stod tagal og still,
og der gav eg han hjartet og handa,
og, Gud hjelpe meg, endå litt til.

Eg fekk syljor og gullring på fingen,
og min munn den vart flitteleg kyst,
eg fekk blomstrete sjald, og på ringen
stod eit ankar av blå ametyst.

Men då tida til jonsoke lakka,
dovna plent han Olai min av,
og ein dag han sin sjømannssekk pakka
og drog ut på det brusande hav.

Eg skreiv brev etter brev for å nå han
og eg venta med tolmod på svar,
men eg høyrde kje meire ifrå han
og Vårherre vet best kvar han var.

Eg låg einsam i haustnæter seine,
medan båra mot svadberga slo,
men eg vart ikkje lenge åleine,
for då vinteren kom var vi to.

Men det kors som eg fekk til å bere
var mi livsens den syndige frukt,
som eg no skulde livsleida lære
uti Herrens formaning og tukt.

Eg sat bøygd over symaskinsveiva
for å tene mitt brød på ei vis,
men til natta eg ungen min reiva
og gjekk dit der dei frelste syng pris.

Og den syndige lyst uti kjøtet
som eg enno i sjela mi bar,
ho vart drukna og døyvd der på møtet
når eg syngjande slo min gitar.

Og når frelst og frimodig eg vitna
um Olai som var meg so kjær,
var det plent just som taket hans slitna
og eg kjende kor nåden var nær.

Men når søvnlaus på lega eg vrei meg,
kom min tapte Olaimann att,
og dei sorgsøte vårminna rei meg
gjennom heile den langsame natt.

Ja, dei minna dei rei og dei ri meg
liksom sugande sår i mitt sinn,
og hans velfar i sjela mi svi meg,
so eg veit korkje ut eller inn.

Men i desse dei sorgtunge næter
er gitaren mi einaste trøyst,
for når hugsprengd eg spelar og græter,
vert mi sorg som i tonar forløyst.»

Frå Sunnfjord til Rio (1933)

 

 

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *