Jostedalsrypa · Kjerringøy i juni (og juli)

Kjerringøy i juni (og juli)

At junidiktet kjem langt ut i juli, skuldast ein omfattande helgelands- og saltentur. Heldigvis var det ein tur som inneheldt så mange lokasjonar for både klassikarar i den nordnorske viseskatten og i den norske salmeboka, at eg kan dra til med ei av desse perlene som kompensasjon for seindrektigheiti.

Somme vil likevel påstå at Kjerringøy som stad er betre enn Kjerringøy som vise, iallfall den til Halvdan Sivertsen, og difor har me starta med med eit bilete av ei lita kjering på den store Kjerringøystrondi.

Og så vidare til Sivertsens «Kjerringøy» frå Førr ei dame (1989):

Å gå i land på Kjerringøy den første junidagen
Mens sommern enda nøle og står nervøs og var
Mens vårn har pynta podiet og står med sug i magen
Og sjøfuglan og sola si at lyd og lys e klar

Det skjer førr åpen scene her når mai ska bli tell juni
Når vår og sommer møtes i heftig kjærlighet
Æ går omkring i underet, finn fuglereir med dun i
Så møte æ en maler, en som bor her, en som vet

Her ser æ hus full av levd liv og lengsel
En drøm om ei mjukere tid
Som æ går og leve i

Æ går langs kvite strender nu og trur på morradagen
På havørna og himmeln som blir her når æ drar
Å gå i land på Kjerringøy og stå med sug i magen
Mens sjøfuglan og sola si at lyd og lys e klar

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *