Friluftsliv

You are currently browsing the archive for the Friluftsliv category.

Syden på stølen

Haugafjellstølen 15. august, 750 m.o.h. Siste dag i skuleferien vart feira på nærstølen med fiske, frausk og friske symjetilhøve saman med tretten ungar og elleve vaksne.

2010-08-15_00472010-08-15_0010

 

 

 

 

 

 

   

 

 

2010-08-15_0026

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

2010-08-15_0024

 

 

 

 

 

 

 

 

2010-08-15_0043

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

2010-08-15_0058

 

 

 

 

 

 

 

 

2010-08-15_0068

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

2010-08-15_0072

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

2010-08-15_0074

 

 

 

 

 

 

 

 

2010-08-15_0080

 

 

 

 

 

 

 

 

2010-08-15_0067

Fisk og måse

Eg har valt dette Jakob Sande-diktet i høve brekurset med Noregsguidane som eg har vore på. Og avbrote. Stortåa sitt fordømte grunnledd er likevel ikkje det som konnoterer lyr og sei. Det er sjølvsagt det at eg mot alle odds har lært meg dobbelt fiskeknute. Me kan òg seie at diktet er i høve måsen over Bøverbreen. Eit framandelement er han, men likevel ikkje så ille som helikoptera som dura mellom Krossbu og Skogadalsbøen med halvliterarar og ved (?).  

Sommarfiske

Å nei, for ei makelaus moro det var
å flakke på fjorden som fantefri kar
når sjøen låg solblank i juni,
og vasse ved strender av taremjuk leir
og leite fram bortgøymde sjøfuglereir
som varme, små groper med dun i.

Men likast av alt slik ei midtsommarstund
var likevel leiken i pollar og sund,
når silda tok land, som det hende,
og farty kom saman frå sør og frå nord
mot notfolk og skjeggete basar ombord
som kyndig på loddlina kjende.

Og straks vi av fuglen fekk varsla og frett
at no var eit steng bort i pollane sett,
då var vi der alle på timen
og la oss ved notveggen, båt etter båt,
med festa i kavlen og ripa innåt
den sylvblanke småsildestimen.

Og skytett oppover det aulande stål
stod måsen og flaksa med skriking og skrål,
og stupte i nota som galen,
og utanfor notveggen, storøygd og stinn,
i nyttelaust stræv for å komme der inn,
stod lyren og seien og palen.

Der stod han for matfatet, svolten og snak,
og straks vi frå nota i agnsild fekk tak
flaug vegna vår handfritt frå borde.
Og nett då vi steinen kontant slepte i,
vi mulla ei urlita bøn og sa tvi,
nett slik som dei vaksne det gjorde.

So låg vi for ripa med reiskapen vår
og såg ned i sjøen, uendeleg klår,
kor agnet vårt skinande søktest,
og flakkande skuggar sveiv til og i frå,
og stana ved agnet vårt ender og då
til dess det kom bort som det sløktest.

Då var det eit bask so det skvalpa i sjø,
det skein i ein fiskebuk, drivkvit som snø,
so bar det i med å hale,
snart hardt so vi oppreist i båten laut stå,
og snart laut vi gje oss og slakka litt på,
for greiene våre var skrale.

Og når han so endeleg vassmålet tok,
og dansa so sjøen ikring stod i kok,
laut kleppen i sving før han stoppa,
og fyrst han var kleppa var saka blitt grei,
og snart låg ein velvaksen lyr eller sei
og sprala so tiljene hoppa.

Slik låg vi forkava kring nota i ring
og gløymde bort dagen og verda i kring,
- kvart kastet med spaning oss fylte,
fornøgde med livet og sutalaust fri,
- det var berre sola og måsen og vi,
og fisken som lokka og trylte.

Og når vi omsider mot kvelden sa stopp,
og trøytte for dagen drog vegna vår opp,
var fisken lagd bak i ein dunge,
og når so til sist heim i støa vi kom,
var bakskuten full nok, men magen var tom,
og augo var søvnsmå og tunge.

Or Guten og grenda (1945)

Dagane er både raske og dovne i april. Eg får seie som mellomsyster (6) sa i ettermiddag: – I dag har eg gjort ein bra ting og ein ikkje så bra ting. Eg har lært meg å sykle, men eg har òg gått i nattkjole til midt på dagen.

Det store norske aprildiktet er skrive av årets diktarårdiktar, men det får bli ein annan gong. Bjørnstjerne Bjørnson ser ut til å ha spesialisert seg på lyriske april-utgytingar, her er til dømes “Norsk natur” frå 1869. Åtvaring: 12 strofer. (Det er som vanleg forvitneleg å jamføre Bjørnsons nasjonalistiske lyrikk med Ivar Aasen sin som han vart uttrykt i Symra seks år før.) 

Så synger vi på vor tur
i Norges herlige natur.
        Lat tonen sig stille slynge,
        som farve frem over gynge
på fjord, mod strand og skog og fjæld
og blåne i naturens væld.

Det varme i folkets trang,
det stærke, dybe i dets sang,
        her slår det sit øje mod dig,
        som netop det nu forstod dig
og gav for mødet, som det fik,
af al sin kærlighed et blik.

Her vågned historien først,
her drømte Halvdans hjærte størst.
        I synet, han her så stige,
        han aned det hele rige,
og Nore stod og gav ham bud,
og vandet viste længer ud.

Her sangen må føre frem
det hele billed af vort hjem!
        Slip stormen ind i det stille,
        led magten ind i det milde:
når landet samles, skuer hver,
at vor historie det er.

Det første, vi stævner til,
er hundre havne i april.
        Der møder vi myge tanker,
        når flåden skal lette anker,
og førti tusen mand ombord
bær Norge i sin bøn rundt jord.

Se kyster af bare skær
med måger, hval og fiske-vær
        og fartøj ind under øen,
        men båder ud over sjøen,
og garn i fjord og not i sund
og hvid af rogn den hele bund.

Se Lofotens vilde kav,
hvor klipper stander midt i hav.
        og skodden rundt toppen driver,
        men havet ved foden hiver,
og alt er mørke, sagn og angst,
men midt i kavet båd på fangst.

Her ser du en ishavs-far’,
i sne og halv-lys han sig drar.
        Fra tønnen det snart befaler,
        og båd-lag mod isen haler,
og skud i skud og sæl i sæl,
og marv og mod i krop og sjæl.

Så beder vi os til kvælds,
hvor hele bygden er til fjælds,
        på sætern med mælke-stellet,
        på fjæld-slåt ind under heldet,
og hvor en længsels-lok på lur
får svar ifra en stor natur.

Men hurtig vi må afsted,
skal allesteds vi være med, -
        i berget, hvor malmen tages,
        på fjældet, hvor renen jages,
og did, hvor elven skum-hvid går
og flødern på sin planke står.

Og stanser vi atter her,
de brede bygder får vi kær’,
        hvis bønder så stille bære
        den troskab, som er vor ære,
og som til fædre stor-mænd har,
hvis glans vor morgen-røde var.

Så synger vi på vor tur
i Norges herlige natur.
        Vort arbejd for øjet skinner,
        vor fortid fra haugen minner,
og fremtid skal af landet gå,
så vist som Gud det stoler på.

Det var litt av ei salve. “Vor fortid fra haugen minner?” Ein kan nesten mistenkje Tor Jonsson for å ha skrive sin vene, vidgjetne “Norsk kjærleikssong” som ein hjernevaska kommentar til Bjørnsons “Norsk natur”:

Eg er grana, mørk og stur.
Du er bjørka. Du er brur
under fager himmel.
Båe er vi norsk natur.

Eg er molda, djup og svart.
Du er såkorn, blankt og bjart.
Du ber alle voner.
Båe er vi det vi vart.

Eg er berg og naken li.
Du er tjørn med himmel i.
Båe er vi landet.
Evig, evig er du mi.

Og sidan me (eg) no ein gong snakkar om lyrisk intertekstualitet, må det til slutt nemnast at Øyvind Berg har kommentert Tor Jonsson:

Du er dop
Jeg dopa
Vi er tropisk
Nord-Europa

Det vart meir av det siste enn det fyrste denne påska, jamvel om eg drog meg opp på den kjende toppen Mannen-skaret i snødriv og null sikt på Langfredag. Men i alle fall har Sogn Avis lagt ut ei sak og ein biletserie frå  årets påskerevy i Jostedalen.

I Kolbein Falkeids diktsamling En annen sol (1989) finst nokre heilt fantastisk gode og vonde dikt som vart til etter at dotter hans døydde:

Iblant, når tilværelsen flyter som tett tåke,
sitter jeg ombord og tenker på livet mitt akterut et sted.
Hvor vet jeg ikke, for ingenting er klart her,
det som er bak kan like godt være foran eller ved siden av
og alle retninger har rustet fast [...]

Falkeids mars-dikt nedanfor er  òg leitt, men likevel ikkje fylt av sorg, meir av regn og grå kjærleik. Og når ein snakkar om regn: Frå mi side av vindauga ser eg fårlege fjell, men gler meg til påske lell. 

Interiør med regn

Byen har dukket hodet mellom skuldrene
og holder den grå frakken av skyer
tett igjen i halsen.
I bakgården trommer dråpene triste regndikt
på et tomt oljefat.
Lønnetreet slår oppgitt ut med hendene
selv om fem våte spurver gjør alt de kan
for å likne løv i mars.

Egentlig er håpløsheten en privatsak
på vår side av vinduet.
Vi snakker ikke det samme språket lenger.
Før brukte vi øynene og fant ikke ord
for det vi så.
Nå bruker vi ord
for det vi ikke ser.

(Frå Opp- og utbrudd, 1978)

Språktreet er kjend, og språkbylgja, og språkplanten, men Saussure nytta breen som metafor for språk(utvikling):

An excellent analogy for related languages is to be found in diverging glaciers, giving an insight into a common origin, new elements, different time periods, without the idea of a living organism.

Iallfall for ein som ikkje er klimaskeptikar må det, med nokre atterhald, kunne gå an å svelgje ei slik avvising av det organiske og naturlege i språkutviklinga?

I dag er det eg som har fått æra av å stå for Dag og Tid si baksidespalte Tre favorittar

Sqauw Valley 1960
Men no skrid Kuppern i Squaw Valley!, skreiv Olav H. Hauge i 1961. Knut Johannesen går sin livs titusenmeter på kunstisen i California og hjarto stoggar i radiolyttarane i hardangerstova.  Ordi fær ein djervare sving, såleis at ingen norsk idrettsutøvar nokon gong har fått eit venare dikt.

Innsbruck 1976
For Ragnar Hovlands hovudperson i Sveve over vatna (1982) vert OL i Innsbruck ein nedtur. Årsaka er ikkje fiaskoen til Oddvar Brå, men Sandra, som har så vakker rompe at snøen smeltar, men som ikkje er interessert i OL. Når vår mann høyrer på skøyteløp, meddeler Sandra at ho liksom ikkje synest dei har kome ”så jævli mye videre” i forholdet. Eit olympisk varsel om forgjengeleg kjærleik .

Oslo 1982
Det var rett nok ikkje olympiade, men for eit VM! Gullfebern herja, og fem år seinare kjem ein feberheit kjærleiksroman som startar i skoddehavet under storbakkehopprennet i Holmenkollen. Publikum ventar på start nummer 48, Masahiro Akimoto, i det ein knallhard snøball med perfekt skru treffer Nelson frå Brasil midt i panna. Meisteren bak kastet er oslojenta Hildegun med raudt hår og overbit. Medan Matti Nykänen hoppar til gull vert sekstenåringane kasta inn i kvarandre, og for meg, som var femten og korkje frå Oslo eller Rio, var Jon Michelets Den flygende brasilianer kjærleik ved fyrste treff.

Utanfor sesongen?

 

bom

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nei då. Det er framleis 3 månader att av skisesongen. Trass i at me i dag hadde sol på huset vårt på Haugamyrane, frå 10.11 til 10.29.  

 

spor

Den norske turistforening (DNT) er ein nasjonalheilagdom. Men ikkje alle bøyer seg i støvet. I romanen Adjutanten skildrar Jørgen Norheim ein tysk gamling som har busett seg på ein fjellgard over Sognefjorden. Ein dag får gamlingen overraskande vitjing av to ukjende damer som utan vidare bed han om kaffi og vaflar med rømme og jordbær. Damene kallar kvarandre Tulla og Vesla og snakkar ”i eit høgt toneleie, svært tydeleg og lett overspent”. Snart går det fram at Tulla og Vesla er fjellvandrarar som har misteke bustaden hans for å vere ei DNT-hytte. Dei går, men bed ikkje om orsaking: ”Nei, vet du hva!”

Dette er karikert. Likevel: I nokre lokalsamfunn har nok DNT vore identisk med dyre anorakkar frå Oslos vestkant som inntek fjellheimen med pengar, men utan kunnskap. Men den siste veka har DNT fått kritikk av andre enn surmaga bygdefolk. No er det dei kule kidsa i friskare delar av friluftslivet, dei med randonnéski og skredsøkjar, som kritiserer turistforeningen.

DNT øydelegg for lokalt næringsliv, seier Trygve Sunde Kolderup, redaktør i friluftsmagasinet UTE. Kritikken går på at DNT er ein så tung aktør med så stor marknadsmakt at han skvisar mindre aktørar. DNT sine økonomiske musklar, delvis bygde på statsstøtte, tek turane og kursoppdraga frå lokale kommersielle fjellføringsfirma –mellom anna fordi DNT nyttar ”friviljuge turleiarar”, som Kolderup seier.

Og han seier det vonleg ikkje forakteleg. For frisk skiboms må ikkje drive ufrisk kritikk av viktig dugnadsarbeid. Ein kan ikkje vere indignert over at folk driv friviljug arbeid fordi dette kan øydeleggje marknaden for kommersielle krefter (om enn aldri så små og lokale). Ofte er då òg dei lokale DNT-folka dei beste. Ein kan iallfall ikkje utan vidare hevde at ein profesjonell, internasjonalt godkjend tindevegleiar frå bygdas kommersielle fjellføringsfirma alltid er meir kompetent enn ein ikkje-betalt turlagsleiarar i det lokale DNT-laget – på turar i nettopp hans område.

Likevel er det på sin plass å diskutere DNT si rolle i norsk fjellheim. For nasjonalheilagdomen er eit troll med mange hovud. Dei lokale turlaga er ein viktig del av norsk folkerørsletradisjon, med dugnadsarbeid, kulturkveldar og allmenn folkeopplysning. På nasjonalt plan er organisasjonen noko anna. Han er ein sørvisorganisasjon på line med Norsk Automobilforbund – folk er medlemer for å få medlemsfordelar, og han har politiske synspunkt om miljø og naturvern – synspunkt som medlemene lyt svelgje om dei òg vil ha hyttehermetikk. Og ikkje minst er det sentrale DNT ein kommersiell reiselivsaktør som driv i serverings-, overnattings- og fjellføringsbransjen i distrikts-Noreg, og som tevlar knallhardt og høgst uheilagt med andre. Det er når dette sentrale DNT brukar eigne ikkje-lokale førarar i område der det alt er stor tilgang på meir kompetente, kortreiste guidar, at røystene hevar seg.

Og kritikken trengst. Nasjonalbiletet av DNT som berre idealistisk og nikkersaktig velmeinande bør redigerast. Og han trengst, fordi det etter kvart er mange mindre aktørar som murrar. Eg legg til grunn at også DNT meiner at lokale guidar er betre enn ikkje-lokale. Såleis kan eg ikkje skjøne anna enn at organisasjonen har eigeninteresse i å svi av nokre hermetikk-kroner på å leige lokale, kommersielle førarar. På det viset vil DNT byggje fjellsportinteressa kringom i norske bygder.

Dette er dagens Nationen-spalte. Denne veka har det gått eit ordskifte i Aftenposten mellom Kolderup og Merete Habberstad, infosjef i DNT. Her er svaret frå Habberstad, og her er Kolderups nye svar til Habberstad.

Ein køyretur heilt legitim.
Ettermiddagen er dim.
Slik vert det fort eit lite rim.
November er i grunn sublim.
Iallfall med så mykje rim.

(No skal eg heim til mannen min.)

 

rim myklemyr

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

rim prestegard

 

 

 

 

 

 

 

 

rim låvebru

« Older entries