Die Verwandlung

Jon Fosse har omsett Franz Kafka, og les si eiga omsetjing høgt! Og eg får lese med.

På torsdag les me Forvandlinga og andre forteljingar minutt for minutt. Det startar med Fosse frå Grotten, held fram med vidaregåandeelevar frå Stord og så er det grand finale på Jostedal hotell.

Torsdag time for time frå klokka 12 altså, på Nynorske klassikarar si facebookside. Sendinga frå Jostedalen startar ca. 16.30.

Ein kan også lese om prosjektet på framtida.no: «Jon Fosse seier sjølv at han takkar nei til nesten alle invitasjonar han får, anten det gjeld å lesa opp, halda føredrag eller å sjå nye produksjonar av stykke. Denne gongen gjer han eit unntak. – Det får gå som det må! seier forfattaren sjølv om opplesinga.»

Her er saka i Sogn Avis, og her er opptaket. Fres og les!

 

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *