Alt lyset på nest siste desemberdag

Når Kjartan Hatløy kjem med ny bok, får eg henne av mamma til jul. I 2011 kom Fjord, i 2012 Kjøkkendikt, i 2014 Mi meinings hus. Det er verkeleg gode dikt og gode samlingar. I år har Hatløy gjeve ut Den kvite vegen. Stemningar frå Salbu. Hans «Salbu» er nok ikkje er det same som Jakob Sandes «Salbu strand» i diktet Då Gud heldt fest i Fjaler. Hatløy diktar no òg frå Fjaler sin grannekommune Hyllestad. Likevel er det som om den kosmiske omskapinga av den jordiske Salbu strand syng med i dikta i Den kvite vegen, men likevel på ein stillare, meir kvardagsleg og kvit måte enn det høgtidlege, festlege og fargerike hos Sande.

Dei haustmagre svarte trea oppe på åsen er
ikkje min dag sine tre. Alt lyset på nest siste desember-
dag er ikkje mitt. Då eg står og ser, byrjar trea ein stutt
svevn midt på dagen. Ei minimal sky over India pustar
for dei.

Trea har også eit liv å leve. Det veit ingen, at nokre tre
er mine. Kvar desse står, veit berre eg. Mine syg ikkje
vatn, men purpur, jade og gull, framfor alt: dagar.

Så stilt ettermiddagsmørkret fødest! Det kjem sivande
ut frå klaka mark, ut frå ti tusen nakne greinrike, ut frå
kosmos sin nære vilje.

Ein ramneflokk kjem til synes med lia som bakgrunn.
Den flyg særs ivrig, men merkeleg nok sakte likevel.
Vestover fer den, mektig, ikkje berre talrik. Fer i ein
slags slumpens formasjon først. Så formar den tjukke
søyler i lufta, vert nokre augneblinkar ein omvend pyra-
mide, nesten perfekt, den stig femti meter, så opp gjerne
femti til. Det siste eg ser av ramnane, er at dei passerer
øvste topp og har klumpa seg saman til eit heitt, ham-
rande, flygande hjarte.

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *