Poesi, publisering og ein plan

Junidiktet er av ingen ringare enn Mao Tsetung/Zedong. Samlinga Mao Tsetungs dikt vart utgjeven av Gyldendal i 1971. Attdiktinga var ved Kjell Heggestad og Tor Obrestad.

Heilt utan samanlikning vil eg nemne at eg, saman med dei gode kollegaene John Roger Andersen, Jon Gunnar Nesse og Torbjørn Årethun, nett har redigert og gjeve ut Immateriell kapital – Fjordantologien 2017 på Universitetsforlaget, og at Gudrun Kløve Juuhl og eg like nett har publisert artikkelen Bokmålsavvik frå nynorsknorma i sjetteklassetekstar i Maal og minne nr. 1/2017, men det er ei utgåve som framleis har klart å gøyme seg frå det store internettet.

Så då tek me heller litt Mao, klypt elegant ut frå Nasjonalbibliotekets fantastiske arkiv (og ps: Eg har segla under Den Lange Brui og gjennom Wushan-passet).

 

 

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *